Debuterte som niåring:Tolvåring kjem med si andre bok

Foto: Publishing Aultbea
Artikkelen fortsetter under annonsen

Libby Rees er tolv år gammal. No kjem hennar andre bok.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Engelske Libby Rees er fødd i 1995 og debuterte som forfattar i 2005 med ei sjøvhjelpsbok til skilsmissebarn. Det var etter at foreldra hennar skilde seg at Libby, som den gongen var ti år, skreiv si første bok, «Help, hope and happiness», «Hjelp, håp og lykke». Boka inneheld ei heil mengde tips om korleis ein skal handtere sorg og motgang. Foreldra til Libby gjekk frå kvarandre då ho var seks år gammal. Nokre av råda hennar er som følgjer:

Finn noko du er redd for og overvinn redsla.

Sjå tilbake på veka som har gått. Finn ut kva som var bra og kva som var vanskeleg. Tenk over korleis du kan endre situasjonen sånn at det passar deg betre.

Få det ut! Finn ein stad der du er aleine, skrik, rop og tramp med beina.

Boka blei ein liten suksess og har kome ut i tre opplag på forlaget Aultbea Publishing. Libby Rees har fått fleire fine prisar og utmerkingar for boka.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

No er det klart for hennar neste sjølvhjelpsbok. Den handlar om å byrje i secondary school, som tilsvarar den norske ungdomsskulen.

- Eg skulle akkurat til å byrje i sjuande og innsåg at det er ei stor greie og at mange menneske kanskje er uroa for dette, fortel Libby Rees til CBBC, Children's BBC.

Boka har fått namnet «At sixes and sevens», som på norsk blir noko slikt som «frå sjette til sjuande». På engelsk er det også eit uttrykk som inneber at ein er forvirra.