Trongen til eit barn

Forfatter Kjersti Sandvik.
Forfatter Kjersti Sandvik. 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ønskjer du deg eit barn? Det er mange måter å ordne det på.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


I år er det 30 år sidan det første prøverørsbarnet i verda blei født. Det er i dag lovleg med sæddonasjon, men eggdonasjon er framleis ulovleg i Noreg.

Kjersti Sandvik kjem i morgon ut med boka «Ønskebarn» på Gyldendal Forlag. Boka inneheld svært personlege historier og erfaringar frå fleire som ønsker å bli foreldre, samt faktainformasjon.

Seint ute

Sjølv har Kjersti Sandvik to barn. Ho fekk si førstefødde i ein alder av 39 år, og var med andre ord relativt seint ute med å bli nybakt mor.

- Klart eg har tenkt at det kunne ha vore eg som ikkje kunne få barn, inrømmer ho.

- Og for å vere heilt ærleg, veit eg ikkje kva eg sjølv hadde gjort om det var tilfelle.

Bidragsytarane til boka har Sandvik fått kontakt med over nettet. Nokre er enslege, andre er lesbiske og homofile. Nokre er karrierebevisste. Nokre har tida runne ut for. Alle har dei hatt behov for å dele historia si med andre. Det trur forfattaren er med på å skape forståing for eit tema som det har vore tabu å snakke om.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nye familieformer

- Det norske samfunnet er i endring. Framsteg innan teknologi og medisin er med på å utvikle og endre det som i dag kjenneteiknar ein familie. Eg synest det er vanskelig å avgjere kva som er politisk rett eller gale, seier forfattaren sjølv.

- Spesielt når ein går i djupna på kvar og ei historie.

Sandvik meiner det er typisk å vere skeptisk til det som er ukjent og nytt. Dagens samfunn opnar for fleire og ulike samansetninar av familieformer.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- I utlandet finst det veldig mange klinikkar som tilbyr eggdonasjon, som mange i Norge nyttar seg av. Fleire reiser også til Danmark for å få ein sæddonor. I tillegg finst det kvinner rundt om i verda som tilbyr seg å vere surrogatmor. Det er nifst om det skal bli slik at det å gi barnlause sjansen til å bli gravide blir ein storindustri. Det kan føre til at fattige kvinner vert utnytta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Spandabel psykopat

Det finst også andre døme på at menneske i ein sårbar situasjon blir utnytta.

Utdrag frå boka:

Hun holder den tett inntil kroppen, så tempraturen ikke skal synke. Skynder seg hjem, sprøyter varen i seg. Hun vet ikke at «Sædmannen» følger etter henne. Han vil vite hvem hun er. I månedene som kommer lusker han rundt for å se om varen hans har gitt resultater, og fører statistikk over hvor mange barn han får.

- Er denne historia sann? Finst denne mannen?

- Ja, han kaller seg Sverre M. Og må sjølvsagt vere helt sjuk i hovudet, sier Kjersti Sandvik.

Det går altså en mann rundt i Oslos gater og gir bort gratis sæd til den som vil ha. Utan forpliktingar. Garantert sjukdomsfri. Og lagar statistikk for å tilfredstille seg sjølv.

- Klart det kan verte ein slags trong til å bli gravid og få barn, seier forfattaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Når ein utsetter seg sjølv og sin eigen kropp for hormonelle prøvingar, gang på gang utan å lukkast, men samstundes nektar å gi opp, blir det ein slags mani.

I tillegg til den psykiske og fysiske belastninga ved å bli gravid ved hjelp av assistert befruktning, er det ei dyr affære, sjølv om alle har rett til støtte til tre forsøk gjennom det offentlege.

- Det er ikkje alle som har råd til egg- og sæddonasjon i utlandet eller på privatklinikkar. Likevel kan ein ikkje snakke om menneskerett når det gjeld å få barn eller ikkje. Å få barn er legitimt og det er naturleg å ønske seg det. Men det er også eit fullverdig liv å leve utan, seier Kjersti Sandvik.