Krigshistorie: Fredet historisk maktsenter på Trondenes

Hovudbatteriet på Trondenes blei påbegynt i 1942. Batteriet stod operativt med tre kanonar i mai 1943, medan den siste kanonen var klar i august same året. Arbeidet med batteriet gjekk derimot føre seg heilt fram til kapitulasjonen.
Hovudbatteriet på Trondenes blei påbegynt i 1942. Batteriet stod operativt med tre kanonar i mai 1943, medan den siste kanonen var klar i august same året. Arbeidet med batteriet gjekk derimot føre seg heilt fram til kapitulasjonen. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren

Riksantikvaren fredar krigshistoria på Trondenes fort og den særeigne kulturarven i området rundt.

Idylliske Trondenes ligg midt mellom fjord og fjell utanfor Harstad sentrum. Området har ei lang og innhaldsrik historie. Kulturmiljøet har vore eit historisk maktsenter i hundrevis av år, heilt fram til vår tid. Her finn du spor etter alt frå jernalder, til tyske kanonstillingar frå andre verdskrigen.

– Trondenes kulturmiljø var eit maktsenter, seier riksantikvar Hanna Geiran, – og her finn vi eit stort tilfang av ulike kulturminne. Her finst bustadspor frå jernalderen og kanonstillingar frå andre verdskrigen. Dette området har vore aktivt i mange hundre år, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Trondenes kirke - verdas nordlegaste steinkyrkje frå mellomalderen. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren
Trondenes kirke - verdas nordlegaste steinkyrkje frå mellomalderen. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren

Trondenes – eit historisk maktsenter

Sentralt i Trondenes si historie står Bjarkøyætta og Asbjørn Selsbane, ein viktig del av Noregshistoria som til slutt kulminerer med drapet på Olav Haraldsson (den heilage) på Stiklestad.

Vest i området ligg vatnet Laugen, som på slutten av vikingtida skal ha vore nytta til kristen dåp. Midt i både historia og i Trondeneslandskapet står kyrkja, verdas nordlegaste steinkyrkje frå mellomalderen. I området rundt finn vi tufter etter kyrkjestover og bygg som er knytt til kyrkje og prestegard. Vi finn også steinvorrer og -støer.

– Dette er historisk for Trondeneshalvøya. Vi markerer to fredninger der

Forsvarsbygg er en betydelig grunneier innenfor begge fredningsområdene. I tiden fremover skal vi sikre at Forsvaret har gode utviklingsmuligheter for sin aktivitet, og parallelt sørge for samfunnsoppdraget med å sikre at viktige kulturminner også ivaretas. Trondenes fort er en operativ og viktig leir, og det unike er at vi bruker anlegget aktivt for en av landets viktige avdelinger i Forsvaret, seier avdelingsdirektør Jan Erik Johansen i Forsvarsbygg.

Ein del av Festung Norwegen

Den andre verdskrigen har også satt tydelege spor på Trondenes. I samband med bygging av Trondenes fort/batteri Theo, som ein del av Atlanterhavsvollen/Festung Norwegen , blei det etablert ein fangeleir for krigsfangar nord for kyrkja. Her var det hovudsakleg sovjetiske fangar som utførte tvangsarbeid.

Vest for kyrkja blei leiren for den paramilitære Organisation Todt etablert. Då krigen slutta, kom ein evakueringsleir her, for deler av befolkninga som blei tvangsevakuert frå Nord-Troms og Finnmark.

På det meste budde det over 1000 menneske her. Evakueringsleiren blei formelt avvikla i 1951.

Trondenes fort er bygd som eit tungt kystfort som del av forsvaret av det okkuperte Noreg og Europa. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren
Trondenes fort er bygd som eit tungt kystfort som del av forsvaret av det okkuperte Noreg og Europa. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren

Krigshistoria på Trondenes

Trondenes fort er bygd som eit tungt kystfort som del av forsvaret av det okkuperte Noreg og Europa. Festningslinja strekk seg langs den 1500 kilometer lange vestfronten, frå grensa mellom Spania og Frankrike til grensa mellom Noreg og Sovjetunionen. Noreg hadde høg prioritet i den tyske planen for forsvaret av Europa.

Hitler var overtydd om at ein alliert landgang ville kome i Noreg. Totalt blei det bygd cirka 1500 batteri langs Atlanterhavsvollen. Av desse låg ein femdel eller cirka 300 i Noreg.

Hovudbatteriet på Trondenes blei påbegynt i 1942. Batteriet stod operativt med tre kanonar i mai 1943, medan den siste kanonen var klar i august same året. Arbeidet med batteriet gjekk derimot føre seg heilt fram til kapitulasjonen. Anlegget har også høg symbolverdi som åstad for slavearbeid. Dette er særleg viktig ettersom dei fleste spora etter fangane som bygde anlegget er tapt, både i form av fangeleiren som blei brent i 1946, og gravene etter dei omkomne fangane, som blei flytta til krigskyrkjegarden på Tjøtta i 1951.

Føremålet med fredinga

Det er to ulike fredingssaker som Riksantikvaren vedtar – ei for det historiske Trondenes og ei for Trondenes fort. Forsvaret ved Forsvarsbygg er eigar av Trondenes fort.

Sjølv om det er to ulike fredingssaker, er kulturmiljøet og kulturminna på Trondenes like fullt tett knytt til kvarandre. Dei to fredingane skal saman sikre ei heilskapleg bevaring og forvalting av fortet, spor frå jernalderen, kyrkjestaden, dei samiske kulturminna, dei militære anlegga og krigsminna. I tillegg er det allereie automatisk freda kulturminne i området, både samiske og før-reformatoriske.

Med fredinga av kulturmiljøet på Trondenes er kulturminne frå nær og fjern fortid sikra for ettertida.

Personvernpolicy