Rekordtidleg åpning i Myrkdalen
Godt hjulpne av snøkanoner kan Myrkdalen Fjellandsby no gjere seg klar for ein av dei tidlegaste sesongopningane nokosinne.
Artikkelen fortsetter under annonsen
– Allereie laurdag 1. november opnar me delar av skisenteret, og me er veldig glade for å kunna invitera gjestene våre på ski allereie no, seir John Ivar Norheim, dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheisar, i ei melding.
– Myrkdalen er kjent for å vera snøsikker og no siktar me på at skiheisane går heilt fram til mai, fortel Norheim vidare.
Så langt i år har det kome lite natursnø, både i Myrkdalen og på Vestlandet elles, men så fort det blei kaldt nok heiv dei seg rundt og starta snøkanonene. Trass relativt milde vêrforhold har fjellandsbyen klart å produsera nok kunstsnø til å opna Myrkdalsekspressen og løype 1, Badnabakken, Mikkeltrekket og Mikkelinetrekket.