Ekstremsportveko + Flåm = sant

EKSTREMT I FLÅM: Opplev Veko-stemninga i Flåm, måndag 28. juni.
EKSTREMT I FLÅM: Opplev Veko-stemninga i Flåm, måndag 28. juni. Foto: Einar Såkvitne.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Måndag 28. juni kjem Ekstremsportveko til Flåm. Det vert herleg stemning om bord på Future of The Fjords, der gjestane får orkesterplass til ekstremsportutøvarar som utfordrar elementa i og over fjorden.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekstremsportveko er kjent for si gode stemning, og du kjem til å merka den frå du går om bord i den stillegåande, elektriske båten på føremiddagen til du ser høgdepunkta frå dagen i Dagens Video om kvelden.

Frå båten vil du sjå fargerike fallskjermar og speedflygarar dala ned mellom dei bratte fjella og tøffe «dødsarar» hoppe i fjorden, alt akkompagnert av musikk frå DJ Boge. Det er sjølvsagt mogleg å kjøpa mat og drikke om bord.

Speedflygarar over Aurlandsfjorden Foto: Märtha Sverdrup / Ekstremsportveko

Kanskje freistar det med med eit avkjølande bad i fjorden også? To skyttelbåtar vil vera tilgjengeleg for å frakta publikum frå båten til stranda på Odnes mellom kl. 13.30 og 16.00.

Etter dagen på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden vert det grilling i hagen til Fretheim Hotel og utpå kvelden kan ein sjå Dagens Video frå Ekstremsportveko inne i det nye konferansesenteret.