Varig tilbakeslag for kvinner sine rettar?

Abort-motstandere protesterer i Montana i 2015. Siden har retten til abort blitt krafttig innskrenket i USA.
Abort-motstandere protesterer i Montana i 2015. Siden har retten til abort blitt krafttig innskrenket i USA. Foto: Thom Bridge / AP/NTB
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner sine rettar har i løpet av pandemien sett fleire tilbakeslag i fleire delar av verda, blant anna i Afghanistan, USA, Europa og i Iran. Men alt er ikkje heilsvart. Kvinner sine rettar og likestilling har stort sett blitt betre i vårt hundreår. Det kan snu igjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Bård Vegar Solhjell
Direktør i Norad

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med).

Det er ikkje til å tru. At ei kvinne eller jente i Afghanistan ikkje får forlate huset utan mannleg følgje. At dei ikkje får gå på skule etter sjette klasse, at studium, politisk aktivitet og delvis arbeidsliv er stengt.

Etter mange år med framgang for kvinner sine rettar, skjedde dette: Taliban slo til.

Tilbakeslag i fleire delar av verda

Og det på tampen av eit år med fleire tilbakeslag. Midtvegs i fjoråret bestemte amerikansk høgsterett seg for å stryke lova som har sikra kvinner i USA sin rett til sjølvbestemt abort i femti år. Plutseleg blei amerikanske kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp prisgitt abortlova i kvar enkelt stat. Også i Europa, i Polen, er det for nokre år sidan innført ei lov som gjer det svært vanskeleg å få utført ein abort.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er Altinget

Altinget.no er Norges første rendyrkede politiske nettavis. Med 28 nisjemedier i Danmark og 11 i Sverige er Altinget allerede et etablert mediehus i Norden. Målet er å øke forståelsen for nasjonal og europeisk politikk gjennom nisjejournalistikk av høy kvalitet – med et nøytralt utgangspunkt.

Nokre månader seinare døydde 22 år gamle Masha Amini i fengsel i Iran. Landets «moralpoliti» tok henne fordi hijaben ikkje sat forskriftsmessig på hovudet hennar. Mashas død utløyste store kvinne-demonstrasjonar i Iran. Dei held fortsatt på, og regimet svarer med å avrette dei som protesterer mot landets drakoniske reglar for kvinner i det offentlege rom.

Rett før jul kom den sjokkerande avgjerda frå Taliban om å stenge halvparten av landets talent og potensial ute frå samfunnsaktivitet og engasjement. Ikkje ein gong kvinnelege hjelpearbeidarar fekk vere i arbeid med å bøte på landets mange kriser.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Felles for alle desse politiske konfliktane er at det er kvinners råderett, bevegelse og påkledning som er sjølve slagmarka. Og nesten heile dette året førte Russland sin grufulle angrepskrig i Ukraina, der 90 prosent av dei som flyktar frå landet, er kvinner.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det skjedde krigshandlingar i Etiopia, ein konflikt med «utstrekt bruk av seksuell vald».

Det er ganske overveldande. Men det er ikkje heile bildet. Det krev sin mann og si kvinne å forsøke å sortere kva som eigentleg skjer, kva er tunge, langsiktige trendar, og kva er det som kjapt kan endre seg. Eg trur det er viktig ikkje å la seg overmanne av kjensla av at alt går til helvete.

Men alt er ikkje heilsvart

Tvert imot, den lange trenden er at vi dei siste generasjonane har sett ufattelege framsteg for likestillinga, i mykje av verda.

Sidan år 2000 er mødre-dødelegheita nesten halvert.

Dei langsiktige trendane viser mange land der kvinner sine rettar er styrkte både i lovverk og i praksis, høgare deltaking i arbeidslivet, betre tilgang på trygge abortar og seksuell og reproduktiv helse og fleire kvinner som er synlege i leiing og samfunnsliv.

Gjennom det meste av historia har det farlegaste ei kvinne kunne gjere, vore å føde. Men sidan år 2000 er mødre-dødelegheita nesten halvert. Frå 2000 til 2017 var nedgangen i kvinner som mister livet under graviditet eller fødsel, 38 prosent, ifølgje Unicef. Det er ein ufatteleg framgang, som vil seie at millionar av kvinner som elles ville dødd, lever vidare som mødrer. Ofte på grunn av ganske enkle forbetringar. Bistand har spelt ei sentral rolle i dette framsteget.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I Mellom- og Latin-Amerika har noko gått rette vegen

Mexico avkriminaliserte abort i 2021. Året før innførte Argentina sjølvbestemt abort inntil veke 14. Då var abort blitt tillate på Cuba, i Guyana, Uruguay og Colombia. På grunnplanet – i det enkelte landet, på den enkelte skulen – finst det også positive teikn.

I Tanzania er det kvart år rundt 6500 skulejenter som blir gravide. Praksis har lenge vore at dei blir kasta ut av skulen på grunn av «umoralsk overtramp». Etter mykje påtrykk har styresmaktene endra denne praksisen, slik at tenåringsjenter no får fortsette skulegangen, også etter at dei har født barn.

Løftar vi blikket igjen, finn vi også framsteg for unge jenter. Utsiktene jenter har til å gå på skule er kraftig betra gjennom dei siste generasjonane. Talet på barneekteskap går nedover. Dei fleste land i verda forbyr ekteskap med barn, og det blir no også utfordra i land der dette er ein praksis som står sterkt. Også den groteske skikken med å kjønnslemleste kvinner, såkalla «kvinneleg omskjering» er i tydeleg tilbakegang.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pandemien var eit steg bakover

Unntakstilstanden under pandemien blei brukt av styresmakter til å innføre ekstraordinære lover og redusere sivilsamfunnet sin råderett i fleire land, noko som gjerne rammar kvinner.

Då skulane opna att etter pandemien, er det anslått at 129 millionar jenter ikkje kom tilbake på skulen. Vald i nære relasjonar auka også, sjølvsagt drive av at vi rett og slett var meir heime.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nedstenginga førte til fleire uønskte svangerskap og fleire tenåringsgraviditetar. Ifølgje FNs befolkningsfond (UNFPA) er det 121 millionar utilsikta graviditetar kvart år, og heile 60 prosent av dei endar i abort.

Å få endra den føderale retten til abort i USA har vore eit mål for religiøst-konservative grupper i mange tiår.

Det er ikkje noko nytt at sterke grupper er ute etter å avgrense kvinner sine liv. Å få endra den føderale retten til abort i USA har vore eit mål for religiøst-konservative grupper i mange tiår. Men, då det lykkast i fjor, hadde det ein smitte-effekt og gav «blod på tann» til andre med same mål. Vi ser no at krefter i fleire land, blant dei Tyrkia og Ungarn arbeider for å få innført strengare reglar for abort. Ei anna kampsak er å erstatte ordet «kjønn» i normer og lovverk med «familien», noko som slett ikkje er det same.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å rekne seg fram til full likestilling

Nokre meiner at det med dagens fart vil ta 300 år før verda har oppnådd full likestilling mellom kvinner og menn. Andre har rekna ut at det vil ta 100 år. Det var før pandemien. Etter den er det 132 år fram til full likskap, ifølgje ei berekning som er gjort av World Economic Forum.

Teoretisk, ja, men det kan like fullt fungere som ein illustrasjon på kva for – vonleg mellombels – tilbakeslag pandemien innebar for kvinner sine rettar.

Ta med deg to ting frå denne teksten. For det første, alt er ikkje heilsvart. Tvert imot, kvinner sine rettar og likestilling har stort sett blitt betre i vårt hundreår. Det kan snu igjen.

For det andre. Det kom ikkje av seg sjølv.

Aldri.

Det blei kjempa og arbeidd fram. I Noreg, i USA og i utviklingsland. Det vil berre snu til framgang igjen om vi arbeider for at det skal snu.

(Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den).