Svartmåling av skeive:Om dei berre visste kva dei gjorde mot unge som ho

«Unge som veks opp i tru om at kjærleiken dei kjenner på er syndig og skamfull. Det er gift for unge menneske», skriv kronikkforfattaren. Biletet er ein illustrasjon.
«Unge som veks opp i tru om at kjærleiken dei kjenner på er syndig og skamfull. Det er gift for unge menneske», skriv kronikkforfattaren. Biletet er ein illustrasjon. Foto: Andrey Arkusha / Shutterstock / NTB
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg har ein veldig spesiell venn i livet mitt som hata seg sjølv. Ho kom ut av skapet ved eit uhell, og eg trur nok at ho skulle ønske at det vart verande hennar løyndom. Men no vart han også min.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Karoline Skarstein

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eigentleg kjente eg ho ikkje.

Ho var ein av dei som berre var der, litt i bakgrunnen. Venners venner sine venners venner, osb. Ein av dei som sit på kjøkenet når du er på besøk i kollektivet til venninner. Menneske som finst i livet ditt, som du sjeldan eigentleg pratar med.

Og ho hadde nok forsvunne ut av livet mitt òg, hadde eg ikkje skremt ho den kvelden.

Løftet om å aldri leve som seg sjølv

Eg visste at ho var kristen, frå ein ganske konservativ kyrkjelyd òg. Det er eigentleg litt flautt å tenkje på kor full av fordommar eg var.

For eg byrja å bruke høva eg fekk til å terge ho litt. Uskuldig erting. Og ein gong, då eg eg trefte ho på ein studentbar, spøkte eg med at eg kunne vere wingwoman, og hjelpe ho med å finne dame. For i mitt hovud var ho heilt sikkert litt «skeptisk» til slikt.

Eg vert så sint, frustrert og lei meg no kvart einaste år. Når avisene vert fylte opp av kristne som i harde ordelag freistar å svartmåle skeive.

Då eg fekk ho på tokvinneshand seinare same kveld, ba ho meg forskrekka om å for alt i verda ikkje fortelje nokon som helst at ho likte jenter. Ho hadde nemleg lova seg sjølv å aldri «leve det ut».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho skildra det som ei skamfull kjensle som ho freista å ikkje tenkje på. Og det gjorde vondt. Det gjer framleis vondt å vete at ho hadde det slik. Eg hadde akkurat kome ut av skapet sjølv og var euforisk, eg var så høgt oppe at nokre gongar tenkjer eg at eg trong å møte ho for å kome ned på jorda att.

Det vart vår løyndom. Ting vi snakka om då vi visste ingen kunne høyre oss. Og eg følte på ei vill stoltheit over at eg fekk bere på den løyndomen hennar saman med ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men livet gjekk vidare.

Vi flytta til kvar vår kant av landet, men eg tenkjer på ho kvar einaste dag. Og eg er framleis det irriterande neket som hugsar på å gratulere ho på den lesbiske synlegheitsdagen. Som vil minne ho på at sjølv om ho føler seg usynleg, er ho veldig synleg i livet mitt.

Då ho flytta til ein ny stad, passa eg på å tipse ho om lokallaget til Skeivt Kristent Nettverk. Og ho snakkar ikkje lenger om å aldri leve det ut. Tvert imot.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gløymer dei som ikkje er like heldige

Ho har laga seg ein plan for korleis ho skal klare det. Og av og til sjekkar eg inn berre for å høyre korleis framdrifta er. Ein slags pep-talk.

Ho skammar seg ikkje lenger. Men ho er redd for å miste nettverket sitt. Miste menneske rundt ho som har vore viktige gjennom oppvekst og igjennom trusutøvinga.

Og eg vert så sint, frustrert og lei meg no kvart einaste år. Når avisene vert fylte opp av kristne som i harde ordelag freistar å svartmåle skeive, organisasjonar for skeive og Pride.

Om dei berre visste kva dei gjorde mot unge som ho. Unge som veks opp i tru om at kjærleiken dei kjenner på er syndig og skamfull. Det er gift for unge menneske.

Eg vert òg svært lei meg når Oslo Pride finn på å nærast erklære kampen for over. Nyleg skreiv dei nemleg på eigen Facebook at «Vi lever i et land der vi blir akseptert for den vi er, er stolte og glade, og ikke er redde for å vise oss frem». Det er så naivt. Og det fortel at folka bak landets største Pride-markering, det som burde vore eit fargerikt rop for slike som venninna mi, har gløymt at ikkje alle er like heldige som oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen

No vart teksten deira etter kvart redigert etter å ha skapt nokre reaksjonar, men han er likevel verd å halde på. Som eit bilete på at vi ikkje må gløyme.

Eg veit ikkje om eg nokon gong kjem til å sjå ho i ein Pride-parade. Det er heilt opp til ho. Men eg har lova både meg sjølv og ho at eg i så fall skal vere der og gå saman med ho – kor enn ho er i verda.

Venninna til Karoline Skarstein er kjend med innhaldet i meiningsinnlegget, og har samtykt til at det vert publisert.

Meiningsinnlegget stod først publisert hjå Framtida.no.