Kunnskapsmangel hos vegansamfunnet

Jenny Klinge har gått hardt ut mot veganersamfunnet.
Jenny Klinge har gått hardt ut mot veganersamfunnet. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Med kjøtt og fisk i kosthaldet har vi høve til å vera heilt sjølvforsynte dersom vi ønskjer det. Skulle vi bli ein nasjon av veganarar ville det derimot vorte matkrise.

Stemmer: Jenny Klinge
Stortingsrepresentant Senterpartiet

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Debatten om Norsk vegansamfunn og kva ideologien deira kan bety for norsk matproduksjon har gått heftig dei siste månadene. To styremedlemmar i Norsk vegansamfunn, Ailo Aasen og Henrik Kjellmo Larsen, har eit pussig lesarinnlegg mot meg på ABC Nyheter. Dei drar like godt til med påstanden «Alt Klinge sier om veganere er feil».

Dei har unnlatt å få med seg at eg ikkje kritiserer enkeltveganarar for kosthaldet desse sjølve måtte ønskje. Eg set derimot ideologien til Norsk vegansamfunn inn i ein større samanheng. Dersom haldningane deira skulle få stor oppslutning, vil det nemleg utgjera ein reell fare for matberedskapen og landbruket vårt. Og kulturlandskapet vil gro att svært mange stader.

Sjølvsagt kritiserer eg også enkeltveganarar som i debatten forvrengjer fakta og prøver å spreie vrangførestillingar om matproduksjon og ernæring. Det er trist å sjå den manglande kunnskapen desse og Norsk vegansamfunn har om korleis vi produserer mat i eit bratt, kaldt og vått land som Noreg.

Vegansamfunnet hevdar at dei vil spela på lag med den norske bonden. Men realiteten er at 70 prosent av bøndene driv med husdyrhald fordi dette er den einaste moglegheita dei fleste stader. Derfor er ideologien til Norsk vegansamfunn eigna til å avvikle store delar av norsk landbasert matproduksjon, sjølv om dei bruker mange fine ord om «sjølvforsyning». Men i tillegg til å slutte å eta kjøtt, egg og mjølkeprodukt vil dei at vi skal slutte å hauste fisk og skaldyr frå elvene og havet òg. Kva blir då att av den nasjonale matproduksjonen?

Med kjøtt og fisk i kosthaldet har vi høve til å vera heilt sjølvforsynte dersom vi ønskjer det. Skulle vi bli ein nasjon av veganarar ville det derimot vorte matkrise. Ifølgje ein forskingsrapport frå NMBU ville det då vore nødvendig å importere proteinrike planter dyrka på 6,5 millionar dekar utanlandsk jord fordi mange av desse plantene ikkje gror godt i Noreg. Massiv import er altså einaste svaret dersom nordmenn let seg skremme til å gå bort frå eit kosthald som faktisk gjer Noreg til eitt av landa med høgast gjennomsnittleg levealder. Usolidarisk og uføreseieleg er det òg.

Ein viktig del av denne historia er at norske bønder er i verdstoppen innan dyrevelferd og lite antibiotikabruk. Dyktige bønder over heile landet sørgjer for å halde jorda og kulturlandskapet i hevd, og bidreg til busetnad og aktivitet i tillegg til den verdifulle nasjonale matproduksjonen.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden