Er det for mykje press på VGS-elevar?

Bakgrunnsfoto: Pixabay. Illustrasjoner: L-innsikt. Bilde: Privat
Bakgrunnsfoto: Pixabay. Illustrasjoner: L-innsikt. Bilde: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Det blir forventa at vi er meir strukturerte og vaksne enn lærarane sjølve er til tider, og dette er nok med på å gjere at fleire og fleire ungdomar slit med depressive symptom», skriv 18-år gamle Linn Isabel Eielsen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Linn Eielsen
Tegneserieskaper og videregåendeelev ved musikklinje

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne teksten er ikkje nødvendigvis retta mot lærarar, då eg respekterer alle lærarane mine og alle lærarar eg har møtt endelaust mykje. Forståinga dei fleste av dykk møter oss med i kvardagen er fantastisk, og tusen takk for jobben de gjer.

Eg ønskjer å skrive dette for å kanskje vekke nokre nye tankar, og teksten er meir retta mot politikarar og dei som faktisk gjer vala om læreplan og liknande, enn den er retta mot ei spesifikk yrkesgruppe.

Tidlegare har eg skrive eg om korleis eg på same dag hadde tre vurderingssituasjonar på skulen. Denne veka hadde vi éin tentamen i norsk, ei innlevering av ein stor produksjonsrapport som fort kunne ligge på rundt 30-60 sider med bilete, éin korkonsert i Vår Frelsers kirke i Haugesund og nokre i klassen hadde munnlege høyringar i RLE og historie i tillegg til denne fredagen med tre prøver.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg synest vår kvardag på den norske vidaregåande skulen er dårleg planlagt og oppstykka

Vi vert kalla generasjon prestasjon, og statistikkane er vonde. 15 prosent av oss – nei, stryk det, for eg vil at de skal sjå på oss som menneske og ikkje tal. Rundt 5 elevar i kvar klasse på 30 elevar har ifølgje den siste Ungdata-undersøkinga sterke depressive symptom. Vi er meir engstelege enn før, vi føler meir håpløyse med tanke på framtida, og vi er under eit enormt akademisk og sosialt press.

Eg synest kvardagen vår på den norske vidaregåande skulen er dårleg planlagt og oppstykka. Det er så mange mogelegheiter til samkøyring og samarbeid, men vi mistar det idet vi tviheld på system og seier at «slik har det alltid vore». Tradisjon er berre gruppepress frå døde folk. Eg kjem vidare i denne teksten til å peike på nokre ting som eg tenker kunne vore løysingar, samt konkrete problem.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Saken fortsetter under

Artikkelen fortsetter under annonsen
Alle illustrasjonane er henta frå teikneserien til Eielsen.
Alle illustrasjonane er henta frå teikneserien til Eielsen.

De lovar at de skal ta omsyn

Lærarane sa i VG1 at vi ikkje skulle ha meir enn tre vurderingssituasjonar på ei veke, men dei sa også på første skuledag at vi ikkje kom til å trenge eit einaste ark i løpet av dei neste tre åra. Mi klasse åleine har drepe ein halv regnskog, og det er ikkje sjeldan vi har meir enn tre vurderingssituasjonar på ei veke.

Vi som elevar sit att med fleire (på det meste hadde eg tolv forskjellige) lærarar som alle meiner at sitt fag er eit viktig fokusområde. Vi skal helst ha to vurderingssituasjonar i alle faga våre, og mange legg inn eit par ekstra innleveringar eller munnlege høyringar.

Kanskje eit vilt forslag, men kva viss ein hadde prøv å kombinere faglege vurderingar? Dette er nok ikkje noko lærarane sjølv kan bestemme at dei skal gjere, på grunn av fylkeskommunar og Utdanningsdirektorat. Men for eksempel kunne den munnlege norskkarakteren blir sett på ein naturfagspresentasjon? Eller la eleven invitere norsklæraren til å sjå på ein presentasjon i eit anna fag vedkomande er flink i, som RLE eller historie.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette gjev meir meining for meg enn at ein skal ha ei munnleg diktanalyse, men eg har aldri sett det praktisert. Slik kunne ein kvitta seg med minst to vurderingar i eitt semester, og viss ein spinn på tanken så er det sikkert fleire fag som kunne blitt kombinerte slik.

Saken fortsetter under

Frå: L-innsikt.
Frå: L-innsikt.

Pensum er alt for stort!

Mange lærarar vil nok vere einige i at vi har eit for stort pensum, ettersom vi ikkje har rokke å gå gjennom ei heil bok i nokon fag, nokon sinne. Vi har kapittel vi skummar forbi, og vi har kapittel som vi berre glatt hoppar over. Dei einaste som fekk gå gjennom kapittel 10 og 11 i matteboka i VG2 var dei som kom opp til eksamen. Eg har framleis ikkje peiling på korleis den sannsynsrekninga fungerer. Får nok aldri bruk for det heller, men likevel.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg har framleis ikkje peiling på korleis den sannsynsrekninga fungerer.

Poenger er at pensumet vårt er for stort. Det er for detaljert, og det gamle puggeopplegget er ikkje lenger relevant i dagens samfunn. No handlar det om å vite korleis ein formulerer denne informasjonen som sin eigen. Eg treng ikkje å vite datoen den og den personen blei skoten, eller datoen det og det slaget skjedde. Eg må vite at det skjedde og kvifor det skjedde. Om eg får bruk for detaljar så er Google det vi alle kjem til å ta i bruk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Saken fortsetter under

Frå: L-innsikt.
Frå: L-innsikt.

De ber oss vere vaksne og planlegge

Dei fleste av oss er mellom 16 og 19 år. Vi har ikkje lært livet enno, og vi held på å lære oss korleis rutiner fungerer.

I tillegg så hadde hjernen vår ein mental kræsj på ungdomsskulen, og vi er framleis forvirra. Herre min hatt, eg var ein person for fem år sidan, og så kræsja hovudet mitt og alt blei flytta rundt. Eg held framleis på å bli kjent med meg sjølv, og det same gjer dei andre på min alder.

Vi kjenner ikkje våre eigne grenser enno. Vi er enno sårbare og lett påverkelege. Når de forventar at vi skal gjere noko, så forventar vi det av oss sjølv. Viss ein lærar ber meg gjere noko og seier det er viktig, så synest eg det er viktig og får dårleg samvit viss eg ikkje presterer.

Vi kjenner ikkje våre eigne grenser enno.

Musikklinja ved skulen min er veldig gode på akkurat det å hjelpe oss med å planlegge, men det er noko mange av elevane på VGS saknar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lærarane mine minner oss på kva vi skal gjere og når prøvene er. Dei legg ut ein prøveplan allereie den første månaden i semesteret, og denne planen blir følgd meir eller mindre nøyaktig. Det er heilt fantastisk, og det gjev dei ein mogelegheit til å ta omsyn. Dette er det ikkje alle elevar som er like heldige med, og eg ser stor frustrasjon hjå andre skular og på andre linjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg ønskjer på vegner av mine medelevar at det blir lagt ut i alle fall ein prøveplan som kan hjelpe oss å planlegge dagane våre.

Saken fortsetter under

Frå: L-innsikt.
Frå: L-innsikt.

Slutt å bruke fritimane våre?

Fritimane mine er mine fritimar. Viss eg vil sjå på Netflix i fritimen, så har eg lov til det. Viss eg vil jobbe med lekser og gjere skulearbeid, så har eg lov til det. Kvifor er det så populært å leie inn instruktørar og føredragshaldarar i fritida mi på skulen, den som eg vil bruke til ting eg må få gjort?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Passa verkeleg ikkje det føredraget om eteforstyrringar inn i ein gymtime, kor det forresten burde vere pensum å fortelje om eteforstyrringar?

Passa ikkje det føredraget om stressmestring inn i for eksempel ein… Eg veit ikkje, eg har ikkje ein mastergrad. Dette her burde de eigentleg klare å tenke ut sjølv.

Saken fortsetter under

Frå: L-innsikt.
Frå: L-innsikt.

Så det er nokre tankar eg har om den typiske norske vidaregåande skulen. Eg synest dagane våre er oppstykka fordi det er lite samkøyring mellom fag. Mange ekstra vurderingssituasjonar kunne vore kutta viss vi hadde planlagt litt betre, og fritimane våre blir ofte brukte til skulen sine interesser slik at dei kan huke av at noko er gjort. Det blir forventa at vi er meir strukturerte og vaksne enn lærarane sjølve er til tider, og dette er nok med på å gjere at fleire og fleire ungdomar slit med depressive symptom.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den norske skulen har allereie brote ned ein heil generasjon med ungdommar, nemleg min generasjon.

Jobben til fylkeskommunen og skule-Noreg vidare bør bli å førebyggje nedbryting hjå den neste generasjonen. Vi er framleis unge, og vi skal lære meir enn berre datoar og reknemetodar. Vi er ikkje berre elevar, vi er også menneske.

Viss de har gløymt det, så dukka eg no opp for å minne dykk på det.

Kommentaren er tidligere publisert på bloggen til Eielsen og Framtida.no

Les også intervjuet med Linn: – Dette er ikkje noko eg «held på med», og eg vil ikkje kalle det enten hobbyen min eller jobben min, det er heile meg, det er personen eg er.