Norgesferie fra TV-stolen:Sommarskuta med musikk-rekord

Sommarskuta er det 107 år gamle skuleskipet «Statsraad Lemkuhl», som er Noregs største seglskip.
Sommarskuta er det 107 år gamle skuleskipet «Statsraad Lemkuhl», som er Noregs største seglskip. Foto: Sindre Skrede/NRK
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sommarskutas ferd frå nord til sør blir også ei reise gjennom Noregs musikalske geografi. Aldri før har ei minutt for minutt-satsing spelt så mykje norsk og lokal musikk som i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei sju timane med sending på dagtid vil by på 10 norske låtar i timen, og om lag halvparten av desse vil vere artistar frå området skuta er i. Det vil altså vere 35 lokale låtar kvar dag frå områda Sommarskuta stoppar ved i løpet av 34 sendingar.

– Aldri har ei minutt for minutt-satsing presentert så mykje norsk musikk, og aldri har jakta på lokale artistar kravd meir av NRK. Kanskje er dette det største eksponeringsvindauget for norsk musikk og lokale artistar nokosinne, seier Ragnhild Veire, leiar for NRKs researchsenter. I research-arbeidet er 1200 lokale låtar i alle sjangrar spora opp.

– Jakter på lokal musikk

– Vi har starta jakta på den lokale musikken akkurat ved den hamna eller neset der skuta skal ligge, og så har vi utvida søket gradvis, fortel Veire om arbeidet som er gjort.

– Seglturen blir sjølvsagt ei stor geografisk oppleving, men du vil og kunne høyre musikken forandre seg langs kysten. Musikken er like variert som naturen sjølv og i alle sjangrar, seier Veire.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sendinga går på NRK2 på dagtid og held fram på NRK1 fra kl 19.45, seks dagar i veka. 12 kjente programledere veksler på ansvaret for sendinga.

SEILAS FRA HAVØYSUND Fra venstre: Emil Gukild, Selma Ibrahim, Linda Eide, Ronald Pulk, Tamanna Agnihotri, Silje Nordnes, Adelina Ibishi, Tete Lidbom, Karen Marie Berg, Amir Horori, Mari Garås Monsson og Rune Nilson. Foto: Silje Katrine Robinson/NRK
SEILAS FRA HAVØYSUND Fra venstre: Emil Gukild, Selma Ibrahim, Linda Eide, Ronald Pulk, Tamanna Agnihotri, Silje Nordnes, Adelina Ibishi, Tete Lidbom, Karen Marie Berg, Amir Horori, Mari Garås Monsson og Rune Nilson. Foto: Silje Katrine Robinson/NRK

Hav, sjø og segling

Førre musikk-rekord vart sett under Svalbard minutt-for-minutt. Då fekk publikum høyre om lag 14-1500 forskjellige norske låtar. Denne gongen blir det omtrent 2000 unike låtar i løpet av dei om lag 400 timane med direktesending. Nokre av låtane blir spelt meir enn ein gong, så totalt er det ca 3600 avspelingar i løpet av turen. Også nye norske hits bli presentert, men låt-utvalet er først og fremst basert på temaet sjø, segling, vêr og vind, i tillegg til dei lokale artistane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Derfor kjem vi også til å høyre ein del artistar som vanlegvis ikkje blir spelt så mykje, seier Veire.

No ligg den finmaska geografiske databasen med oversikt over artistar og låtane deira klar, men Veire understrekar at vêret kan endre musikk-planane:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Bles det opp til storm i ausande regnvêr, kan vi ikkje spele «Videre i solskinn»!

Ikkje folkeliv på kaia

I år blir det ikkje sendinger frå kai med folkeliv og store samlingar, publikum langs kysten er i staden oppfordra til å vinke til Statsraaden undervegs. Elles kan du følgje Sommarskuta på NRK1, NRK2 og i straumetenesta NRK TV.

Her er den geografiske og musikalske ruta til skuta:

  • Havøysund 6.-7. juli
  • Øksfjord 8. juli
  • Hansnes 9. juli
  • Senjahopen 10. juli
  • Andenes 13. juli
  • Myre 14. juli
  • Melbu 15. juli
  • Stamsund 16. juli
  • Værøy 17. juli
  • Kjerringøy 18. juli
  • Selsøyvik 20. juli
  • Til havs (vest for Brønnøysund) 21. juli
  • Bessaker 22. juli
  • Kyrksæterøra 23. juli
  • Langøy 24. juli
  • Brattvåg 25. juli
  • Selje 27. juli
  • Askvoll 28. juli
  • Til havs (vest for Fedje) 29. juli
  • Lerwick (Shetland) 30. juli
  • Til havs (vest for Bergen) 31. jul
  • Strusshamn 1. aug.
  • Rubbestadneset 3. aug.
  • Kopervik 4. aug
  • Lysebotn 5. aug.
  • Sirevåg 6. aug.
  • Båly 7. aug.
  • Bredalsholmen 8. aug.
  • Helgeroa 10. aug.
  • Holmestrand 11. aug.
  • Vollen 12. aug.
  • Skjærhalden 13. aug.
  • Stavern 14. aug.
  • Bratteklev 15. aug.