Arkeologar trur grisefeitt vart brukt til å byggja Stonehenge

Video: Nå vet man kanskje hvordan, men man vet fortsatt ikke hvorfor.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Artikkelen fortsetter under annonsen

«What’s the meaning of Stonhenge?» song Ylvis-brørne i 2011.

Ein veit kanskje ikkje kvifor, men no trur forskarar dei er nærare på spørsmålet om korleis dei gigantiske kampesteinane vart frakta til Amesbury i Wiltshire, Storbritannia.

Les også: Neandertalarane var ikkje så neandertalske som vi trudde likevel

Fest eller frakt?

Det mystiske byggverket er datert til kring 2500-2000 før vår tidsrekning. I uminnelege tider har folk undra seg over korleis og kvifor folk i bronsealderen sette opp steinane på denne måten.

Ei teikning av Stonehenge sett ovanfrå. Foto: Adamsan / Wikipedia
Ei teikning av Stonehenge sett ovanfrå. Foto: Adamsan / Wikipedia

Tidlegare har ein funne restar etter grisefeitt i steintøy funne ved Durrington Walls, som er ei eldgamal busetting nær Stonehenge. Ein har trudd at grisefeittet vart brukt i samband med festar knytt til byggverket, men arkeologar argumenterer for at det kan ha vore brukt til å frakta dei gigantiske steinane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje magasinet Science meiner arkeologane at krukkene er for små til å ha store kjøttstykke i, difor lanserer dei teorien om at pottene er laga for å lagra grisefeitt som talg eller smolt.

Les også: Arkeologar har funne 14.400 år gammalt flatbrød i Jordan

30 tonns kampesteinar

Nokre av kampesteinane veg opp mot 30 tonn og er frakta frå ein stad 30 kilometer nord for byggverket. I tillegg er dei mindre basalt-steinane frakta 140 kilometer frå Preseli Hills i Wales.

Ein har tidlegare kome fram til at steinane truleg vart frakta til staden på store sledar, som vart rulla over tømmerstokkar. Grisefeittet kan ha gjort det lettare å frakta steinane på denne måten.