Det vi ikkje snakkar om som samfunn, kan vi heller ikkje gjere noko med
Redaksjonssjef for undersøkande journalistikk i NRK-avdelinga Dokumentar og samfunn, Solveig Husøy, er ikkje einig i kritikken mot korleis statskanalen har løfta sjølvmord og sjølvskading på Instagram.
Har NRK gøymt det viktigaste i vårt prosjekt om destruktive nettverk på Instagram, spør Ingvild Eide Leirfall i sitt innlegg i Framtida måndag.
Nei, heldigvis ikkje, vil vi hevde.
Gjennom eitt år har NRKs undersøkande miljø researcha og dokumentert korleis unge jenter søker saman i lukka nettverk på Instagram. Der deler dei mørke tankar, sjølvskadingsbilete, sjølvmordstankar og metodar – men finn også støtte og omsorg frå andre som slit og forstår. NRK har dokumentert minst 500 norske «mørke» profilar. Ekspertar og jenter som sjølv har vore eller er med i nettverket, meiner at jentene triggar kvarandre og gjer kvarandre sjukare. NRK har dokumentert at 15 jenter som har vore med i desse nettverka har tatt livet sitt dei siste åra.
Då vi publiserte dei første sakene søndag morgon, var nettverket heilt ukjent for dei fleste, inklusive helseminister Bent Høie og ei rekkje fagfolk som NRK har vore i kontakt med i vekene før publiseringa. Då er det naturleg at vi brukar plass på å forklare publikum kva vi har dokumentert før vi går vidare med saker om kva som har svikta. Allereie i Kveldsnytt same dag intervjua NRK helseministeren . To episodar av Innafor er publisert samtidig, med mykje fokus på kor systemet feilar i episode to.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenVi trenger meir openheit rundt sjølvmord og sjølvskading også i journalistikken, for å skape innsikt og forståing.
I starten av denne veka har vi fokusert både på kvifor nettverka finst, kor hjelpa sviktar og korleis nokre jenter internt i nettverket går langt for å redde andre.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenTysdag kveld møttest helseminister, barneombod, psykolog og konsekvensekspertar i Debatten sendt på NRK1, NRK TV og Alltid Nyheter for nettopp å diskutere systemsvikt, årsaka til at sjuke jenter søkjer til nettverk i staden for fagfolk og debattere moglege løysningar.
NRK kjem med fleire saker i dagane framover om ulike deler av nettverket og systemet rundt.
Vi håper og trur at publikum opplever at NRK ser denne saken frå fleire sider og evnar å engasjere til debatt på fleire arenaar. Vi trenger meir openheit rundt sjølvmord og sjølvskading også i journalistikken, for å skape innsikt og forståing. Det vi ikkje snakkar om som samfunn, kan vi heller ikkje gjere noko med.