Myrkdalen: To nye skitrekk klar til neste vintersesong

Eit omlag 700 meter langt tallerkentrekk vil gå frå Hagamyra opp til øvre Mørkve, der eit vel 1200 meter langt t-trekk går vidare opp mot Mørkvestølen.
Eit omlag 700 meter langt tallerkentrekk vil gå frå Hagamyra opp til øvre Mørkve, der eit vel 1200 meter langt t-trekk går vidare opp mot Mørkvestølen. Foto: Myrkdalen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå 1. desember 2023 koplar to nye skitrekk Mørkveslia saman med resten av skisenteret og løypenettverket i Myrkdalen på Voss. 

Artikkelen fortsetter under annonsen

SKIFERIE: Et av Vestlandets største skisentre skal bruke sommersesongen til å utvide.

I denne omgangen er det snakk om to nye trekk i Myrkdalen. Eit omlag 700 meter langt tallerkentrekk vil gå frå Hagamyra opp til øvre Mørkve, der eit vel 1200 meter langt t-trekk går vidare opp mot Mørkvestølen.

Herifrå kjem det ei skiløype som koplar seg på det etablerte løypenettet til Storhaugekspressen.

Allereie i vinter har dei nye hytteeigarane i Mørkveslia fått nyte godt av ski-inn-fasilitetar, med busstransport frå hyttene til sentrum om morgonen og ski tilbake via transportløypa frå Storhaugen på ettermiddagen.

Til neste år vert det ski-uttilkomst utan bruk av buss.

Dei nye skitrekka koplar Hagamyra i Mørkveslia saman med resten av løypenettet i Myrkdalen. Foto: Myrkdalen
Dei nye skitrekka koplar Hagamyra i Mørkveslia saman med resten av løypenettet i Myrkdalen. Foto: Myrkdalen

-Med ein snøvinter som i år er det også ein del som har fått prøvd seg litt utanfor løypa og verkeleg fått opplevd Mørkveslia som eit puddereldorado, seier eigedomsrådgjevar Nils Akselberg i ei pressemelding.

Til neste år vert dette området tilgjengeleg for alle.