Loen Shuttle - ein ny måte å oppleve Loen og Lodalen på

Loen Shuttle skal bidra til å få ned biltrafikken i Loen og Lodalen.
Loen Shuttle skal bidra til å få ned biltrafikken i Loen og Lodalen. Foto: Loen Active
Artikkelen fortsetter under annonsen

Oppstart av eit nytt og etterspurt transporttilbod i Loen og Lodalen. I juli starta Loen Shuttle - eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

NORGESFERIE: Bussen vil ha tre daglege avgongar, tre gjennom Lodalen til Kjenndalstova og tre til Oppheim.

Enten du ønskjer å gå til Rakssetra, oppleve Lovatnet eller bade på Breng kan du i sommar la bilen stå, og hoppe på Loen Shuttle. Med ein fleksibel dagsbillett kan du reise så mykje du vil.

- Dette vert ein lettvint og fleksibel måte å oppleve området på, og det er veldig gledeleg å kunne samarbeide på tvers av reiselivsbedrifter med å få etablert eit tilbod som har vore etterspurt av besøkande, seier Jarle Grov i Loen Active AS i ei pressemelding.

Kraftig trafikkvekst

- Både Lodalsvegen og Oppheimsvegen har hatt kraftig vekst i trafikken siste åra. Dette viser også trafikkteljingar vi har gjennomført i Lodalen, seier leiar Jan Heggheim i meldinga.

Dette er eit svært godt initiativ frå reiselivet i Loen, med Loen Active i spissen. No kan gjester og tilreisande la eigen bil og bubil bli ståande. Målet er mindre trafikk, redusert miljøavtrykk og ein tryggare veg, til glede for alle som brukar vegane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er aktivitetsselskapet Loen Active AS som står for drifta. Sjølve idéen er eit resultat av arbeid i prosjektet “Destinasjonsutvikling Loen og Lodalen”, der Hotel Alexandra, Stryn kommune og fleire reiselivsbedrifter siste året har engasjert seg i utviklinga av området. Loen Utviklingslag leiar prosjektet.

Heggheim ser difor fram til å få kome i gang med eit tilbod som kan få ned trafikkbelastninga på dei smale vegane.