Kan Internett redde Harry Potter?

Kan Internett redde Harry Potter?
Kan Internett redde Harry Potter?
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil éin million underskrifter frå fansen få JK Rowling til å halde fram med skrivinga?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Harry Potter og Føniksordenen
Den nyaste filmen om Harry Potter blir lansert fredag 13. juli. Alle foto frå filmen: Warner Bros./Sandrew Metronome Norge

Vil Harry til slutt tape kampen mot den onde trollmannen Voldemort? Foto frå filmen «Harry Potter og Føniksordenen»Vil Harry til slutt tape kampen mot den onde trollmannen Voldemort? Foto frå filmen «Harry Potter og Føniksordenen»

Den engelske bokhandlarkjeda Waterstone's lanserte i natt ein global «Redd Harry-»kampanje . Målet er å samle éin million underskrifter for å få Rowling til å skrive fleire historier om Harry Potter og vennene hans, melder Telegraph.

Og som eit svar på «Redd Harry»-kampanjen, skal JK Rowling ha uttalt dei magiske orda «aldri sei aldri» i eit BBC-intervju.

«Det betyr ikkje at ho definitivt vil skrive ein ny roman, og det betyr ikkje at ho definitivt ikkje vil skrive ein ny roman. Eg kan ikkje kommentere dette noko vidare,» skal ein talsmann for Rowling ha uttalt i går.

Sjå trailer frå den nye Harry Potter-filmen «Harry Potter og Føniksordenen» her

Står opp frå dei døde?

Den sjuande boka i serien, «Harry Potter and the Deathly Hallows» blir lansert 21. juli. Fram til no har Rowling halde hardnakka fast ved at dette blir den aller siste romanen om den populære trollmannen. Det einaste ho har lova, er å skrive eit leksikon over alle karakterane i Goltwort, samt trolldomar og stadnamn. Men no ser det ut til at ho ikkje er fullt så avvisande som tidlegare til å skrive fleire Potter-eventyr.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rowlings siste uttaling, der ho tydelegvis held døra på gløtt for framtidige bøker, vil helle bensin på bålet til alle som ikkje har gitt opp håpet om ei åttande bok.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren har tidlegare avslørt at to sentrale karakterar kjem til å miste livet i den siste boka, og spekulasjonen går høgt om ein av desse vil vere Harry sjølv.

«Aldri sei aldri» svarar forfattar JK Rowling på spørsmål om det vil kome ei åttande Harry Potter-bok. (Foto: Scanpix)«Aldri sei aldri» svarar forfattar JK Rowling på spørsmål om det vil kome ei åttande Harry Potter-bok. (Foto: Scanpix)

Men fansen meiner at det uansett ikkje bør hindre Rowling i å skrive ei åttande bok, og insisterer på at i ei verd full av magi og trolldom, kan Harry vakne opp frå dei døde.

«Kjensle av tap»

Rowling har tidlegare snakka om «si store kjensle av tap» etter at ho avslutta eventyra om Harry.

«Eg har alltid visst at Harrys historie ville ende med den sjuande boka, men å seie farvel har vore akkurat like tøft som eg alltid har visst det ville bli.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Eg kan knapt tru at eg endeleg har skrive den avslutninga eg har planlagt i så mange år. Eg har aldri følt ei slik blanding av ekstreme kjensler heile mitt liv, aldri drøymt om at eg kunne føle meg både knust og euforisk på same tid.»

I underskriftskampanjen til bokhandlarkjeda Waterstone's, står det følgjande:

«Vi, underteikna, ber JK Rowling om å skrive fleire nye eventyr om Harry Potter og vennene hans uansett kva som skjer på slutten av «Harry Potter and the Deathly Hallows.»

Bokhandlarkjeda peiker på at det er tradisjon for å gjennopplive litterære karakterar, og viser til Sir Arthur Conan Doyle og hans verdsberømte detektiv Sherlock Holmes.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 1893 skal Doyle ha vore så lei av sin eigen romankarakter, at han lét Holmes møte erkefienden sin professor Moriarty. Dei fell begge i døden i ein foss i Sveits i «The Final Story» («Det siste problem»). Men eit massivt, folkeleg press tvvang han til å la Holmes gjenoppstå i forteljinga «The Adventure of the Empty House» («Historien om det tomme hus»).

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Kan ikkje det same skje med Harry Potter?» spør Wayne Winstone, ansvarleg for barnebøker hos Waterstone's.

Vil ha meir Harry Potter

I ei nyleg gjennomført spørjeundersøking gjennomført av bokhandlarkjeda, seier 85 prosent av 8-11-åringar og 66 prosent av alle lesarar at dei vil ha fleire Potter-bøker frå Rowling, som med ein formue som ein antar er på meir enn 500 millionar pund (5.993 milliardar kroner) skal vere den rikaste forfattaren i historia.

Bokhandlarkjeda forventar at folk over heile verda vil skrive under kampanjen.

- Harry Potter er eit globalt fenomen, ikkje berre i Storbritannia eller USA, så det å gå for ein million signaturar kan vise seg å vere eit altfor lågt tal.

Synest du at Rowling skal skrive ei åttande bok om Harry Potter? Skriv di meining i kommentarfeltet under.

Klikk her for å vere med på den verdsomspennande underskriftskampanjen.

Det er tydeleg at sorga er stor blant fansen over at Rowling kan ha skrive si siste Harry Potter-bok. Til dømes finst det ei eiga gruppe på Facebook med namnet «After Harry potter Seven Comes Out I Won't Have Anything to Live For» som har 60.464 medlemmer til no.