Hurra for dagens mammaer!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Anne Lindmo og Helle Vaagland stikk hol på moderne mammamytar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Les meir i ABC Nyheter:

«Heia mamma!»
Anne Lindmo og Helle Vaagland
(Aschehoug 2007, 140 sider)

Vi er dagens mammaer. Vi er frie og bevisste. Når vi først velger å få barn har vi høye forventninger til hva det skal gi og hvor bra det skal takles. Samtidig pepres vi med informasjon og propaganda om hva som er farlig, hvor mye som kan gå galt og hva man må prestere for å stemples som godkjent. Vi er dagens mammaer. Vi er overinformerte og vettskremte.

Kvar generasjon kvinner er mødrer av si tid. Det er hovudtanken bak mammaboka til Anne Lindmo og Helle Vaagland. Saman har dei to skrive ei herleg befriande, knakande morsom, men også opplysande og ikkje minst nyttig bok om svangerskap, fødsel og mammaroller anno 2007.

«Heia mamma» er eit viktig litterært tilskot og utgjer ei heilt essensiell motvekt til all den politisk korrekte mammalitteraturen som finst der ute. Boka fyller eit tomrom, trass i kva surmaga gammalfeministar og betrevitande barnelegar måtte meine om saka. Kritikken som barnelege Ingvild Heier har kome med, skyt langt over mål.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter Heiers meining er dei to forfattarane «ureflekterte, patetiske og klagande» - men er det noko desse damene ikkje er, så er det nettopp dét. Og kven skal vere betre eigna og ha større rett til å definere røyndommen for dagens mødrer, enn to som står midt oppi det?

Mammapolitisk kampskrift

Ei av dei sterkaste sidene til boka, er korleis ho stiller spørsmål ved fleire uskrivne reglar og vedtatte «sanningar» kring graviditet og fødsel. Som at ein ikkje skal fortelje nokon om graviditeten før det har gått tre månader, i tilfelle ein aborterer: «Rundt omkring på norske arbeidsplasser løper kvalme damer langs korridorene, frem og tilbake mellom kontorpult og do. Med spy i munnviken presser de frem små, grønne smil. For ingen må vite noe.»

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eller at kvinna er pysete og lat om ho ikkje klarar å føde barnet utan smertestillande: «La det bli kjent og vedtatt en gang for alle: Epidural er ikke feigt!»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Helle Vaagland og Anne Lindmo tar eit oppgjer med mammamytar i boka si. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)Helle Vaagland og Anne Lindmo tar eit oppgjer med mammamytar i boka si. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)

Og er ein verkeleg ei så dårleg mor, om ein ikkje maktar å fullamme i dei seks månadane som ammepolitiet tilrår? «Ingen sier et pip når hun [Gro Nylander] klager over at bare 40 % av norske kvinner holder ut til ungen er over ett år. Ingen tør, for morsmelka har blitt hellig. Vi ammende sier aller minst, for vi er alltid redde for ikke å være gode nok mødre.» Oppgjeret som forfattarane tar med mødrene sitt dårlege samvit, er både nødvendig og tankevekkjande.

Hysterisk og skrekkinngytande

Bodskapen i botn er alvorleg nok og skriv seg inn i ein feministisk tradisjon. Det personlege er det politiske, i aller høgste grad. Lindmo og Vaagland skriv knakande godt, kvast og inn til beinet ærleg om håp, draumar og svart angst.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er hysterisk og skrekkinngytande på same tid, som når Anne Lindmo leikar seg med katastrofetankar:

Idet jeg står med halve kroppen inn i bilen, kommer det en hund. Den biter ansiktet av babyen min. Hele ansiktet. Så løper den avgårde med babyansiktet hengende som en slapp vaffel i kjeften. Sønnen min blir en sånn som man lager dokumentarer om. Sånne dokumentarer som ofte vises på TV NORGE: En hjertegod liten gutt som lever et sorgløst liv uten ansikt i et hjem uten speil.

Forfattarane har laga litteratur av sprutbrekningar og fordøyingsproblem. Dei skildrar store augneblink som fødsel like treffande som dei små kvardagsglimta. Og trass i raljeringa og radbrekkinga av morsmytar, så kviler det ein stor kjærleik over alt dei skriv.

Humoren til desse damene treff breitt. Du treng verken vere gravid eller småbarnsmor for å få utbytte av denne boka.