Utryddingstrua froskar søkjer nye heimar

Utryddingstrua froskar søkjer nye heimar
Utryddingstrua froskar søkjer nye heimar
Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du plass til ein frosk - eller femti?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:
Grønn trefrosk søkjer ny heim. (Foto: Wikipedia Commons)

Froskeartar verda over er trua av utrydding. (Foto: http://www.flickr.com/photos/beija-flor/)Froskeartar verda over er trua av utrydding. (Foto: http://www.flickr.com/photos/beija-flor/)

Froskeartar over heile verda er utryddingstrua. Minst ein tredjedel av jordas 6.000 froskeartar er direkte trua. Når ein får inn meir forskingsresultat, kan ytterlegare ein tredjedel vise seg å vere råka. Forskarar karakteriserer situasjonen som svært alvorleg.

Den største trusselen mot froskane er soppinfeksjonen chytridomycosis - som det per i dag ikkje finst nokon kur for - og klimaendringar som har vist seg å vere svært gunstige for soppens vekst.

Kampen mot klimaendringane og jakta på ein kur mot soppsjukdommen er to utfordringar på lengre sikt. Men froskane døyr heile tida og treng akutt hjelp.

I Sverige byggjer ein no fristader for froskane. Ei arbeidsgruppe i Verdas naturvernunion (IUCN), som arbeider for å redde utryddingstrua artar, har danna gruppa «Amphipian Ark» eller «Froskearken» for å leie jakta på fristader. For Nordens Ark i Bohuslän var det ein sjølvfølgje å stille opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi held på å byggje lokale, laboratorie og demonstrasjonsavdelingar for å ha kapasitet til å opplyse folk og for å hjelpe dei trua artane, seier Claes Andrén på Nordens Ark til Göteborgs-Posten.

- Vi står overfor den største utdøinga under menneska si tid på jorda, den største sidan dinosaurane døydde ut.

Tanken er at desse fristadane skal kunne ta vare på og halde liv i froskeartar til det finst ein kur mot soppsjukdommen som spreier seg i naturen. Det trengs minst 30-50 dyr for å halde liv i éin art.

- Om vi avlar dei på ein klok måte, så kan vi klare det - forhåpentlegvis, seier Andrén.

Nordens Ark reknar med at verksemda kjem til å koste tre millionar i ein treårsperiode. Finanseringa er enno ikkje klar, men fristaden reknar med å få hjelp av både privatpersonar og selskap.

Kjelde: Göteborgs-Posten