Meny

Sykkelhjulet som forsvann

Å ha framhjulet på plass, er ein førestnad når ein skal ut for å sykle. Foto: Beate Hagtrø
Stemmer: Beate Haugtrø
Journalist i Framtida.no

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Dette er ei sjølvopplevd historie frå storbyen. Det viktigaste når ein skal sykle er trass alt å ha to hjul.

Etter eit års trafikk-eksil i kjellaren på grunn av eit ikkje-fungerande sykkelhjul, tenkte eg at no var det på tide å få sykkelen min til å trille avgarde igjen. Ein vårdag tok eg han difor fram med friskt mot, troppa opp hos sykkelreparatøren, og betalte dei kronane som skulle til for å igjen kunne suse avgarde i Oslos gater med vårvind i håret. Kort tid etter hadde sykkelen begge hjula på plass. Transporten gjekk igjen fortare, handleposane frå butikken vart lettare, livet berre susa avgarde, i betre flyt enn på eit heilt år.

Og gleda vara i to veker

Ein morgon eit par veker seinare kom eg ut i den ellers så pålitelege og trygge bakgarden der eg budde. Sykkelen stod trufast og venta. Det var berre eitt problem, og det var at det ikkje var noko framhjul der lengre. Vantrua var stor. Fanst det ikkje ei universell lov som let nyfiksa syklar stå i fred iallfall ein sesong frå og med datoen den vart henta hos sykkelverkstaden? Skulle eg verkeleg investere i to framhjul på ein og same månad? Den indre motstanden var stor, og eg let dagane skure og gå, til fots og med buss. Dagane gjekk utan vind i håret, og eg hadde fått sykkelhjul på hjernen.

Eg la merke til sykkelhjul kor enn eg gjekk. Kunne hjulet som sto der og slang utan eigar, passe til sykkelen min?

Eller likna ikkje det sykkelhjulet som sto inntil husveggen mistenkeleg på mitt eige sykkelhjul? Lysta til å brenne av fleire hundrelappar på sykkelhjul for sesongen var heller låg.

– Treng du eit sykkelhjul?

Ein dag kom eg gåande ut døra frå kjøpesenteret på Alexander Kiellands plass, med to fulle bereposar i hendene. På veg over gata fekk eg auge på ein fyr som sto og hang på fortauet på andre sida. Og kva stod han der og heldt i hendene på påfallande henslengt vis? Jo, eit sykkelhjul. Og kvifor stod det ein fyr der, midt på gata, med eit sykkelhjul under arma, kun få veker etter at eg hadde mista mitt eige? Det er vel greitt å legge til at på den tida hadde Kiellands plass lenge vore ein plass der det å sette frå seg sykkelen i nærleiken av rundkøyringa var å be om å få han stolen.

Om eg eigentleg trudde det var eit gjensyn med mitt eige sykkelhjul, eller om eg bar på ei moralsk ansvarskjensle og eit søsterskap overfor alle byens frastolne sykkelhjuleigarar er litt vanskeleg å seie. Men eg vart lang i blikket, og i det eg passerte fyren på gata, så gjekk eg nesten baklengs og speida etter både han og hjulet.

At eg glana meg baklengs opp gata, gjekk ikkje upåakta hen. Nokre meter etter at eg hadde passert vedkommande, så ropte han etter meg.

– Hei! Treng du eit sykkelhjul?

Heim med sykkelhjul under arma

Eg gjekk ned dei samme metrane, og såg han i auga.

– Ja, det gjer eg faktisk, svara eg. Kvifor står du her med eit sykkelhjul under arma?

Fyren la ut ei ganske lang og utruleg historie om at nokon nettopp hadde sprunge av garde nedover vegen med sykkelen hans, og at berre hjulet var igjen.

– Utruleg irriterande med folk som berre går rundt og stel syklar, sa han.

Eg sa meg einig i det. Utruleg irriterande.

På forunderleg vis endte møtet opp med at eg gjekk heim med eit sykkelhjul under arma, og han stod der utan. Eg kjente ei svak kjensle av dårleg samvit blande seg med ei litt nøgd kjensle av å ha eit sykkelhjul under arma. Vissa om at eg sannsynlegvis gjekk rundt med eit stole sykkelhjul var ikkje ei spesielt bra kjensle, og da eg kom heim, var hjulet for stort, og vart ståande ubrukt i kjellaren.

Eit par veker seinare var eg på veg frå same kjøpesenter med bereposar i hendene. Denne gongen gjekk eg saman med ei venninne som skulle vere med på middagsbesøk. Vegen heim gjekk om ei trapp som passerer ei fontene med ein liten bjørnestatue midt i fontena.

Hyggeleg gjensyn

På veg opp trappa, spratt det opp ein fyr bak bjørnen i fontena.

– Hei! Fekk du bruk for sykkelhjulet ditt?, kom det frå fyren. Fyren med sykkelhjulet hadde ikkje gløymt meg.

– Nei det fekk eg faktisk ikkje, vil du ha det tilbake? svarte eg. Det ville han.

Så gjekk eg heim ifølge med ein middagsgjest som ikkje forstod noko som helst av kva som skjedde, og ein ny bekjent med knekk i knea, sykkelhjul i sikte og over middels peiling på sykkellåsar og korleis klippe dei av. Praten gjekk kameratsleg opp gata, og eg fekk fleire gode tips til kor eg kunne finne både syklar og sykkelhjul.

Litt sveitt i panna var eg da naboen sat og hang i bakgarden, medan min nye venn ga meg ei grundig innføring i kva for sykkel-låsar som er lette å klippe av, og kva for låsar eg burde låse sykkelen min med. Han kunne meir enn gjerne òg skaffe meg eit sykkelhjul, for han visste godt kvar dei var å finne. Eg takka høfleg, men tydeleg nei takk, så naboen skulle høyre, men den nye vennen min var av det hjelpsame slaget, og tok ikkje heilt eit høfleg nei for eit nei.

– Ein dag står det plutseleg eit sykkelhjul på trappa di, sa han kameratsleg.

Sykkelen til den tøffaste guten i gata

Kort tid etter gjekk turen igjen til sykkelreparatøren, og eg fekk eit framhjul så kraftig at naboen ga sykkelen min status som «sykkelen til den tøffaste guten i gata». Eit skikkeleg solid sykkelhjul som har halde seg på plass heilt fram til i dag, to år seinare.

Den som trur det er sykkelvegar, harde fortauskantar og biltrafikk her i storbyen som er den største utfordringa med bysykling tar alvorleg feil. Det mest elementære er faktisk å ha begge hjula på plass.

Trass den storstilte innsatsen frå bymiljøetaten i Oslo – å ha sykkel i storbyen er ingen spøk.

På veg heim frå byen her om dagen merka eg at det plutseleg ikkje var nokon bremsewire kobla til bakhjulet på sykkelen min. Korleis det løyste seg på magisk vis, kan eg kanskje fortelje om ein annan gong.

Les også: Med denne dingsen slepp du å bekymra deg for sykkeltjuveri

Kommentaren er først publisert på Framtida.no

Stemmer
Helse og livsstil
Populært