Wergelandåret 2008:Dødt jubileum for død diktar?

Dødt jubileum for død diktar?
Dødt jubileum for død diktar?
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvifor skal vi bruke eit heilt år på å hylle ein diktar folk flest berre assosierer med barnetog, pølser og is? - Det er slitsamt at staten driv og plagar offentlegheita med alle desse store jubilea,

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Feiringa av Wergelandåret 2008 er i gong. For eit par veker blei den offisielle opninga gjennomført med Kronprinsen til stades i Universitetets aula, og torsdag opna kulturminister Trond Giske Wergelandåret i Riksarkivets lokaler.

Kulturdepartementet har fått kritikk for at det har blitt satt av for lite pengar på feiringa av Wergeland. Samanlikna med fjorårets Ibsen-jubileum, er det for småpengar å rekne, dei løyva som har blitt gjeven til arme Wergeland.

Kulturdirektør i Kristiansand kommune, Dagny Anker Gevelt, gav i førre veke uttrykk for sterk skuffelse til NRK over det ho meiner er manglande pengeløyve frå Kulturdepartementet.

«Død» diktar

Andre igjen meiner det blir brukt for mykje pengar på å feire ein gløymd diktar som folk flest ikkje har noko forhold til. Kulturredaktør i Fædrelandsvennen, Terje Gitmark Eriksen, hevdar det ikkje er forsvarleg å bruke kulturpengar på å løfte fram ein «død» forfattar:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Om ein så skulle ta i bruk Holgersens metode eller ein moderne hjertestartmaskin, er Wergeland død. - Det er slitsamt at staten driv og plagar offentlegheita med alle desse store jubilea, seier han til ABC Nyheter.

- I fjor var det Ibsen-året, og deretter Grieg-året. Neste år er det Hamsun-året. Men Ibsens tekstar har folk i det minste eit forhold til. Det har dei ikkje til Wergeland. Han nyttar det ikkje å puset liv i. Om ein så skulle ta i bruk Holgersens metode eller ein moderne hjertestartmaskin, er Wergeland død, hevdar kulturredaktøren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kommentar Gitmark Eriksen hadde på trykk i Fædrelandsvennen 5. januar i år satte sinna i kok i sørlandsbyen. Der skreiv han blant anna:

«Eksperter og jubileumskomiteer kan gjøre Wergelands litteratur tilgjengelig så mye de vil, men de 70 verkene han etterlot seg da han døde 37 år gammel, vil ikke bli lest. Hans posisjon i skolen og samfunnet for øvrig er svekket. Wergeland står på pensumlistene nærmest av rituelle grunner.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg fekk mykje pepar for den kommentaren, humrar Gitmark Eriksen.

- Mange ressurspersonar gjekk heftig imot meg så eg klarte å skape debatt, iallfall her i Kristiansand.

- Eg er klar over at Wergeland representerer mange gode haldningar som vi treng også i dag. Han var jo humanist og opprørar, og kjempa for fridom og uavhengigheit, ideal som vi gjerne kan bli minna om. Men litteraturen hans er passé. Som nasjonalromantisk diktar er Wergeland død og borte for alltid, hevdar kulturredaktøren.

Blir ikkje lesen

Og det ser han ut til å ha rett i. Tal som er henta frå om lag 60 prosent av folkebiblioteka i landet* viser at det totale utlånstalet for Wergelands tekstar for 2007 er 850 utlån. Det er over 50 mindre utlån enn systera Camilla Collett, og svært langt unna den meir kjende namnebroren Henrik Ibsen, som har blitt lånt ut heile 9217 gongar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tal henta frå Deichmanske bibliotek i Oslo viser same tendens: Totale utlånstal frå 1996 fram til i dag viser at titlar av Wergeland berre har blitt lånt ut 3757 gongar. Til samanlikning har verk av Ibsen blitt utlånt heile 63 845 gongar. Dette kan sjølvsagt ha samanheng med at det var Ibsen-år i fjor, men tendensen er likevel klar: Henrik Wergelands verk er lite anna enn hyllemat på norske bibliotek.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kulturminister Trond Giske vel å trekkje fram Wergelands rolle som samfunnsdebattant og provokatør, og ikkje primært diktinga hans, som grunngjeving for kvifor vi treng eit Wergelandår. (Foto: Scanpix)Kulturminister Trond Giske vel å trekkje fram Wergelands rolle som samfunnsdebattant og provokatør, og ikkje primært diktinga hans, som grunngjeving for kvifor vi treng eit Wergelandår. (Foto: Scanpix)

Kulturminister Trond Giske, som var til stades under opninga av Riksarkivets Wergelandår torsdag, vil heller ikkje trekkje fram litteraturen til Wergeland når han forsvarer satsinga på eit Wergelandår:

Artikkelen fortsetter under annonsen

- I dag er nok Wergeland mest til stades som samfunnsaktør, debattant og provokatør. Han har ein sterk posisjon i norsk bevissthet når det gjeld grunnlovsfeiringa og nasjonal identitet. Kva litterær relevans han har og har hatt, det får andre svare på, eg tenkjer på den totale verdien. Vi har valt å bruke ressursar på Wergeland fordi han står for ideal som er like aktuelle i dag: Toleranse, mangfald og respekt for andre, seier kulturministeren til ABC Nyheter.

- Fleire meiner også at det har blitt løyva for lite pengar til markeringa?

- Det finst ikkje éitt kulturtiltak som ikkje synest dei får for lite pengar. Men pengeløyvingar må balanserast, og alle pengane skal ikkje brukast på tilbakeskuande aktivitet som slike jubileum til ei viss grad er. Det er viktig at aktørar også brukar eigne ressursar, som til dømes Riksarkivet gjer i si feiring, meiner kulturministeren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Museal opningsforestilling

Også Jan Holljen Thon, førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Agder og leiar av Det norske Wergelandselskapet, må innrømme at det ikkje først og fremst er diktinga som gjer Wergeland kjend i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg ser utlånstala dine, og du har heilt rett. Men samtidig opplev eg at det er ein enorm interesse for Wergeland. Seinast i går hadde eg foredrag om han for 700 menneske i to timar, og folk hadde ei mengde spørsmål etterpå og ville ikkje forlate salen. Det er eit stort misforhold mellom den veldige interessa, og løyvingsmaktene, hevdar han.

Holljen Thon er blant dei som tidleg gjekk ut og kritiserte staten for manglande satsing på 200-årsjubilanten Wergeland.

- Kulturdepartementet legg seg flat for uvitenheita som eksisterer kring Wergeland og stadfestar det gamle Wergelandbildet når feiringa berre skal føregå gjennom hovudinstitusjonane Nasjonalbiblioteket, Eidsvoll 1814 og Riksarkivet. Men den institusjonbundne Wergeland er utdatert. Opningsforestillingen i Universitetets aula framheva etter mi meining den museale, nasjonalromantiske, utgått på dato-Wergeland, som ingen har interesse av i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- På nivå med Goethe

Litteraturforskaren trekk fram den såkalla «saltvatns-Henrik», nemleg Henrik Wergeland som kystkulturens representant, som døme på ei side av Wergeland som er fråverande i det offentlege bildet, og det vesle dramaet hans «Den indiske cholera»

Wergelands lite kjende drama «Den indiske cholera» handlar om britane si framferd i India.Wergelands lite kjende drama «Den indiske cholera» handlar om britane si framferd i India.

(1835), der historia er lagt til India etter at britane hadde kolonisert landet.

- «Den indiske cholera» er eit veldig aktuelt, science fiction-aktig, skarpt, satirisk-grotesk drama. Det er så utruleg mykje stoff hos Wergeland som er spennande, men ein er avhengig av at det blir satt fokus på han gjennom eit jubileum som i år. Elles blir han berre eit nasjonalt ikon. Etter mi meining er Wergeland på nivå med tyske diktarar som Goethe og Schiller.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men både Goethe og Schiller blir jo lesne i dag, og det er store forskingsmiljø som arbeider med diktinga deira. Gjeld det same for Wergeland på norske universitet?

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nei, men det er på grunn av den norske kulturfattigdommen, og skuldast både manglande formidling og danning. Det er fleire forskarar rundt om i landet som forskar på Wergeland, men rekrutteringa manglar, dessverre. Difor er årets jubileum så viktig, meiner litteraturforskaren.

Fædrelandsvennens Terje Gitmark Eriksen trur derimot at Wergeland aldri ville ha vore diktar om han hadde levd i dag.

- Wergeland hadde vore aktiv på Facebook og ville sikkert ha vore filmregissør eller noko slikt. Det er iallfall hundre prosent sikkert at han ikkje hadde vore lyrikar, seier han med eit flir.

* Tala er henta levert av Bibliotek-Systemer AS og er henta ut frå 532 Bibliofilbibliotek (folkebibliotek, fylkesbibliotek, skolebibliotek, etc.) som har utlån av forfattaren. Tala er berre for bøker og inkluderer ikkje titlar der enkeltverk av forfattaren er inkludert i samlingar (til dømes diktsamlinger. Periodane er 2007 (01.01.2007-31.12.2007) og 2008 (01.01.2008-13.02.2008).