Litt.klikk: «Det andre blikket»
Navn:
Odveig KlyveAlder:
52 årAktuell med:
«Det andre blikket»Sivilstatus:
Gift- Kvar var du då du skreiv boka?
- På arbeidsloftet mitt med utsikt mot sol, måne og skyer.
- Kven tenkte du på då du skreiv boka?
- Kva type PC skreiv du boka på?
- Ein bærbar, lyseblå.- Korleis valde du tittelen på boka ?
(Foto: Hans Jørgen Brun)
- Kva er yndlingsordet ditt?
- Det finst så mange fine ord, men eg har ein favoritt akkurat no. Eg har nyleg gjendikta ein arabisk poet og det finst eit vakkert arabisk ord som er nesten umogleg å finna eit dekkande ord for på norsk -zairora-.- Det tyder noko sånt som at mennesket gjennom livet er i ein konstant forvandlingsprosess.
- Kva bok betydde mest for deg då du var liten?
- Frå eg var ca fire år var det truleg ABC'en med ein fargerik hane utanpå. Eg hugsar kor fascinert eg var av dei ulike formene på bokstavane, og over at orda kunne rime. Seinare slukte eg alle indianarbøkene til Cooper som f.eks «Stifinnar». Eg var ein ekte hardangerindianar.- Kva bok betydde mest for deg som tenåring?

- Kva bok skulle du ønskje du hadde skrive?
- «Juleoratoriet» av Gøran Tunstrøm.- Kva bok har du aldri klart å fullføre?
- Eg håpar at eg har fleire ufullførte bøker i hovudet. Men om eg snakkar høgt om dei, blir dei i alle fall ikkje fullført. Bøker må bli til i eit stille rom.
- Kva bok ville du tatt med deg dersom bokhylla brann?
- Viss det berre var mi bokhylle som brann, reknar eg med at dei fleste bøker kan erstattast. Men eg har tru på at Tomas Transtrømer sine dikt kunne hjelpe meg til å finna roen att etter ei slik oppleving.- Kva CD passar best som soundtrack til boka?
- Gjerne «Alina» av Arvo Pärt.- Oppsummer boka i ei setning
- Det er ein diktsyklus som skildrar forholdet mellom mor og dotter i glimt frå barndom til demensavdeling.- Kva skodespelar passar best til å spela hovudpersonen i boka?
- Dette er dikt som fortel ei historie, og dei kan godt bli til ein film. Eg er også filmregissør og har alt laga ein bitteliten novellefilm om ei eldre, dement kvinne, der hovudpersonen vert spela av ei fantastisk dame på 80 år som heiter Kari Loland. Om eg skulle bruke ein profesjonell skodespelar måtte det bli Grete Nordraa.- Kva person skulle du ønskje hadde boka på nattbordet?
- Eg skulle ønskje at den låg på nattbordet til nokon som leitar etter ord for den sterke prosessen det er å oppleve at ein ven eller ein i familien gjennom sjukdom endrar oppfatninga si av det som er verkeleg.Om boka:
«Det andre blikket» er ei diktsamling som fortel om det smertelege tapet av minne hos ei aldrande kvinne. Dikta skildrar forholdet mellom mor og dotter i glimt som spenner frå barndom til demensavdeling. Tid og roller løyser seg opp og skaper forvirring, men og nye måtar å møtast på.
Om forfattaren:
Odveig Klyve (f. 1954) har studert film, media og sosialt arbeid ved Høyskolen i Stavanger. Ho har også gått Skrivekunst-akademiet i Bergen. Ho har skrive elleve bøker (dikt og barnebøker) og to teaterstykke, og har hatt manus og regi på fem kortfilmar.Forfattaren si eiga heimeside
Utgjevingar
1993 Rift (dikt)1994 Ei dobbel rørsle (dikt)
1995 Papirfly (bildebok for barn - utgitt saman med Åse Anda)
1996 Gravitasjon (dikt)
1997 Basunengelen (bildebok for barn, illustrert av Jan-Kåre Øien)
1999 Samtidig (dikt)
2002 Gjendiktning av Forugh Farrokhzad, Ein annan fødsel, i serien Stemmens kontinent
2004 Algebraisk (dikt)
2005 Gjendiktning av Fadwa Tuqán, Aleine med dagane, i serien Stemmens kontinent
2006 Det andre blikket (dikt)
Kilde: Cappelen.no
Her kan du lese fleire
Litt.klikk
Meir litteratur i
Neste Klikk:
LitteraturLitteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatter-portrettet
Lydbøker
ABC.Startsiden.no:
LitteraturDei tjue siste forfattarane i Litt.klikk:
Aksel Selmer: «Styrkeprøven»Tore Aune: «Oppdrag: Midnatt»
Astri C. Kleppe: «Her ute»
Jonny Halberg: «Tvillingen»
Mette Newt: «En plass i verden»
Olaug Nilssen: «Få meg på for faen»
Aasne Linnestå: «Utland»
Agnar Lihus: «Skogen er grønn»
Arne Svingen: «Pøbelkomiteen»














































Tine Birkeland
22. juni 2006 - 15:39
..
Ivar Andreasen:
trur ikke du forsto heilt ka eg meinte men eg skive på dialekt.,
Ivar Andreassen
20. juni 2006 - 16:08
mer ehm..
Til Tine Birkeland
Lær deg rettskrivning selv før du kritiserer andres språkkunnskaper.
Nasse Nøff
20. juni 2006 - 15:27
Nynorsk æhhhhh
Nynorsk bør holde seg i fjøset, Norge er faktisk et land i VERDEN !
Nasse Nøff
20. juni 2006 - 15:26
Nynorsk æhhhhh
Nynorsk bør holde seg i fjøset, Norge er faktisk et land i VERDEN !
Tine Birkeland
20. juni 2006 - 14:32
Ehm
Rikard Jakobsen:
det du skreiv var bare et typisk forsøk på å skriva nynorsk av en oslo mann. såg helt idiotisk ut..rett å slett..
Eg kan ver enig i at nynorsk tar av til tider men det der blei bare teit :)
Rikard Jakobsen
20. juni 2006 - 13:48
Krev nynorsk?
Jau, detta var verkeleg spanande lesning, du. Eg trur jaggu og pinadøtten ta meg, sann, at eg må lesa detta ein gong tel. Ettarpao skal eg sjå om eg ikkje kjemme meg på butikkjen for å kjøypa meg ei fine brokji. Så skal eg sjå sann om eg ikkje skal skriva eit dikt hellar to på ekta nynorsk, sjølvsakt. Ellar kanskje eg skulla sriva ei bokji om heimbygda mi oppi dala?
Vi råkas ein anna gong.
PS. Har steike fina gardina for sal!