Vil forby gamle bilar for å nå klimamålet

Miljøvernminister Erik Solheim (SV). Foto: Scanpix
Miljøvernminister Erik Solheim (SV). Foto: Scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pMiljøvernminister Erik Solheim (SV) vil gradvis forby bilar med dei høgste CO2-utsleppa. Det er berre eitt av tiltaka for å nå klimamålet.</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dermed kan titusenvis av dagens bilar bli forbodne om nokre år.

– Vi må raskt framskunde overgangen frå dagens bilpark til ein klimavennleg bilpark, seier Solheim til Aftenposten.

Målet i klimaforliket er 30 prosent reduksjon av klimagassane innan 2020, der to tredeler skal takast innafor landegrensene. Ti år seinare, i 2030, skal Noreg vere karbonnøytralt.

Solheim ser også for seg monalege avgiftslettar for elbilar, hybridbilar og bilar med lågt drivstoff-forbruk, kombinert med langt høgare bensin- og dieselpris.

I 2007 slapp bilar og lastebilar på norske vegar ut 10,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er 3 prosent meir enn året før. Auken i bilparken et opp effekten av at nye bilar har lågare utslepp. Biltrafikken står no for 19 prosent av utsleppa i Noreg. (©NPK)