
– Vi må få på plass gode og sikre løysingar for handsaming av personopplysningar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Foto: Henrik Jonassen /SD
Det er Statens vegvesen som har sendt ut forslaga på høyring. Frå april 2020 fram til 1. juli 2022 er det ei mellombels lov som gjer det mogleg å betale for ferjebillettane utan å vere i kontakt med mannskapet. Å redusere spreiing av covid-19-viruset har vore årsaka.
– For å kunne innføre dette som ei permanent ordning, må vi få på plass gode og sikre løysingar for handsaming av personopplysningar. Det er hovudformålet med forslaget til lovendringane, seier Nygård.
Etter at høyringa er avslutta 7. april, vil Statens vegvesen handsame innspela. Deretter vil dei sende over eit forslag til lovendring til Samferdselsdepartementet.
For meir informasjon, sjå høyringa på Statens vegvesens heimesider.