No vil jamvel Rema-sjefen ha en lov om god handelsskikk

HENGER SEG PÅ: Rema-sjef Ole Robert Reitan går no inn for å lovregulere korleis daglegvarekjedane opptrer. Berre Norgesgruppen er motstandarar, skriv Nationen. Foto: NTB Scanpix.
HENGER SEG PÅ: Rema-sjef Ole Robert Reitan går no inn for å lovregulere korleis daglegvarekjedane opptrer. Berre Norgesgruppen er motstandarar, skriv Nationen. Foto: NTB Scanpix.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter veker med debatt om matprisar og matmakt går Rema-sjef Ole Robert Reitan no ut og støttar innføring av lov om god handelsskikk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det skriv Nationen lørdag.

– Loven vil kunne ta bort mykje av mistenksamheita kring bransjen. Me bør gjera det me kan for å hindre at debatten blir kunnskapslaus, og basert på antakelsar og mistenksamheit, seier Rema-sjef Ole Robert Reitan.

Han avviser at han har vore motstandar av loven, slik Brennpunkt-dokumentaren til NRK denne veka gav inntrykk av.

– Eg har aldri vore mot lov om god handelsskikk, men hatt eit avslappa forhold til loven, seier han.

Les også: Rapport: Kjedene tjener mer enn produsentene på økte matpriser

Forbod mot kjøp av hylleplass

Eit utkast til lov om god handelsskikk vart lagt fram av Daglegvarelovutvalet i april 2013. Reitan peikar på to punkt som ikkje er omfatta av lovutkastet, og som han gjerne vil ha inn i loven.

– Loven bør innehalde eit forbod mot å kjøpe seg hylleplass, som er eit typisk forhandlingspunkt. Kvar varene blir plassert i hylla bør bli avgjort av kundane, og ikkje av kven som har mest betalingsevne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag betaler leverandørane seg inn i hyllene for å få god plassering.

Les også: Utvalg foreslår å kontrollere matkjedene mer

Norgesgruppen er bremsen

Medan Coop alt for to år sidan støtta lov om god handelsskikk, har Norgesgruppen vore motstandar av loven. Konsernsjef Tommy Korneliussen har ikkje endra meining om loven bør innførast eller ikkje.

– Me meiner framleis at det ikkje er behov for ein eigen lov om god handelsskikk som kan skade konkurransen, seier Korneliussen.