Selma Lønning Aarø: «Venstre hånd over høyre skulder» (Cappelen Damm, 282 sider)Innfrir

Innfrir
Innfrir
Artikkelen fortsetter under annonsen

Selma Lønning Aarø gjer all skepsis til skamme

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva gjer ein som bokmeldar når boka du skal anmelde allereie har skapt store, flotte overskrifter og medieomtale så langt trykkpressa rekk?

Då eg fekk Selma Lønning Aarøs siste roman «Venstre hånd over høyre skulder» på pulten, blei det vanskeleg å vere nøytral sidan eg allereie berre hadde lese gode meldingar av boka. Faren for å la seg farge av andre sine synspunkt er alltid til stades, og trong til å skilje seg ut har ein også som bokmeldar. Så eg må innrømme at eg opna romanen med ein viss skepsis.

Det er ein kunst å fortelje ei historie slik at ho verkeleg bergtek publikum. Det er dét som ligg i omgrepet «forteljarkunst»? Historia skal fengje, skape engasjement og trigge lesaren. Etter endt lesing legg eg all skepsisen min til side: Selma Lønning Aarø meistrar dette til punkt og prikke. «Venstre hånd over høgre skulder» trollbind meg som lesar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sorg har ingen alder

Vi møter forsømde Elvira, ei usikker tenåringsjente som strever for å bli akseptert av si eiga mor. Ho kjenner seg uønska, er tunga av skuld, og som lesar er eg redd for utfallet. Altoppofrande Georg tek seg av kona Marta som har Alzheimers. Han tenkjer tankar som er «tabu» og lir av konstant dårleg samvit. Helena er gravid med sin gifte elskar og blir vitne då han stormar ut i vegen og blir påkøyrd før ho får fortalt han om barnet. Bitre, egoistiske Alva har ei eiga evne til å vekke både avsky og medkjensle, og saman utgjer disse personane ein historiekabal som matchar. Alle personane dreg på ei gjennomtrengjande sorg, for alle har dei mista eit eller anna.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I «Venstre hand over høgre skulder» skaper, syr forfattaren saman, og formidlar fire ulike historier på ein måte ein berre må ta av seg hatten for. Det som undrar meg, er korleis Selma Lønning Aarø treff med disse historiene. Ein blir hjelpelaus som tilskodar og verkjer etter å gripe inn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rik på historier

Selma Lønning Aarø har ei forteljarkraft som ein gamal, vis mann. Noko som vitnar om forfattaren si evne til å fange opp, setje seg inn i og formidle andre sine erfaringar. Og kanskje nokon av sine eigne? Symbola og dei litterære bileta er mange. Saman styrkjer dei Aarøs forteljarteknikk og gjer historia lett og tung på same tid.

Forfattaren brukar ein teknikk som kler romanfigurane nakne framfor lesaren på eit vis. Her blir alle nederlag, skavankar, svik, feilsteg og svakheiter blottlagde. Romanfigurane er sårbare og på den måten blir historia nær, ærleg og lett å ta inn over seg. Vi vert innlemma i romanfigrurane sitt inste og det gjer at vi får ei kjensle av å kjenne dei så inderleg godt. Kanskje nettopp fordi ein kjenner seg att?

Selma Lønning Aarø innfrir alle forventningane mine gjennom å gi meg noko uventa. Lagnadene er mange, og uttrykka i sorga sorga like eins. Aarø skildrar dei alle, og skaper god underhaldning. På mirakuløst vis er det like mykje håp som sakn i denne boka.

«Så ga han meg en euro og jeg kastet den med venstre hånd over høyre skulder. Da jeg snudde meg, så jeg at bunnen av fontenen var dekket av glitrende mynter.»

Les fleire bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur