- Det er ikkje sunt å drikke mykje vatn

Du får ikkje nødvendigvis betre helse av å tvinge i deg litervis med vatn kvar dag. (Foto: Colourbox)
Du får ikkje nødvendigvis betre helse av å tvinge i deg litervis med vatn kvar dag. (Foto: Colourbox)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Du får verken betre helse eller vakrare hud av å helle innpå litervis med vatn, viser britisk forsking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi menneske må drikke vatn for å leve. Men kor mykje er eigentleg nok?

Det har lenge vore eit gjentakande råd i helsemagasin og på skjønnheitssidene i glansa dameblad at ein minst må drikke åtte glas om dagen for å få betre hud og helse - blant anna fordi vatnet skal hjelpe kroppen med å skylle ut slaggstoff, hindre dehydrering og dermed hovudverk, og få huden til å sjå sunnare og yngre ut.

No avslører ny forsking på feltet at det ikkje er nokon grunn til at friske menneske skal drikke meir enn cirka ein liter vatn om dagen, melder Forskning.no. Konklusjonen til forskarane frå University of Pennsylvania er at det ikkje finst eit einaste bevis for at vi blir friskare eller vakrare av å drikke mykje vatn.

- Unge jenter suttar på vassflasker konstant, og kjøpevatn blir marknadsført som reint, naturleg og nødvendig, seier Johanne Sundby, professor i samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo, til Forskning.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men eg kjenner ikkje til noko medisinsk grunngjeving for å auke vassinntaket. Etter at flaskevatn blei lansert som eit helseprodukt, har vi ikkje sett noko teikn til at folk er blitt friskare eller yter meir.

Ifølgje Helsedirektoratet må kroppen ha vatn for å kunne ta opp næringsstoff og transportere stoff til dei cellene som treng det. Fordøyinga treng vatn for at vi skal unngå treig mage.

Under normale forhold tapar kroppen mellom to og tre liter væske kvar dag. Noko får du tilbake gjennom maten, mens resten av væsketapet bør blir ersatta med drikke.

Men det er altså ikkje bevist at overdriven drikking har noko helsegevinst.

- Det er berre ved ekstrem varme eller intens kroppsbruk at ein treng å drikke mykje, meiner Johanne Sundby, som tilrår folk å stole på signala frå kroppen og drikke vatn frå springen når ein blir tørst.