Umogleg kjærleik i moderne tid

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vigdis Hjort skriv skarpt og analyserande om kulturelle klasseskilnader. Men kva så?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Les meir:

Litteratur i ABC Nyheter

Vigdis Hjorth, f. 1959. Voks opp i Oslo, har budd i København, Bergen, Sveits og Frankrike. Cand.mag. med faga idehistorie, statsvitskap og litteraturvitskap i 1983. Debuterte i 1983 med barneboka «Pelle-Ragnar i den gule gården», som ho fekk Norsk kulturråds debutantpris for. For si andre bok, «Jørgen + Anne er sant», fekk ho Kritikerprisen.

Kjelde: Cappelen.

«Hjulskift»
Vigdis Hjort
(Cappelen 2007, 206 sider)

Den middelaldrande litteraturprofessoren Louise Berg er trøytt av sitt eige liv. Ho kjenner seg innestengd og stivna i det akademiske miljøet og i den norske middelklassa. Lysta er borte. Ingenting rystar, ingenting grip ho lenger. Ikkje stemte ho ved førre val, ikkje vidaresendar ho mailar mot gasskraftbygging, ho slurvar på jobben og vil helst sleppe å ta ansvar som mor.

Då møter ho bilseljaren Truls frå Skien. Det som var meint å vere ei ei-natts-oppleving, utviklar seg til å bli ein «relasjon», som Louise kallar det (livredd for det meir forpliktande ordet «kjærast»). Litteraturprofessoren innleier altså eit forhold til denne bilseljaren, som ikkje eig ei einaste bok, som aldri les og som attpåtil er fire år yngre enn ho.

Det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret er snudd på hovudet, Louise er den sterkaste av dei to (meiner ho sjølv), ho er den som ausar av kunnskapen sin, som rører seg fritt i alle miljø, den overlegne; ei rolle som vanlegvis har vore tiltenkt mannen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren har gitt Louise eit skarpt observerande og analyserande blikk. Perspektivet er nytt og interessant, ei omvendt klassereise, som ikkje blir godt motteke av akademikarvenene til Louise. Hadde Truls enno vore svart, bifil, transvestitt, så kunne dei liberale venene ha vist fram toleransen sin, «men at bilselgeren er en vanlig, hvit fyr fra Skien som sikkert snakker bredt, gjør Louise til en smådesperat og banal kvinne i overgangsalderen det ikke akkurat er stilig å bli assosiert med. Ordet patetisk svever veldig over vannene.»

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Oppgjer

Vigdis Hjort er kjend for å bruke av sitt eige liv i bøkene og skal sjølv vere saman med ein bilseljar. Det er difor ikkje unaturleg å tenkje seg at oppgjeret Louise tar med middelklassen, også kan lesast som forfattarens oppgjer med seg sjølv og sitt eige miljø. Og ho er svært streng i dommen:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å få folk til å kjenne på en mangel i sin dannelse, det er deres fremste bidrag til verden! Å påvise en mangel hos folk, men ikke være i stand til å fylle den med noe substansielt, så det de i virkeligheten gjør, ikke er annet enn å bidra til å fylle de borgerliges bokhyller med litteratur de ikke er i stand til å førdøye og veggene deres med bilder de ikke er i stand til å oppleve. Tenk om de ble avslørt!

For, som vi alle innerst inne veit, «klasseforskjellen finnes ikke i økonomien, men i stilen, i smaken.» Omgangskrinsen til Louise passar seg vel for å vere konvensjonelle, dei er i staden akkurat passeleg aparte, ved å ha ulike typar vinglas og stolar i ulike fasongar, og bunkar av tidsskrift, nye og gamle, på golva, og fotografi uvørent stukke inn mellom dørlistene og veggane. Smaken og stilen er uhyre viktig: kunnskapen om god mat og vin, om kunst og litteratur.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Reinsemd er derimot eit døme på ein dyd som Louise meiner tilhøyrer den konvensjonelle arbeidarklassa: «Økonomien avgjør ikke lenger. Han har finere bil enn henne. Like fint hus som henne. Han har råd til det samme som henne. Men renslighet i alt er viktigere for ham. Ryddighet, renslighet.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

I hennar miljø er det viktigare å frilynt kunne nyte ein iskald Chablis enn å vaske golv.

Uavklart

Alt dette er vel og bra og godt observert. Men det er uvisst kor forfattaren vil med alt dette. Javel, det er kulturelle klasseskilnader, kva så? Kva er konklusjonen?

Vigdis Hjort har eit flott språk, ein humoristisk og lett satirisk tone, som gjer denne boka til ei artig og innsiktsfull lesaroppleving. Men samstundes blir det for mange refleksjonar kring det same emnet, for mange analysar, ein skjønar poenget tidleg og håpar det skal kome noko meir, fleire avsløringar. Det gjer det ikkje.

Avslutninga på romanen er merkeleg. Sterk, godt skriven, men uforståeleg og vanskeleg å setje i samanheng med resten av romanen. Men tanken er god, og boka verdt å lese, som alle Hjort sine romanar.