Nybakt pappa, ny bok

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er mange undertrykte kjensler på Sørlandet, seier forfattar Gaute Heivoll.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gaute Heivoll. (Foto: Tor Richardsen / SCANPIX)Gaute Heivoll. (Foto: Tor Richardsen / SCANPIX)

Gaute Heivoll (29) har tidlegare blitt karakterisert som ein av dei mest sentrale, unge forfattarane i norsk samtidslitteratur.

Fleire har referert til Tarjei Vesaas for å skildre stilen hans. Men med den nye novellesamlinga «Doktor Gordeau og andre noveller» som blir lansert i desse dagar, er Heivoll trygg på at han har funne fram til ei sjølvstendig forfattarstemme:

- Eg har funne fram til mi eiga røyst med denne boka. Eg har blitt meir personleg og har kome nærmare meg sjølv og barndomslandskapet mitt, seier forfattaren til ABC Nyheter.

Den store kjærleiken

Sørlendingen debuterte i 2002 med ei samling korttekstar, «Liten dansende gutt». Etter det har han skrive to romanar, «Omars siste dager» (2003) og «Ungdomssangen» (2005). I fjor gav han ut ei samling kjærleiksdikt, «Kjærlighetsdikt på bunnen av elva». Like over jul er han aktuell med barnebok på Damm, og han arbeider for tida med ein større dokumentarroman som er planlagt å kome ut neste år. Den berømte skrivesperra har han alltid vore spart for.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- I forfattarskapen min skjer det stadig vekk ting eg ikkje hadde tenkt på førehand. Om nokon for to år sidan hadde sagt til meg at eg ein gong skulle skrive kjærleiksdikt, hadde eg aldri trudd på dei. Men så møtte eg brått den store kjærleiken, og det resulterte i ei bok.

- Trur du at du vil halde fram med denne sjangerbytinga, eller har du snart funne «di» form?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nei, det er fruktbart for meg å veksle. Når eg står fast i skrivinga av ein roman, kan eg leggje han vekk og skrive dikt i staden, og så gå tilbake til romanen igjen. I mellomtida har det skjedd ein heil del i livet mitt som gjer at eg kan halde fram på romanen. Eg ønskjer å prøve nye ting. Og eg er glad for at eg får det til. Det er ikkje alle som kan skrive både dikt, romanar, noveller og barnebøker. For tida skriv eg om ein kommunist frå Mandal som blei arrestert og torturert av Gestapo under andre verdskrig. Han blei sinnsforvirra og tok sjølvmord. Eg har snakka med dottera hans og fleire andre i familien. Det er ein heilt annan måte å jobbe på, eg nærmar meg det realistiske på eit vis eg aldri har gjort tidlegare, fortel Heivoll.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit mytisk Sørland

Forfattaren teiknar opp eit breitt lerret i årets novellesamling. Handlinga går for det meste føre seg på den sørlandske landsbygda - nokre er også lagt tilbake i tid - medan handlinga i tittelnovella finn stad i sydande Marokko.

- Eg brukar ein del konkrete stadsnamn, men skriv i røynda fram eit mytisk landskap, likegyldig om det så er Marokko eller Sørlandet. Handlinga i novellene utspeler seg i ulike miljø til ulike tider, men den same tematikken er der: Det handlar om å stå utanfor, å klare å vere aleine i verda, og orientere seg mot noko som er større enn seg sjølv, om det så er Gud, fortida eller ein onkel i Amerika.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Novella «Brev til Amerika» handlar om ungkaren Ivar, som lever saman med far sin, som han er sterkt knytt til. Ivar kan minne litt om «Tusten» i Vesaas' «Fuglane»: Ei enkel sjel som les teikna i kvardagen på sin eigen måte, og som synest det er vanskeleg å skulle stå heilt aleine.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sceneskiftet til tittelnovella «Doktor Gordeau» er markant - her handlar det om ein mann som reiser til utlandet for å gjennomføre ein kjønnsskifteoperasjon.

- Kanskje er ein ei kvinne innerst inne? Søkinga etter identitet eit fellestrekk for novellene, seier Heivoll.

Undertrykte kjensler

- Det ligg eit skinn av religiøsitet bak mykje av det du skriv. I ei av novellene blir hovudpersonen nærmast frelst mot si vilje. Har du sjølv bakgrunn frå bedehusmiljøet?

- Eg gjekk i bedehus som barn, mest fordi det var vanleg, og fordi det var aktivitetar der. Eg voks opp i eit miljø der Gud alltid låg under. Det religiøse var implisitt, i alt. Men vi snakka ikkje så mykje om det.

- Det er mange undertrykte kjensler på Sørlandet. Ein fortiar kjenslene i år etter år. Så byggjer det seg opp, og då kan det bli eksplosivt. Dette fascinerer meg. Sambuaren min er austlending, og ho finn oppveksten min kuriøs. At eg som barn var med i eit totalavholdslag, til dømes, og lærte svært mykje om kva som ville skje meg om eg drakk alkohol. Men den sørlandske mentaliteten er viktig for meg, og for litteraturen min.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I novella «Brev til Amerika» blir bedehusmiljøet skildra som staden der det er lov å bruke dei «store orda». Der kan ein snakke om kjærleik, hat, synd og lukke.

- Slike ord finst ikkje i det sørlandske daglegspråket. Men no har min åndelegheit og min gud tatt bustad i litteraturen, i magien som oppstår i boka.

- Slike refleksjonar kring det religiøse i litteratur kan minne om Jon Fosse?

- Ja, eg kjenner meg godt igjen i skildringane hans. Men no har livet tatt ei meir verdsleg form, eg blei pappa for 14 dagar sidan, og det har snudd opp ned på ting. Eg fekk beskjed om at eg berre måtte skrive ferdig alle bøkene mine før han kom, men hittil har han vore veldig stille og roleg. Men det å bli pappa har gjort noko med meg som forfattar. Eg har kome inn i eit nytt rom. Sånn opplev eg det.

Gaute Heivolls novellesamling Doktor Gordeau og andre noveller kom ut tirsdag denne veka.

Meir litteratur i ABC Nyheter