Forskar overraska over snøskuter-forureining i Longyearbyen

I august 2020 viste Tatiana Drotikova og kollegaer frå norske og skotske forskingsinstitusjonar korleis kolkraftverket forureinar relativt lite samanlikna med andre kjelder til utslepp, slik som trafikk og industri. No planlegg dei å berekna kor giftige utsleppa frå snøskutarane er.
I august 2020 viste Tatiana Drotikova og kollegaer frå norske og skotske forskingsinstitusjonar korleis kolkraftverket forureinar relativt lite samanlikna med andre kjelder til utslepp, slik som trafikk og industri. No planlegg dei å berekna kor giftige utsleppa frå snøskutarane er. Foto: UNIS
Artikkelen fortsetter under annonsen

Snøskutarane i og rundt Longyearbyen forureinar meir enn kolkraftverket. Overraskande nok er Svalbard-lufta mest forureina om våren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi hadde venta mykje høgare forureining om vinteren når han

vert transportert gjennom lufta frå nord i Europa og Asia. Når det er mørkt, vert ikkje stoffa som forureinar brotne ned like lett. Dessutan er utsleppa større på grunn av oppvarminga av bygningane i det nordlege Eurasia, forklarar Tatiana Drotikova i ei pressemelding fra Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

Tjærestoff fra fossil brensel

Ho har skreve doktorgrad ved NMBU på Ås, men held til på Universitetssenteret på Svalbard, UNIS.

Der følgjer ho utsleppa av polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH). Det er ei gruppe med fleire hundre ulike stoff. Ofte kallast dei for tjærestoff. For mykje av desse stoffa kan mellom anna føra til lungekreft, for tidleg fødsel og lågare fødselsvekt.

– Luftforureininga kjem frå forbrenning av fossile brensel. Her kjem det meste frå bilar, snøskutarar og kol – det er ikkje mykje vedfyring, smiler Drotikova.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Reinsa kolkraftverk

Longyearbyen har Noregs einaste kolkraftverk. Svalbard har eitt til: I den russiske gruvebyen Barentsburg. I januar 2021 annonserte regjeringa at kolkraftverket på Svalbard skal erstattast av ein meir klimavennlig løysing i løpet av dei neste to til tre åra.

– Kraftverket i Longyearbyen installerte eit nytt reinsesystem i 2015. Det er framleis ei stor, permanent kjelde til forureining, men det ser mykje betre ut no, slår ho fast.

90 prosent av tida bles røyken frå kraftverket bort frå Longyearbyen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi har samanlikna dette kraftverket med andre over heile verda, og med kraftverk som er utstyrt med tilsvarande system for reinsing. I den samanlikninga er dette lite og veldig reint, og vi kan konkludera med at det er eit svært godt reinsesystem, fortel Tatiana Drotikova.

Turistar forureinar på Svalbard

Det som derimot forureinar, er turistane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– PAH-konsentrasjonene er klart høgare om våren enn om vinteren, seier ho og forklarer det med snøskutarane.

– Om vinteren er det variert vêr. Før våren kjem vert temperaturane på overflata ekstremt låge. Det gjer at blandinga mellom luftlaga vert mykje mindre om våren og at lufta nærast bakken er isolert frå laga over, seier ho.

Når våren kjem, er det lågaste sjiktet berre 100 meter tjukt. På fastlandet kan det gjerne vera to kilometer tjukt. Og det er i dette sjiktet forureininga må tynnast ut. I staden vert sjiktet til eit «lokk» som låser forureininga rundt Longyearbyen slik at ho vert overraskande konsentrert.

I Ny-Ålesund, der skutertrafikken er mykje mindre, er òg lufta mykje reinare.

Sommaroverraskingar i Longyearbyen

– Om sommaren forventar vi at dei forureinande sambanda vert brotne ned raskare når det er sol døgeret rundt og låg langtransport av forureining frå lengre sør. I mange forskingsartiklar kan du sjå at Arktis er reint om sommaren, men det gjeld ikkje Longyearbyen! konstaterer Drotikova.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein normal sommar får Svalbard òg besøk av mange cruiseskip.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Her bur det 2400 menneske. Nokon gonger kjem det cruise-fartøy med 3000 passasjerar, så folketalet vert meir enn fordobla. Utsleppa frå båtane gir òg høge PAH-konsentrasjonar. Men om sommaren er luftlaget som tynnar ut forureininga, tjukkare, og luftlaga blandar seg betre, fortel ho.

Kor giftig er det?

Det har aldri vore gjort slike målingar i Longyearbyen før. Difor har ikkje Drotikova noko å samanlikna med. Ho fortel òg om ein vind som skiftar retning når sommaren kjem. Så lenge det er snø på bakken, er bakken kaldare enn fjorden utanfor. Om sommaren, derimot, er vatnet kaldare enn bakken. Dermed bles vinden frå fjorden og inn på land.

I august 2020 viste Tatiana Drotikova og kollegaer frå norske og skotske forskingsinstitusjonar korleis kolkraftverket forureinar relativt lite samanlikna med andre kjelder til utslepp, slik som trafikk og industri. No planlegg dei å berekna kor giftige utsleppa frå snøskutarane er.

Drotikova prøvde å ta prøvar i Barentsburg, også. Der klarte ikkje måleutstyret å samle prøvane, grunna den store mengda partiklar i røyken frå kraftverket.