Stemmer:Turisme i Nord Korea – ein leik med elden?

Linda Emilia Koskinen Hjelle (24) på Kim il-Sung-plassen i Pyongyang med to nordkoreanske guidar, begge med etternamn Kim.
Linda Emilia Koskinen Hjelle (24) på Kim il-Sung-plassen i Pyongyang med to nordkoreanske guidar, begge med etternamn Kim. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om det er mykje som er ille der, så er ikkje det heile historia, skriv Linda Emilia Koskinen Hjelle (25). Ho har besøkt det totalitære regimet to gonger det siste året.

Stemmer: Linda Emilia Koskinen Hjelle
Har en Master i Kina-studier og har budd i Kina siden våren 2016.

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mykje blir skrive om Nord Korea, det meste designa for å enten latterleggjere eller skremme. Berre namnet vekker sterke reaksjonar og kjensler hos mange, kanskje ei blanding av frykt og forakt? I januar 2016 blir den amerikanske studenten Otto Warmbier arrestert i Nord-Korea, etter at han skal ha stole ein propagandaplakat frå eit avsperra område på eit hotell i Pyongyang. 17 månader seinare, 13 juni 2017, vart han lauslatt, i koma, og gikk bort få dagar etter. Hendinga er skremmande og fortvilande.

Foto: Linda Emilia Koskinen Hjelle
Foto: Linda Emilia Koskinen Hjelle

I januar 2017 er eg sjølv i Nord-Korea for andre gong, med same turarrangør og på same opplegg som Warmbier var på året før. Eg er spent, men ikkje redd. Eg har vore i Nord Korea for fire månadar sidan, og ynskjer no å kome attende for å oppleve og forstå meir, denne gongen betre førebudd. Sjølv om det er mykje som er ille i Nord Korea, så er ikkje det heile historia. Det er også andre historier om kvardagsliv, om håp for framtida, og om venskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kvifor har du lyst til å dra tilbake til Nord Korea? spurte mange. Fordi eg opplevde at menneska eg møtte var heilt annleis enn eg hadde førestilt meg. Dei var opne, genuine, nysgjerrige og drøymande. Der eg før tenkte på ei konturlaus masse av hjernevaska menneske, såg eg no individ med eigne historier og liv. Vi gjekk arm i arm i Pyongyangs gater, vi tok sjølvfies saman og nynna på «Let it Go» frå Disney-filmen Frost. Eg tenker ofte på desse menneska eg vart kjend med, og i dagens globaliserte verd gjer det meg trist at vi ikkje kan kontakte kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Her er Asias beste strender

Folk er folk

Det er viktig å skilje mellom stat og individ. Sjølv om dei er undertrykte, er dei fleste i Nord-Korea i botn og grunn som oss. Dei grillar i parken, dei ler av vitsar, og drikk øl med vennar. Livet går sin gang, også i Nord-Korea. Dei deler både sorger og gleder med sine nærmaste, og dei aller fleste er ikkje interesserte i å involvere seg i politikk. Dei ynskjer stabilitet, men dei er nysgjerrige, og ynskjer det beste for seg sjølv og sin familie.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokon påstår også at alt utlendingar får sjå i Nord-Korea er eit skodespel, ein fasade, eller ein tilnærma Potemkinby. Sjølv om det openbart er riktig at turistar får sjå det beste av landet, så er ein ikkje del av eit «Truman show» av den grunn. Først og fremst fordi det praktisk talt ikkje er mogleg. Det er anslått at omkring 100 000 turistar besøkte landet i 2016, dei fleste kinesarar. Spontaniteten og genuiniteten til folk i gatene snakkar også for seg sjølv. Nokre er beskjedne ovanfor utlendingar, nokre stirer intenst, og andre igjen smiler og vinkar eller prøver å utveksle nokre ord. Nokre kjem til og med bort og spør om å ta eit bilete saman.

Men med alt på sitt rette, så ein kan trygt seie at Pyongyang er ein by for eliten, og levestandarden er definitivt ikkje representativ for resten av landet. Men, med auka turisme er fleire og fleire byar og område, også på landsbygda, blitt opna for turistar. Når ein reiser med buss eller tog gjennom landet får ein også eit lite glimt av livet til vanlige nord-koreanarar. For eit par år sidan kunne ein ikkje ein gong ta med mobiltelefon inn i landet, den blei konfiskert på grensa. No kan ein det, og det er elles få restriksjonar på kva ein kan fotografere, bortsett frå i

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Trikk i Pyonyang. Foto: Linda Emilia Koskinen Hjelle
Trikk i Pyonyang. Foto: Linda Emilia Koskinen Hjelle

hovudsak militære og byggeplassar. Det er no til og med mogleg å skaffe seg nordkoreansk SIM-kort med internettilgang.

Eg trur og håper at eg bidreg til å gjere landet meir opent ved å reise dit.

Kunnskap er makt

Nokre vil nok kritisere meg og andre for å reise til Nord-Korea. Kritikken er rettmessig. Det er mykje som er ille i Nord-Korea, og det må ikkje gløymast eller gøymast bort. Det er ikkje utan grunn Nord-Korea blir kalla ein terror- og gerilja stat, med eit leiarskap karakterisert av paranoia, vilkårlege angrep, omsynslause og fornekting. Ein stat som kvar dag undertrykker og gjer seg skuldig i grove overgrep. Det skal ein ikkje kimse av.

Sjølv er eg bevisst på at eg korkje støttar eller forsvarar regimet. Eg trur og håper at eg bidreg til å gjere landet meir opent ved å reise dit. Om det nordkoreanske diktaturet kollapsar eller ikkje står ikkje og avhenger av turisme, vertfall ikkje på kort sikt. Inntektene herfrå er ikkje av vesentlig betyding for regimet. Turisme er derimot definitivt del av ei langsiktig løysing, ved å sakte men sikkert påverke tankane og ideane til vanlige koreanarar. Ein kan ikkje forvente ei endring over natta, men gjennom auka tilgang til informasjon om verda på utsida, og gjennom personlig dialog og utveksling, vil nye idear utvikle seg og blomstre blant folket. Ei endring må kome innanfrå, og den kan ikkje tvingast. Vi kan derimot lokke, og gjennom å vere til stades i landet, ved å vise koreanarar at utlendingar ikkje vil vondt, ved å fortelje og vise korleis vi har det i våre heimland, kan vi utgjere ein liten, men viktig, forskjell.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunnskap er makt, heiter det, og på grunn av auka kunnskapen og informasjon om verda utanfor, har folk i Nord-Korea også blitt meir kritiske til propagandaen dei får presentert. Til dømes har det blitt rapportert at Nord-Korea si eiga mediedekning av den politiske turbulensen i Sør-Korea har hatt ein utilsikta effekt. Hensikta var å gjere narr av naboen, men har i staden demonstrert overfor folket korleis politisk protest føregår utan straff i det demokratiske sør, og har difor bidrege til auka interesse for demokratiske verdiar. Det seiest også at det no berre tek i underkant av ein dag før populære såpeseriar blir vist på TV i sør til dei når Pyongyang, og unge nordkoreanarar morar seg med å imitere den søte koreanske aksenten frå Seoul.

Isolasjon er stagnasjon

Sjølv om vi heilt klart bør og skal vere bekymra for landet sin situasjon, både på individ og statsnivå, så er ikkje isolasjon og framandgjering av eit heilt folk løysinga for endring. Det er større sjanse for å lukkast ved å utnytte svakheitene til regimet. Ein må ta tida til hjelp, og det er ingen garanti for suksess. Barrierane til organisert politisk opposisjon er fortsatt for store til at ein kan forvente motstand i stor skala, men som den tidligare nordkoreanske diplomaten Thae Yong-ho sa i eit tv-intervju etter at han rømte med familien til Sør Korea: «dersom eit samfunn berre blir heldt gåande ved hjelp av frykt og terror, og ikkje med reelt grunnlag i ideologi eller lov, då har ikkje folk tillit til samfunnet».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein tur til Nord Korea er ikkje som å reise på sirkus.

Den siste kvelden i Pyongyang sit eg og eit par andre i hotellbaren, og vi kjem i snakk med ein nordkoreansk mann. Samtalen varer til morgongry, og sjølv om avreise står for tur eit par timar seinare vil ingen gå til sengs. Samtalen er prega av gjensidig interesse og nysgjerrigheit, og dreier seg i hovudsak om den politiske situasjonen på begge sider av den demilitariserte sona. To millionar sør-koreanarar har veka før protestert i gatene i Seoul, og kravd at president Park Geun-hye må gå. Han spør om vi kan fortelje meir om situasjonen. Mi amerikanske venninne bur i Seoul og har deltatt i demonstrasjonane, så ho viser bilete og fortel om stemninga i gatene. Samtalen utartar seg, og inkluderer diskusjon om forskjellar og likskapar mellom nord og sør, dei ulike politiske systema og utsiktene for ei sameining i framtida. Det vart sagt at dersom det skal bli ei reell endring i landet, må Kim-familien ut. Det var ein interaksjon eg aldri trudde eg kom til å ha i Nord Korea.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å reise til Nord-Korea er ikkje for alle, og inneberer utan tvil risiko. Relativt sett er det likevel atskilleg fleire stadar i verda det er farlegare å reise til. Ein tur til Nord-Korea er ikkje som å reise på sirkus. Ein bør ikkje reise til Nord Korea for å imponere, eller for å dømme, eller for å gjere narr. I staden bør ein reise dit for å forstå, og det er ikkje det same som å rettferdiggjere eller akseptere.

Linda Emilia Koskinen Hjelle frå Jølster i Sogn og Fjordane har master i Kina-studier og har budd i Kina sidan våren 2016. No er ho som trainee ved generalkonsulatet i Shanghai.

Få også med deg : Seks millionar trua av svolt i Nord-Korea

Innlegget er først publisert på Framtida.no