Åpen for alle - alltid

Hestad rasteplass i ny turistveg-drakt

Bygging av servicebygg på ny rasteplass ved Hestad kapell langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet i Sunnfjord.
Bygging av servicebygg på ny rasteplass ved Hestad kapell langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet i Sunnfjord. Foto: Ola Ulvolden, Brun Bygg as
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nye Hestad rasteplass på Nasjonal turistveg over Gaularfjellet opnes offisielt neste veke.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hestad kapell ligg vakkert til på ei landtunge mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden. Den vesle kyrkja og området rundt er freda. Like ved ligg også ein rasteplass og ein attraktiv badeplass. Statens vegvesen ha nå gitt området et turistvegløft med toalett, utsiktsrampe, fornya rasteplass og betra tilkomst til kapellet. Hestad rasteplass ligg i eit verna våtmarksområde med sesongflaumar, noko det er teke omsyn til i planlegginga av anlegget.

Fortunen arkitekter og Nils Mannsåker såg poesien i tilhøva:

– Den korte vandringa på bryggja, til tider over flaumvatnet, skal gje eit ekstra fokus på det overveldande landskapsrommet i Viksdalen, fortel Mannsåker i ei pressemelding, og held fram:

– Det tjørebehandla treverket er eit minne frå historia, men sett saman som ei meir abstrakt romoppleving der bjørketrea og himmelen dannar eit flyktig tak.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nasjonale turistvegar

Nasjonale turistvegar er 18 utvalde strekningar frå Varanger i nord til Jæren i sør langs fjordar, fjell, foss og kyst. Med Statens vegvesen i førarsetet har Nasjonale turistvegar gitt Noreg ein ny turistattraksjon som stimulerar vegfarande turistar til å nytte Noreg som sitt reisemål, og som bidrar til auka verdiskaping i distrikta. Nyskapande arkitektur på rasteplassar og utsiktspunkt saman med kunstverk på høgt internasjonalt nivå med sine tankevekkjande forteljingar gjer inntrykk i inn- og utland og vekkjer reiselyst.

Nye Hestad er enda eit turistvegstopp med verdi for vitjarar, regionen og næringa, seier direktør Stein Ove Rolland i Fjord Norge:

– Nasjonale turistvegar gir folk gode opplevingar undervegs, og dei gir oss grunnar til å stoppe opp, eller til å ta ein omveg, for å ta inn storslått natur og spennande arkitektur». «Arkitekturen fortel óg om eit moderne og interessant land som lagar ting av høg kvalitet, held Rolland fram og framhevar Hestad som eit godt eksempel på dette.