Jobben er å lese bøker

Jobben er å lese bøker
Jobben er å lese bøker
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdom mellom 16 og 19 skal vere litteraturkritikarar i sommar. I to veker får dei lese og omtale bøker til tariffløn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Sommarjobb:

Det var mange søkjarar til jobben i Littkrit, og no har 12 ungdommar fått sjansen til å prøve seg som bokmeldarar i to veker i sommar. (Foto: Petter von Krogh)

Denne veka gjekk dei tolv ungdommane frå Aurland og kringliggjande kommunar i gang med jobben der bøker, hovudet og den digitale kunnskapen er hovudreiskapen. I sommar skal mellom anna Frode Gryttens Bikubesong og Få meg på for faen av Olaug Nilssen lesast, vurderast og meldast.

Wiki

Littkrit vart første gong avvikla i fjor sommar. Prosjektet er langt på veg vidareført i år, samstundes som det har vakse i visjonar og omfang.

Nytt av året er at ungdommane skal jobbe endå meir med digitale verktøy. Mellom anna skal dei bruke den frie programvara MediaWiki til å publisere arbeidet sitt.

16-åring redaktør

Veronika Andreassen (16) frå Flåm i Sogndal er ein av dei 12 tilsette i Littkrit denne sommaren. Med ein viss kjennskap til wiki frå før, var ho eit naturleg val til stillinga som wiki-redaktør.

- Eg har brukt verktøyet mellom anna i samband med eit LAN-party som skal arrangerast i Oslo i haust, fortel ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jobben hennar i sommar blir å såleis å passe på at Littkrit.no ser ryddig og god ut, at innhaldet blir presentert på ein seriøs måte utan skrivefeil og anna rusk. I tillegg skal ho saman med dei andre lage instruksar og rettleiingar slik at også andre kan bruke wiki.

Kjedeleg vaskejobb

Og så skal ho sjølvsagt lese bøker. Ho anbefalar på ståande fot Bram Stokers Dracula og elles bøkene til Jostein Gaarder som god lektyre. Sjølv har ho nett byrja på Bikubesong som ho skal melde på Littkrit.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Veronika hadde berre høyrd litt om prosjektet frå i fjor då ho søkte jobben i vår.

- I fjor sommar jobba eg som vaskehjelp, og det var dritkjedeleg. I år ville eg ha noko lettare og meir spennande. Å lese bøker å få betalt for det verka som ein ypparleg jobb.

Fleire bein å stå på

Misjonen til Littkrit er todelt. På den eine sida er det prosessen med å søkje jobb, setje seg inn i arbeidskontraktar og fagforeiningar, delta på arbeidsintervju og elles alt som følgjer med det å delta i arbeidslivet. Dette er ei nyttig erfaring for ungdommane å ta med seg ut i vaksenlivet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På den andre sida er det eit mål for Littkrit å bli ein ressurs for skulane, slik at arbeidet ungdommen gjer kjem til nytte i praksis. I første rekkje skal Høgskulen i Sogn og Fjordane dette året lage retningslinjer for korleis Littkrit kan nyttast i norsklærarutdanninga og språkforskinga på høgskulen.

- Kultur er seriøst

- Vi vil utvikle Littkrit.no til å bli ein nettstad som ikkje berre skal melde bøker, men og vere eit arkiv for skulane kor dei kan hente ut videoar med forfattarintervju og liknande, fortel prosjektleiar Petter von Krogh.

- Vi ønskjer og å synleggjere at det å jobbe med kultur er minst like seriøst som alt anna arbeid.

Littkrit er dessutan ikkje berre ein sommarjobb for ei handfull ungdom på Vestlandet. Kven som helst kan logge seg på med eit brukarnamn og passord og melde bøker sjølv eller redigere i andre sine tekstar. Men det er ein fordel å kjenne litt til wiki på førehand, seier Krogh.

Littkrit.no
Littkrit blogg
Littkrit på Flickr

Framsidefoto: Steve Woods/sxc.hu