Årets julegåve?

Årets julegåve?
Årets julegåve?
Artikkelen fortsetter under annonsen

Digiboka ser ut til å bli årets julegåvehit.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Digibok

lydbok og spelar i eitt.

Digiboka skal vere enkel i bruk. I displayet kan ein sjå kva kapittel som blir lese og kor mange minutt det er igjen av kapitlet - og resten av boka. Det skal vere lett å spole fram og tilbake mellom kapittel eller inne i kapitlet. Det er mogleg å leggje inn bokmerke, noko som er praktisk når fleire brukar digiboka i same periode. Ho har også ein eigen «sleep»-funksjon.

Prisen ligg på cirka 400 kroner.

Frå før tilbyr Lydbokforlaget lydbøker på CD og som mp3-filer.

Digibok, den nye lydboka frå Lydbokforlaget, kjem til å bli ein gjengangar under årets juletre:

- Digibøkene sel bra og er populære julegåver, utan at vi vil gå ut med konkrete tal. Men interessen for desse har vore stor, med tanke på den korte tida dei har vore på marknaden, seier Elisabeth Rake, produktansvarleg i Ark bokhandel.

Også bokhandlarkjeda Libris har god erfaring med sal av digibøker.

- Tilbakemeldingane frå våre bokhandlarar er veldig positive. Dette er eit spennande og brukarvennleg produkt, som er veldig greitt å ta med seg på reise, til dømes, seier marknadssjef i Libris, Morten Aas.

Marknadsdirektør i Norli, Arild Bjørn-Larsen, synest det er for tidleg å seie noko om korleis salet av digiboka går, men vedgår at det har vore stor interesse rundt produktet.

- Digiboka er absolutt ei populær gåve, og når folk skjønner poenget med det, så blir dei begeistra. Men det er enno litt for tidleg å seie noko om korleis dette vil utvikle seg, seier han til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I bokhylla

Den vesle elektroniske spelaren er designa som ei bok slik at han passar i bokhylla. Både bestseljarar, som bøkene til Jo Nesbø, Anne B. Ragde, Unni Lindell og Stieg Larsson, og klassikarar som «Pan» og «Victoria» av Hamsun har blitt gjort digitale, samt barnebøker av til dømes Roald Dahl og Marit Nicolaysen.

Digitallydboka blir levert fiks ferdig med øyreproppar, batteri og bæresnor, og er klar til bruk med det same du har kjøpt ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hittil er 83.000 digibøker bestilt av forhandlarane, opplys Herborg Hongset, direktør i Lydbokforlaget, til ABC Nyheter.

- Vi har fått svært positive tilbakemeldingar på produktet. Folk vil ha det lettvint, og det er veldig greit å putte digiboka på øyret når ein har det travelt. Ho er til dømes ideell som gåve til sjuke, å snappe med seg på ein flyplass, og enkel å bruke i bilen. Det er mange som synest det er mykje bry å laste ned mp3-filer, eller som ikkje forstår seg på dette, og då er digiboka eit enkelt alternativ.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Daglegvarebutikkar

Digiboka blir ikkje berre distribuert til bokhandlarar, men også daglegvarebutikkar som Coop, Ica Maxi og Rimi, samt Elkjøp. Hongset ser for seg at digiboka såleis kan vere med på å utvide marknaden for lydbøker. Den digitale lydboka har også blitt kjøpt inn av biblioteka, som gjerne slit med at CD-ane i dei tradisjonelle lydbøkene fort blir utslitte og øydelagde.

Investering

Trass i den gode mottakinga, har ikkje forlaget tent seg rike på nyvinninga:

- Nei, produktet har kosta mykje å utvikle, og kostprisen per eining er dyrare enn ein CD. Men vi ser på digiboka som ein investering i framtida, som ein måte å få nye brukarar på. Så sjølv om vi ikkje er tilfredse med lønnsomheita til no, håpar vi marknaden og kostnader vil utvikle seg på ein positiv måte, seier Hongset i Lydbokforlaget.

Haustens digibøker:

Stieg Larsson Menn som hater kvinner

  • Stieg Larsson Jenta som lekte med ilden

  • Stieg Larsson Luftslottet som sprengtes

  • Anne B. Ragde Eremittkrepsene

  • Anne B. Ragde Berlinerpoplene

  • Anne B. Ragde Ligge i grønne enger

  • Unni Lindell Honningfellen

  • Tom Egeland Paktens voktere

  • Are Kalvø Våre venner kinesarane

  • Henrik Langeland Francis Meyers lidenskap

  • Jo Nesbø Snømannen

  • Gunnar Staalesen Dødens drabanter

  • Lars Mytting Hestekrefter

  • Markus Zusak Boktyven

  • Yann Martel Historien om Pi

  • Knut Hamsun Pan + Victoria

  • John Steinbeck Om mus og menn + Dagdrivergjengen

  • Helene Uri Språket på 200 minutter

  • Trond Berg Eriksen Filosofihistorien på 200 minutter

  • Jon Ewo + Arne Svingen + Ingunn Aamodt Dødelig blitz + Dødens glassøye + Grusom spådom

  • Ruben Eliassen Phenomena 5

  • Roald Dahl Heksene

  • Roald Dahl Matilda

  • Endre Lund Eriksen Pitbull-Terje blir ond

  • Marit Nicolaysen Svein og Rotta gjennom solsystemet + Svein og Rotta og det store gavekaoset

  • Jo Nesbø Doktor Proktors prompepulver.