Torkel (29) om rusavhengigheit:Det er ikkje skamfullt å søke hjelp. Det er modig

Torkel Eikevik (29)
Torkel Eikevik (29) Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Nokre gonger vel rusen deg. Fordi ein tenker at ein ikkje har noko val. At ein ikkje har noko anna, skriv Torkel Eikevik, som rettar ein stor takk til helsevesenet og medpasientane sine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Torkel Eikevik
Musiker og skribent

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Innlegget ble først publisert i Framtida.no

«Vi var ikke som alle andre barn,» seier eit nytt fjes på klinikken. Eg har ikkje sett han før. Det er tross alt berre tredje dagen min her inne.

Det er 17. mai, og vi er samla på eit sterilt kjøkken med personalet. Det ligg nokre spekepølser, litt laks, rømmegraut, og ein cola frå eit merke eg aldri har sett før på det alminnelege bordet framfor oss.

Lange, lengtande blikk blir kasta ut vindauget trass i at det regnar, og at folk høyrest problematisk berusa ut allereie klokka tolv. Kanskje det er det som freistar.

Livets rus

Rus har alltid vore ein del av livet mitt. Ein del av meg. Det er vel slik for dei fleste, tenkjer eg, på eit eller anna vis. Dopamin må ein ha.

Som tenåring brukte eg huset til mine bortreiste foreldre som ein utmerka samlingsstad for å kunne drikke lunken flaske-tuborg, eller heimelaga vin som smakte som den mangla ein heilt vesentleg prosess, saman med klassekammeratar og kjente. Vi var vel ikkje eldre enn seksten år når vi fyrst byrja å herje. Det førte oss sammen. Men også frå kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Før såg eg aldri på meg sjølv som ein engsteleg type. Dette endra seg, då eg var 18 og fikk mitt første fullblåste panikk-anfall på ein flyplass i Praha, etter ein klassetur. Det skulle vise seg å vere eit vendepunkt. I midten av tjueåra, var eg så full i irrasjonell, altoppetande angst, at det å drikke alkohol var som ein sjølvpåført våt draum.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto Foto: Tobias Tullius/Unsplash
Illustrasjonsfoto Foto: Tobias Tullius/Unsplash

Alle veit at Jeppe drikk

Dei fleste som har deltatt i denne surrealistiske, ufrivillige valsen kjenner godt til omgrepet «den vonde sirkelen». Ein drikk fordi ein har angst, og ein får angst fordi ein drikk. Alle veit at Jeppe drikk, men ingen spør kvifor. Jeppe er full i angst, det kan eg love deg.

Jeppe er full i angst, det kan eg love deg

Når ein forsøker å drikke vekk angsten sin, anten det er i sosialt lag, eller mot panikk, fungerar det gjerne kortsiktig, men problemet kan ofte bli fordobla dagen etter. Angstnivået i kroppen aukar, av ulike kjemiske grunnar. Ikkje nødvendigvis fordi ein gjer noko dumt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Roande benzo

For min del var det berre vin og piker, nettverksbygging, og allsang på grensa til pinleg. Slik det burde vere, for ein ung viril mann i sin beste alder. Men så sat den der i botnen og ropte meg på likevel, då. Denne kjensla av å ikkje strekke til. Uro. Og sjølvsagt, etterkvart, uhandterleg panikk.

Mitt første møte med benzodiazepinar, eit roande middel som skrivast ut mot angst og panikklidingar, var på legevakta i Bergen etter å ufrivillig ha fått i meg eit psykedelisk rusmiddel på ein 17. mai-fest. Korleis veit eg ikkje, men det er ei grei åtvaring mot å drikke frå andre sine glass.

Røynda brast, og uroen inni meg var så kraftig og uhyggjeleg at eg spydde og grein om ein annan. Eit sjarmerande syn for resepsjonisten som tok imot meg. Eg prøvde å fortelje ho at bilane var ute etter å ete meg, og at trea heller ikkje spelte heilt på lag, så beherska som eg kunne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Korleis kan eg kjenne det slik, alltid?

Etter ein nevrotisk, og sikkert delvis artig, samtale med ein lege, gav han meg to Sobril, samt ei banan, og ba meg om å slappe av. Skeptisk, heiv eg i meg denne mystiske pilla han hadde gjeve meg, og satt skjelvande kursen mot festplassen.

Etterkvart kjente eg ei overveldande kjensle av ro og harmoni. Panikken roa seg, og alt vart vakkert. Eg la meg ned i ein park, berre for å trekke pusten litt, og etter ei angstprega og søvnlaus natt, sovna eg, midt i parken, akkompagnert av fuglesong, og kjærlege vindkast.

Dette hadde eg sakna heile livet. Ingen uro. Ingen nervøsitet

Dette hadde eg sakna heile livet. Ingen uro. Ingen nervøsitet. Ingen indre kamp, eller misnøye. Kjensla av total, og komplett harmoni. Etter denne aha-opplevinga, om at det gjekk an å få eit preparat som tok bort alt det vonde ubehaget eg bar på, var det sjølvsagt det einaste eg tenkte på. Korleis kan eg kjenne det slik, alltid?

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Det er jo no eg fungerar bra»

Eg reiste til fastlegen og klargjorde situasjonen. Eg måtte kome meg på jobb, og var redd for etterverknadene av stoffet eg hadde fått i meg. Eg var redd for å få panikk, drite meg ut, og å måtte gå heim, for så å få sparken, fordi dei trudde eg var lat, eller sjuk i hovudet.

Legen spelte ball. Reseptane kom og gjekk, og eg følte ei livsmeistring eg ikkje før hadde kjent på. Eg gjorde det bra på jobben, fekk meg kjærast, og fungerte utmerka sosialt. Alt var fryd og gammen, kva no enn gammen betyr, fram til legen brått kutta meg av mi nye krykke. Ein kunne ikkje gå på dette for lenge, sa han. Det var sjanse for å bli avhengig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Avhengig? Eg kjente meg allereie avhengig. «Det er jo no eg fungerar bra», sa eg. Det er jo slik det skal vere.

Angsten for angsten

Han gjorde det han måtte, og slutta å skrive ut Valium, ein langtvirkande men effektiv benzodiazepin. Han ba meg byrje med kampsport, slutte å drikke, ete ei banan, og slappe av. Eg klandrar han ikkje. Men der og då var eg rasande.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Angsten for angsten

Desperasjonen melde seg momentant. Kva skjedde no? Korleis skulle eg no fungere? Korleis skulle eg komme meg på jobb utan å vera redd for at eit nytt anfall skulle terrorisere meg? Korleis skulle eg la den dåverande kjærasten og kameratane mine sjå meg svak? Angsten for angsten. Den makabre dansen.

På dette tidspunktet var eg nok meir psykisk avhengig, enn fysisk. Det skumle med benzodiazepinar er at ein ikkje veit heilt når det skjer. Mange av dei har langvarig effekt, og lang halveringstid. Ein kan gå i dagevis utan, og tenkjer: «hei, dette er jo ikkje problematisk i det heile tatt, eg har full kontroll».

Paradoksalt nok tek ein då fleire, sidan ein ikkje har eit reellt problem, så vidt ein sjølv opplever. Vegen frå å være psykisk avhengig, til fysisk, er ikkje alltid så lang. Med det kjem vi til delen eg skammar meg mest over.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vegen ned til Hamsterdam

Vegen var nemleg ikkje lengre, enn ein tur til Strax-huset. I tunnelen der, der alle narkisane hang. «Fristaden» etter stenginga av Nygårdsparken. Hamsterdam. Der selde dei benzo, hadde eg høyrt. Medisinen min. For å gje seg no, no når ting gjekk så bra, det var heilt uaktuelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med to hundre kroner i jakkelomma, stigande puls, omgitt av folk eg alltid hadde sett ned på, såg eg ingen annan utveg, enn å ta den ville oksen i horna. Eg hadde lese meg opp litt på førehand, og kjøpte det som skulle vere mest effektivt. Dette var starten på det turbulente og giftige kjærleiksforholdet til meg, og Rivotril.

Supermann på Rivotril

Rivotril, som inneheld virkestoffet clonazepam, er ein billeg, svært effektiv, og spinnvill benzo. Den tok bort meir angst enn eg førestilte meg var mogleg. Er det slik andre har det, tenkte eg, mens eg sokk lengre og lengre inn i mi eiga varme boble.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg skaffa meg kontaktar som eg kunne lite på, så eg slapp å oppsøke «miljøet» så ofte, ettersom det kjentes nedverdigande og utrygt. Eg skamma meg.

Eg var supermann. Om supermann var ein sløv, tidvis snøvlande idiot med Adidas-jakke

Det byrja med ein kvart, så ein halv, så ein heil, og så ein i ny og ne. Over fleire år. Ikkje så ofte, berre ved behov, tenkte eg.

Eg var supermann. Om supermann var ein sløv, tidvis snøvlande idiot med Adidas-jakke som skapte trøbbel på byen og sendte unødvendige meldingar til kjente (og mindre kjente) klokka 04.30 kvar fredagsnatt.

Årelang fylleangst

Det kan i ettertid best beskrivast som ein tre-fire års lang fylleangst. Eg hadde sjølvsagt gode dagar, og var framleis i arbeid. Fullt fungerande, oppegåande, og relativt hyggeleg, med mindre eg var kjempefull og ville «justere» formen.

Berre ved behov, sa eg til meg sjølv, og lurte meg sjølv, og andre, over lang tid til at dette ikkje var eit problem. For eg var jo tross alt ein (relativt) grei, ressurssterk kar. Likt av mange, mislikt av fleire. Men: eg var ikkje noko narkis, eg. Eg, som hadde mange vener, skreiv for aviser, lagde musikk, og hadde med meg snertne blonde jenter på 1.60 heim.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Om ein ikkje er heilt på botnen, er ein ikkje narkoman. Narkis. Ein er berre litt rusavhengig, av og til. Og det er jo alle, tenkte eg. Eg har ikkje eit problem, eg klarar meg jo greit, tross alt.

Trappa nedover

Det er ikkje noko lett å ta eit oppgjer. Det er ikkje lett for andre å motivere deg til å gjere det heller. Å måtte konfrontere seg sjølv, i den store, stygge spegelen, som har prøvd å seie ifrå i månadsvis, ja årevis, korleis stoda eigentleg er. Det krev mot. For mykje mot.

Vinteren 2019, byrja eg gradvis å trappe ned på forbruket mitt. Sommaren 2018, var verstingen. Eg tok stilling til både alkohol og Benzo, og brukte mot slutten berre ein kvart Rivotril dagleg. Den samme dosen som før hadde gjeve meg guddommeleg ro i dagesvis, kjente eg no ikkje i det heile.

Det var fleire grunnar til at eg vil slutte. Eg hadde funne meg ei jente eg på det tidspunktet meinte var verdig å skjerpe meg for. På rehabiliteringa hadde vi samtalar om at dei to sterkaste motivatorane for å endre seg var ei nær-døden oppleving, og på den andre sida kjærleik. Størst av av alt, fritt etter bibelen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit nederlag. Ei erkjenning

Ofte har ein eit ynskje. Ein indre motivasjon. Men den i seg sjølve er ofte ikkje nok. Ein treng også ekstern motivasjon. Kombinert med eit godt, trygt, nettverk rundt meg, og ein god gammaldags røyndomssjekk, var dette nok for meg til å ta grep. Eg møtte meg sjølv i døra. Eller, eg stanga rettare sagt rett inn i døra, for så å reise meg att, blodig og svimmel.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Eg møtte meg sjølv i døra

Det hadde vore mykje om og men, om å prøve å slutte på eigahånd, eller med oppfølgjing frå avdeling for rus-medisin, men etter å prøve å bråslutte på eiga hand fann eg ut det var best for alle om eg la meg inn.

Det var eit vendepunkt. Eit vanskeleg val. Eit nederlag. Ei erkjenning, og total absorbering, av sitt verste, høgst reelle, skamfulle rusproblem. Det er også eit frivillig val. Eit viktig val. Og ein har moglegheit til å sjekke seg ut når ein vil. Eg var innom tanken minst ein gong i veka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heltar på institusjon

Skuteviken er ingen hyggjeleg plass. Men likefremt er det ein nødvendig ein. Eg vart skremt. Skremt over kor langt det hadde gått. Rysta over kven eg no identifiserte meg med. Men mest av alt var eg redd, livredd, for kven andre no identifiserte meg med. Kva de identifiserte meg som. «Han fyren på rehab». «Han der pillefyren, som ikkje klarte å slutte sjøl». Eg visste ikkje. Men eg tenkte på det kvar dag.

Den nye realiteten min var no å ete middag med heroinistar, samt høyre andre innlagde sine mareritt gjennom dei tynne, hole, institusjons-veggane. Synet mitt vart dårlegare av abstinensane, men likevel så mykje klarare; eg såg ikkje lengre narkisar.

Eg såg menneske. Individ. Historier. Heltar, som ville ta eit tak, med verst tenkjeleg utgangspunkt. Menneske som ikkje såg nokon annan veg ut. Desse sosiale utskota eg sjølv hadde dømt, då eg såg dei sjangle forbi korskirkeallmenningen, på leit etter selskap, og medisin. Kven faen var eg til å dømme dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Livsviktig hjelp

Det er ingen leik å gå av benzodiazepiner. Spør Jordan Peterson. Særleg Rivotril. Verstingen. Alt i frå mild psykose, til muskelkramper, kroniske panikkanfall, og insomnia. I verste fall kan ein dø. I beste fall, hendte det eg tenkte, når det stod på som verst.

Etter to veker på avrusning, som er det første steget i ein rehabiliteringsprosess, reiste eg vidare til ein stabiliseringspost. Det byrja endeleg å sjå lysare ut. Det var å komme til ein ein heilt ny plass. Reint fysisk, men også mentalt. Alt var skummelt no. Men det var også trygt. Ingen peikefingrar. Berre uniformar, smil, og gode intensjonar.

Denne staden, og dette valet, redda meg

Eg vil tillate meg sjølv å vere så ærleg, med ei audmjuk tåre, å seie at denne staden, og dette valet, redda meg frå å fortsetje å leve eit liv det ikkje er sikkert eg hadde overlevd. Alt frå medpasientar, til dei som arbeidde der. Psykologar, treningsterapeutar, sjukepleiarar, og snille sjeler som lånte meg gitaren sin. Helsepersonell. Gje dei meir løn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Torkel Eikevik var med i andre sesong av NRK-serien «Jeg mot meg». Foto: NRK
Torkel Eikevik var med i andre sesong av NRK-serien «Jeg mot meg». Foto: NRK

Krigsveteranar, sjømenn, og studentar

I stabiliseringsfasen handlar det mest om å lande. Det blir ikkje forventa så mykje av ein, og ein kan delta litt på det ein vil.

Her vert ein vitne til andre sine historier, erfaringar og liv. Frå å ha vore klinisk daude opp til fleire gonger, til å gå skamfulle, dekte i sitt eige urin og ekskrement, i styrtregn til Nygårdsparken med ein stelt seddel, for å få tak i medisinen sin. Det var mykje, og mangt. Og vanskeleg å høyre. Fleire har mista familie, partnarar, venner, og blitt distansert frå sine eigne born. Og dette må dei tenkje på kvar dag, som nyktre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På avdelinga var det alt frå fungerande alkoholikarar, til folk som hadde gått fast på heroin i årevis. Krigsveteranar, sjømenn, og studentar. Nokre hadde sporadisk overforbruk av kokain og amfetamin, medan andre misbrukte piller. Som meg. Mennesker. I kamp. Soldatar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Inkassokravet ein til slutt måtte betale

Eg såg kompliserte menneske. Med kompliserte kjensler, og kompliserte liv. Dei var som meg, og eg som dei. Dei fleste hadde dårlegare utgangspunkt. Mindre sikringsnett, og større fallgruver. Eg fekk to ess på hand, dei fikk to og sju, likevel enda me opp på same stad, med same mål.

Dei var som meg, og eg som dei

Ein lærer mykje om seg sjølv, gjennom andre. Det å kunne prate med nokon som går igjennom det samme helvetet av abstinensar, sorg, og skam, som deg, var svært frigjerande. Det å kunne preike opent, med både personell og medpasientar, var som å endeleg kunne preike opent med seg sjølv. Ein prat ein hadde utsatt i årevis. Inkassokravet ein til slutt måtte betale, enn så dyrt det no måtte ha blitt.

Etter to veker på stabiliseringsposten fekk eg tilbod om å reise heim, eller vere på langtidsopphald, i etasjen over. Til tross for ein hinsides dårleg evne til å gå glipp av fest, moro, og liv, valde eg å reise opp dit resten av sumaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skulle eg no ikkje kunne ta meg ei øl i godt lag?

Dette var heimen min dei neste månadane. Frå juni til seint august. Frå den abstinente, urolege, og oppgitte mannen på 17. mai nokre månader tidlegare, hadde det skjedd ei haldningsendring. Eg lærte meir om meg sjølv på fire månader enn fem år. Mannen i spegelen, for å skamlaust sitere verdas beste popartist, var lengre ikkje så altfor vanskeleg å møte i blikket.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Eg lærte meir om meg sjølv på fire månader enn fem år

Eg var på ein betre plass. Eg kjente på håp, ambisjon, og tidvis glede. Men også ei umisgjenkjenneleg tomheit.

Ofte låg eg og undra, frå det var natt, til eg kunne høyre fuglane: skulle eg aldri få kjenne denne varme, trygge, bekymringsfrie tilstanden att?

Skulle eg no ikkje kunne ta meg ei øl i godt lag, i redsel for å på nytt starte ein vond sirkel, og skuffe meg sjølv og mine næraste?

Og kva med panikkanfalla?

Tankane var mange, og tunge. Mest av alt var dei viktige.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Redd for å bli dømd

Eg skriv dette, litt motvillig, fleire månader i etterkant. Framleis ikkje i mål, men med meir visdom, og ein vag optimisme for livet vidare.

«Det går bra, og om det ikkje det går bra, så går det over», sa ei god venninne til meg, her om dagen. Ein har gode dagar, og ein har dårlege. Alle som ein. Likevel saknar eg ofte vennen min. Trass i at han ikkje var bra for meg i lengda.

Dette har vore ein vanskeleg tekst å skrive. Eg er redd for å bli dømd. Det er sårt for meg. Det kjennes nakent, men samstundes terapautisk. Likevel, tykte eg det var eit såpass viktig bodskap ein plass inni her, at eg valde å fullføre den.

Tenk litt over kva du ser, neste gong du ser ein stakkar rave gatelangs.

Dette landet har godt av ei handlingsendring når det kjem til rus, og rusavhengigheit. Stigmatisering av folk som rusar seg, og rehabiliteringsklinikkar, bidrar til at enkelte ikkje vågar søke hjelp, då dei er redde for å bli dømte. Som meg sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi er ikkje så ulike, forstår du

Vi treng ei endring i korleis vi ser på, og behandlar, våre medmennesker. Særleg dei som er på botnen.

Vi er ikkje så ulike, forstår du. Anten du er avhengig av kaffi, snus, ein dram i godt lag, eller å ta bilde av fjellturen din, så prøver vi alle berre så godt som vi kan å lære oss trinna i denne snålt koreograferte, keitete, uforutsigbare, men tidvis vakre, dansen av eit liv.

Tenk litt over kva du ser, neste gong du ser ein stakkar rave gatelangs

Dette meistrar nokon betre enn andre. Nokre meistrar det ikkje i det heile. Det er ikkje alltid så enkelt at ein berre vel å ruse seg. Nokre gonger, vel rusen deg. Fordi ein tenker at ein ikkje har noko val. At ein ikkje har noko meir. Då er det viktig at ein som ein god samaritan ikkje er så raskt ute med den strenge, innsiktslause peikefingeren. Kva med å heller spørje kvifor?

Ein kjempestor takk

Eg vil avslutte denne ufrivillig sjølvmedlidande teksten med å sende ein kjempestor takk, og ikkje minst klem (med ein meters avstand) til personalet på Dr. Martens, medpasientar, helsevesenet i Bergen, gode vener, og tolmodige foreldre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Til alle som slit med noko liknande, eller kjenner seg att; det er inga skam å snu. Uansett kor langt ute du er på tur. Det er ikkje skamfullt å søke hjelp. Det er modig. Du er ikkje uverdig. Og du er heller ikkje åleine.

________________________________________________

Treng du hjelp? Ta kontakt med Rustelefonen:
Telefonnummer: 915 08 588 (kvardagar 11-18) eller chat