Meny

15 ting Kim og Trump går glipp av i Singapore

Kim Jong-un bur på Fullerton Hotel ved utløpet av Singapore-elva, midt i sentrum. Foto: Svein Olav B. Langåker

Kim Jong-un og Donald Trump går glipp av mykje fint i Singapore medan dei prøver å redda verda frå atomkrig.

Det historiske møtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump var uverkeleg for berre nokre månader sidan. Då passar det godt å møtast i den nesten uverkelege storbyen Singapore.

Pressa inn på 693 km² bur 5,7 millionar innbyggjarar i det som er verdas tredje rikaste land målt etter BNP (Noreg er på 6. plass). Trass om lag likt folketal og velstand, er svært mykje forskjellig mellom dei to landa.

Her er noko av det Trump og Kim neppe får oppleva medan dei er i Singapore:

Bassenget på Marina Bay Sands er verdas lengste basseng på toppen av ein bygning. Foto: Svein Olav B. Langåker

1. Ta seg eit bad i det 146 meter lange bassenget på Marina Bay Sands, 191 meter over bakken.

Hotellet Marina Bay Sands sett frå sjøkanten. Foto: Svein Olav B. Langåker

2.
Sjå på utsikten frå verdas største parisarhjul, 165 meter høge Singapore Flyer:

Singapore Flyer var verdas største parisarhjul då det opna i 2008. Foto: Svein Olav B. Langåker

3.
Sjå på all naturen som får plass i storbyen:

Frå Hort Park. Foto: Svein Olav B. Langåker

I bakgrunnen kan du sjå The Interlace, ein av dei mange futuristiske bygningskompleksa i Singapore. Foto: Svein Olav B. Langåker

4.
Sjå på dei kvite tigrane i Singapore Zoo.

Dei kvite tigrane er nokre av dei mest populære i dyreparken i Singapore. Foto: Svein Olav B. Langåker

5.
Le av at Singapore Zoo trur det finst isbjørnar på fastlands-Noreg så langt sør som Molde og Lillehammer og på heile Island:

Tropisk varme er ikkje noko for ein isbjørn, men likevel har dei fått plass i Singapore Zoo. Kanskje heller ikkje så rart at dei bommar på habitatet til isbjørnar i Noreg, då? Foto: Svein Olav Langåker

6.
Ta monorailen frå Singapore til toppmøtet på fornøyelsesøya Sentosa.

Monorailen går frå kjøpesenteret VivoCity til fornøyelsesøya Sentosa. Foto: Svein Olav B. Langåker

7.
Eller ta taubanen over til Sentosa. 

Taubanen til Sentosa. Foto: Svein Olav B. Langåker

8.
Sjå på dei rosa delfinane i akvariet på Sentosa.

I Marine Life Park har dei rosa delfinar frå Amazonas. Foto: Svein Olav B. Langåker

9.
Ta ein tur innom Chinatown i Singapore

Kring tre-fjerdedelar av befolkninga i Singapore stammar frå Kina. Foto: Svein Olav B. Langåker

10.
Ta ein båttur opp Singapore-elva

Singapore-elva er kring 3,2 kilometer lang, og nedst i elva kan du køyra båt. Foto: Svein Olav B. Langåker

11. Ta seg ein Singapore Sling på Raffles Hotel.

Raffles Hotel blei grunnlagt berre to år etter jamstellingsvedtaket, i 1887, og er kalla opp etter Sir Thomas Stamford Raffles, grunnleggjaren av Singapore. Det er her drinken Singapore Sling først vart laga. Foto: Svein Olav B. Langåker

12. Bli våte i håret av monsunregnet i Little India.

Little India ligg aust for sentrum i Singapore, og viser ei litt mindre glamorøs side av den glansa byen. Foto: Svein Olav B. Langåker

13.
Ta seg ein tur innom Sri Thendayuthapani-tempelet.

Sri Thendayuthapani-tempelet er frå 1859. Foto: Svein Olav B. Langåker

14.
Handla i Orchid Road.

Orchid Road er den mest populære handlegata i Singapore. Foto: Svein Olav B. Langåker

15.
Ta seg eit engelsk-kurs på eit kjøpesenter.

I toppetasjen på mange kjøpesenter i Singapore er det vanleg at både vaksne og barn tar kurs i språk og fleire andre fag. Konkurransen er svært hard, og mange barn tar språkkurs før dei byrjar på skulen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Denne saka blei først publisert i Framtida.no.

Reise
Populært