Utfordrar dei store

Bak Vulkan.se står forfattar og kronikør Linda Skugge, reklamemannen Michael Storåker og forfattar Sigge Eklund. Her poserer dei med sitt «Vulkan-manifest». (Foto: Vulkan.se)
Bak Vulkan.se står forfattar og kronikør Linda Skugge, reklamemannen Michael Storåker og forfattar Sigge Eklund. Her poserer dei med sitt «Vulkan-manifest». (Foto: Vulkan.se)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Linda Skugge utfordrar kjempane i forlagsverda med sitt nye prosjekt. - Alle har rett til å kalle seg forfattar, hevdar den kjende skribenten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Om Vulkan.se:

*15 november i fjor starta den svenske nettsida Vulkan.se opp.

*Bak prosjektet står Linda Skugge, Sigge Eklund og Michael Storåker.

*Målet med nettsida er å gi alle med forfattarambisjonar høve til å gi ut sine eigne bøker, gratis.

Å vere forfattar er ikkje noko yrke. «Om fem minuttar kan du vere ein publisert forfattar» står det å lese på nettsida Vulkan.se. Like før jul blei det utradisjonelle forlaget - om det i det heile tatt kan kallast det - lansert i Sverige.

Vulkan.se er eit slags litterært YouTube, der alle som har forfattarambisjonar kan skape si eiga bok direkte i nettlesaren, og selje, trykkje og distribuere ho, kostnadsfritt. Trykkostnadane står kjøparen for.

- Suksess

Ei av opphavskvinnene til nettstaden er den kjende eks-feministen og kronikøren Linda Skugge. Etter tre månaders drift karakteriserer ho prosjektet som ein suksess.

- Det går svært bra. det kjem opp cirka ti bøker per døgn, utan nokon som helst marknadsføring frå vår side. Vi er oppe i nesten 300 bøker alt. Det gjer oss til eit av dei største forlaga i Sverige, seier Skugge til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Du har sjølv karakterisert Vulkan.se som ein «kulturrevolusjon» og «eit demokratisk prosjekt». Du brukar store ord? Alle menneske har noko å seie. Alle historier er like mykje verdt.

- Vulkan er eit demokratiprosjekt fordi no kan alle si stemme bli høyrd. Og det er gratis! Kven som helst kan bli forfattar, kven som helst kan leggje ut eit debattinnlegg. Alle menneske har noko å seie. Alle historier er like mykje verdt, seier Skugge.

Utfordrar forlaga

- Vulkan.se er ein kulturrevolusjon fordi vi skakar om på heile kulturverda. Vi utfordrar dei store forlaga. No treng ikkje folk lenger sitje med lua i handa og håpe på å bli «godkjende» av ein kulturelite. Dei kan ta saken i eigne hender og sjølv styre over kva dei vil seie og korleis og når. Det er stort!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men er det riktig at absolutt alle skal gå rundt og omtale seg sjølv som «forfattar»? Vil ikkje ein slik tanke nødvendigvis medføre ei forflating av litteraturen som kunstart?

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ja, alle har i høgste grad rett til å kalle seg forfattar. Å vere forfattar er ikkje noko yrke. Eg er svært lite glad i at det skal sitte smaksdommarar og bestemme kva bøker som er godkjende og kva som ikkje er det. Det fine med Vulkan.se er jo at no kan forfattarar som skriv om smale emne endeleg finne sine lesarar. Kvar einaste bok har jo lesarar, det gjelder berre å samle desse, hevdar Linda Skugge.

- Norden ventar

Hittil har Vulkan.se publisert bøker som handlar om svært ulike emne. Skugge fortel at ho blir rørt over alle dei fine bøkene, og over at folk er så «enormt gåverike og kreative».

- Ei bok som eg likar er EvaEmma Anderssons roman «Hanna-Klara med vingarna på sned». Og kokeboka «Mums» av Jesper Värn. Han er synsskadd og arbeider som kokk. Eg vil også trekkje fram boka til Fridah Jönsson, som berre er 15 år gammal.

Ifølgje Skugge er planane framover å utvikle fleire produkt. Snart skal det vere mogleg å lage både bildebok og fotokalender. Og så?

- Og så ventar så klart Norden og resten av verda, seier Linda Skugge.