Wittgenstein sitt hus i Skjolden er no freda

Wittgenstein sitt hus er plassert på ei hylle rundt 50 meter over Eidsvatnet i Skjolden. Huset har derfor ein noko utfordrande tilkomst. Stien opp til hytta er del av fredninga.
Wittgenstein sitt hus er plassert på ei hylle rundt 50 meter over Eidsvatnet i Skjolden. Huset har derfor ein noko utfordrande tilkomst. Stien opp til hytta er del av fredninga. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Riksantikvaren fredar huset til filosofen Ludwig Wittgenstein i Skjolden i Luster kommune i Sogn. Det vart tilbakeført til den opphavelege plassen i 2019.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I ei brått skråning i enden av Eidsvatnet står huset som den verdskjente filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike fekk oppført i Noreg i 1914. No fredar Riksantikvaren huset.

– Dette er eit hus med utsikt, lagd for innsikt. Her, inst i Sognefjorden, hadde Wittgenstein arbeidsro til å skrive det som har blitt ståande som europeisk filosofihistorie. Ved at huset no er gjenreist og freda på sin opphavelege plass, sikrar vi at denne heilt spesielle, internasjonale historia kan opplevast og blir tatt vare på, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tilbakeføring i 2019

Wittgenstein arbeidde i Skjolden med fleire sentrale verk innan den moderne språkfilosofien og logikken, på eigedommen som går under namnet «Austerrike». I 2014 kjøpte Luster kommune den opphavelege tomta ved Eidsvatnet. Saman med den nyoppretta Stiftinga Wittgenstein i Skjolden og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune, samarbeidde dei om å tilbakeføre huset. Riksantikvaren har gitt tilskot.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det gler meg at det tilbakeførte huset til Wittgenstein no får varig vern. Denne stemningsfulle plassen, i harmoni med den oppsiktsvekkande naturen, er eit nasjonalt kulturminne som har sett Noreg på verdskartet. I tillegg er det Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass, der han skreiv delar av verket Filosofiske undersøkelser, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Fredinga av huset skal sikre heilskapen, og ho omfattar difor både eksteriøret på huset, stien opp frå Eidsvatnet og det næraste området rundt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Huset til Wittgenstein var lite og enkelt utforma, men fekk ei oppløfta plassering høgt over Eidsvatnet. Foto: Karoline Hareide Breivik, SFFK 2019.
Huset til Wittgenstein var lite og enkelt utforma, men fekk ei oppløfta plassering høgt over Eidsvatnet. Foto: Karoline Hareide Breivik, SFFK 2019.

Verdskjent tenkar i Skjolden

Wittgenstein vart fødd i dåverande Austerrike-Ungarn og døydde i Cambridge i England. Det var ikkje heilt tilfeldig at han fann ein fristad ved ein vestnorsk fjord. På 1800-talet fatta fleire reisande interesse for den urørte naturen i Skandinavia, og på 1890-talet byrja ei rivande utvikling av hotellnæringa på Vestlandet. Keisar Wilhelm frå Austerrike var blant dei mest kjente gjestane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 1913 kom Wittgenstein første gong til Skjolden og Lustrafjorden, ein sidefjord til Sognefjorden. Her fann han arbeidsro og eit avbrekk frå det dåverande universitetslivet sitt som tilsett ved Cambridge.

Alt i 1914 fekk han bygsla tomta og sette i gang husbygginga. Same år braut den første verdskrigen ut, og Wittgenstein kom tilbake til det ferdige huset først i 1921. Wittgenstein var fleire gonger i Luster utanom høgsesongen, og nær 15 månadar i 1936-37. Då fekk han gjort mykje av arbeidet til verket Filosofiske undersøkingar. I mange år stod berre grunnmuren att. Huset vart flytta i 1958.

Enkelt og solid

Wittgenstein unnte seg ei unik utsikt ovanfor Eidsvatnet i Skjolden, sjølv om hytta skulle vere enkel. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune.
Wittgenstein unnte seg ei unik utsikt ovanfor Eidsvatnet i Skjolden, sjølv om hytta skulle vere enkel. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune.

Sjølv om Wittgenstein hadde bakgrunn frå den europeiske overklassen, levde han enkelt og testamenterte bort mykje av formuen sin. Utforminga av huset i Skjolden avspeglar levemåten hans. Huset er utan dekor og hadde enkel møblering. Samstundes ber det preg av kvalitetshandverk og solide materiale. Arkitekturen kombinerer element frå norsk og austerriksk byggeskikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kunne vere krevjande for Wittgenstein å kome seg til huset, til dømes når isen gjekk på Eidsvatnet. Huset hans har den dag i dag ein utfordrande tilkomst, der ein kan nå det med båt over Eidsvatnet eller frå ein sti langs sida av vatnet.

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden har huset ope for dei som ynskjer å kome dit for å sjå og oppleve korleis Wittgenstein levde og arbeidde i Skjolden.Vestland fylkeskommune har utarbeidd fredningssaka.