Stieg Larsson: «Luftslottet som sprengtes» (Gyldendal 2007, 709 sider, omsett av Elisabeth Bjørnson)Gørrkjedeleg avslutning på Stieg Larssons serie

Gørrkjedeleg avslutning på Stieg Larssons serie
Gørrkjedeleg avslutning på Stieg Larssons serie
Artikkelen fortsetter under annonsen

Avslutninga på historia om Lisbeth Salander og Kalle Blomkvist er skuffande tam.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta

Dei tre bøkene om Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander har blitt svært populære og har selt i over to millionar eksemplar. Opplaget på på den svenske «Luftslottet som sprengtes» er allereie oppe i 460 000 eksemplarer, ifølgje nettsida stieglarsson.se. I Noreg har bøkene så langt eit opplag på 400 000.

Stieg Larsson (1954-2004) var journalist og sjefredaktør i avisa Expo. Han var ei av verdas fremste ekspertar på antidemokratiske, høgreekstremistiske og nazistiske rørsler. Forfattaren døde før dei tre bøkene om Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist blei utgjevne.

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Så er den endeleg komen på norsk, den tredje boka i Stieg Larssons Millennium-serie. Endeleg får vi vite korleis det går med Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist, radarparet som har blitt så umåteleg populære blant krimelskarar, og kanskje også blant dei som vanlegvis ikkje les denne typen litteratur.

Mektige fiendar

For Larssons bøker må seiast å vere usedvanleg velskrivne til krim å vere. Begge dei to førre bøkene, «Menn som hater kvinner» og «Jenta som lekte med ilden», var page-turnerar av dimensjonar. Forventningane til den tredje boka i serien er med andre ord svært høge.

Boka startar der den førre slutta. Lisbeth Salander har hamna på Sahlgrenska sjukehus i Gøteborg med alvorlege skotskader i hjernen etter oppgjeret med Zalatsjenko og Niedermann. Mirakuløst nok overlever ho. Men problema hennar er sjølvsagt ikkje over av den grunn. Salander er nemleg mistenkt for drapsforsøk på sin eigen far, og fleire mektige menneske rottar seg saman idet dei helst ser at Lisbeth blir lukka inne på psykiatrisk klinikk og at nøkkelen blir kasta.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Politisk gjesp

Det blir eit kappløp mellom Salanders venner og fiendar fram mot den avsluttande rettssaken, utan at denne intrigen klarar å engasjere meg som lesar. For dessverre, «Luftslottet som sprengtes» når ikkje dei to andre Larsson-bøkene til knærne ein gong. Der «Menn som hater kvinner», den klart beste av dei tre, bestod av ei klassisk krimgåte og «Jenta som lekte med ilden» var ein forrykande politithriller, er «Luftslottet» frå Larssons side meint å vere ein politisk thriller. Men dessverre, så framstår denne mest av alt som eit einaste langt, politisk gjesp.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blir for mykje prat, for mykje knusktørr faktaoppramsing om Säpo, for mange detaljskildringar av svenske etterretningstenester.

Det er dessutan umåteleg kjedeleg at Lisbeth Salander, som har vore drivkrafta bak store delar av handlinga i dei to foregåande bøkene, er tilnærma handlingslamma i denne, og at kvinnebedåraren Mikael Blomkvist ikkje får pult før på side 500.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noko som sjølvsagt er altfor seint.

Tam bihistorie

Forlaget burde ha redigert Larssons manuskript med hard hand, men det er forståeleg at dei har grua seg til det, med tanke på at forfattaren er død og at hans to foregåande bøker, som også kan kritiserast for å vere i overkant langdryge, har blitt så umåteleg populære.

Likevel, det er eit stort minus at lesarbegjæret - så sentralt for krimlitteraturen og så intenst i Larssons to første bøker - ikkje slår inn før mot slutten, då nettet endeleg byrjar å snøre seg saman.

Sidehistoria om Erika Berger og hennar gjesteopptreden som redaktør i SMP, der ho ertar på seg ein sexfiksert stalker som skriv «hore» på husveggen hennar og sender trugande e-postar, framstår dessutan som nokså tannlaus. Historia har potensiale, men Larsson maktar ikkje å løyse ut spenninga på same briljante måte som han har klart det tidlegare, og heile intrigen endar som ein laus tråd i ei bok som allereie er minst 300 sider for lang.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Likevel, «Luftslottet» er sjølvsagt eit «must» for alle Larsson-elskarar, og den spennande slutten er nesten verdt dei fem hundre sidene ein må gjespe seg gjennom for å kome dit.

Og saknet etter Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist, eller «Kalle Jævla Blomvkist» som Salander brukar å kalle han, vil bli stort.

Karakter: 4 av 10

Fleire litteraturmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur