Snart kan du lese digitale noveller

Mohsin Hamid er ein av forfattarane som skal skrive digitale noveller for Penguin. (Foto: Scanpix)
Mohsin Hamid er ein av forfattarane som skal skrive digitale noveller for Penguin. (Foto: Scanpix)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Framtidas noveller tar i bruk bloggar og Google Maps.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre av Storbritannias fremste unge forfattarar samarbeider med dataspelutviklarar for å skape digitale noveller, melder The Guardian.

I prosjektet «We tell stories» har forfattarane fått i oppgåve å skrive seks historier som er inspirert av klassiske litterære verk, med innslag av spel, bloggar og internettverktøy.

Den første av dei seks novellene er Charles Cummings' «The 21 Steps», som er basert på John Buchans klassiske thriller «The 39 Steps».

Historia tar i bruk Google Maps og Google Earth for å følgje spora til ein forvirra ung mann som blir vitne til eit mord og som blir tvungen til å smugle ei mystisk væske ombord på eit fly.

Det er forlaget Penguin har starta prosjektet, i samarbeid med eit selskap som lagar såkalla «verkelegheitsspel».

Andre forfattarar som skal delta i prosjektet er Toby Litt, Naomi Alderman og Mohsin Hamid, som i 2007 var nominert til Bookerprisen for boka «Den motvillige fundamentalist».

Historiene kan lesast på nettet på wetellstories.co.uk.