Eit kongerike for ei stund

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunstnaren Morten Holmefjord ønska å gi heimkommunen sin Fusa identiteten tilbake, og tok trone, septer og flagg i bruk for å få det til. Det sette spor etter seg og gjorde omverda merksame på Fusa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Visekongen av Fusa, Morten Holmefjord. (Foto: visekongen.info)Visekongen av Fusa, Morten Holmefjord. (Foto: visekongen.info)

Fusakongen var visekonge i Fusa i ein periode på om lag to år før han gjekk av i fjor haust.

Det byrja som eit kunstprosjekt og vart etter kvart eit politisk manifest.

- Han sette Fusa på kartet, seier Christian Stabel, redaktør i Os og Fusaposten.
- Dagbladet og Bergens Tidende hadde over hovudet ikkje skrive om Fusa i same grad og i same omfang hadde det ikkje vore for Fusakongen.

Genistrek


Stabel meiner det mest imponerande med Visekongen er kor gjennomført han dreiv kongedømmet sitt og i kva grad han evna å få økonomisk og politisk støtte til Kongedømmet undervegs.

- Rett nok vart det etter kvart ein viss motstand mot Fusakongen i Fusa, men lokalsamfunnet var delt, og sitjande ordførar då kongen vart innsett i 2003 støtta kongen heilt fram til valet i 2005. Han fekk og ei betydeleg økonomisk støtte frå den nasjonale hundreårsmarkeringa i fjor.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ny start for Fusa


Redaktør i Syn og Segn, Hilde Sandvik, held og fram Morten Holmefjord som ein djupt politisk person.

- Han ønskte å seie noko om korleis folkemakta er i ferd med å forvitre. Hadde prosjektet fått halde fram, og dei rette folka greidd å tatt tak i dette, kunne ein i Fusa fått fram store, prinsipielle diskusjonar om nasjonal overstyring.

Visekongen budde og regjerte frå heimen hjå mor si i Fusa kommune. (Foto: visekongen.info)Visekongen budde og regjerte frå heimen hjå mor si i Fusa kommune. (Foto: visekongen.info)

Sjølv om Fusa aldri kom så langt, vil Sandvik likevel seie at Fusakongen oppnådde svært mykje i tida han sat som regent.
- Han gav ganske tydlege meldingar om at han ville få makta tilbake til folket, og at Fusabuen kunne få definere seg sjølv inn i ei ny forteljing om samfunnet sitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjennomført


Men handla dette om merkevarebygging eller politikk, eller var det kunst? Både Sandvik og Stabel nølar med å kalle det merkevarebygging.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dette var ikkje noko jippo, innvender Stabel.
- Snarare tvert i mot, det var eit svært seriøst opplegg han dreiv, og han hadde mange medhjelparar som faktisk har halde fram med nokre av opplegga sjølv etter at kongen gjekk av i fjor.

Sandvik meiner Holmefjord heller byrja ein prosess med å politisere innbyggjarane sine.
- Ein prosess som dessverre tok slutt då kommunen ikkje lenger vågde å stå løpet ut.

Visekongen ville ikkje selje krona si og heiv ho heller i fjorden. For ordens skuld: Dette er ikkje krona til Fusakongen. (Foto: fengshuibestbuy.com)Visekongen ville ikkje selje krona si og heiv ho heller i fjorden. For ordens skuld: Dette er ikkje krona til Fusakongen. (Foto: fengshuibestbuy.com)


Ikkje til sals


Akkurat kor seriøst Morten Holmefjord tok dette, kan Hilde Sandvik illustrere med følgjande historie:

Då kongen skulle abdisere i fjor, hadde han bestemt at han skulle fråtre ved å ta ferga ut på fjorden og så hive krona si på sjøen. Han hadde endåtil ordna med at ferga skulle ta ein ekstratur for å få dette gjort.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då var det ein meir velståande sambygding som bad om å få kjøpe krona for 20 000 kroner. Men det fekk han ikkje, for krona skulle hivast på sjøen.

- Når ein tenkjer på at Morten Holmefjord no skulle reise utanlands utan særleg mykje pengar på kontoen og utan nokon fast jobb, så syner dette kor standhaftig og konsekvent han har vore heile vegen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fusakongen fekk forøvrig Kommunikasjonsprisen for 2005 i januar i år. Prisen vart motteken av medlemer av utanriksrådet og eldrerådet i Fusa kongedømme på vegner av Morten Holmefjord.

Morten Holmefjord vart krona som konge i juni i 2003. Han underteikna ein traktat saman med representantar for øvrigheita i Fusa kor dei anerkjente kvarandre sine politiske system.

Fusakongen, eller Visekongen som han kalla seg, hadde i løpet av perioden som regent jobb på fiskefabrikk, og han budde heime hjå mor si.
Kongeriket Fusa fekk etter kvart sitt eige flagg, sine eigne pengar (Fusakroner) og eigne institusjonar.

Ei folkerøysting samstundes med stortingsvalet i 2005 synte at 600 fusabuar ønska at kongen skulle halde fram som regent i Fusa, medan 900 ønska at han skulle gå av. Morten Holmefjord tok konsekvensen av det og gjekk av i oktober i fjor. Kongen er no i eksil i Uruguay.

Liknande prosjekt er «Lucky Næroset» i Ringsaker og Svullrya i Grue kommune som melder seg ut av Noreg kvar haust og erklærer seg som eigen republikk.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving