Lost in translation

Brüssel er ein vakker, men delt by. Fransk og flamsk blir snakka om kvarandre – heile landet er språkleg delt. Foto: Colourbox.com
Brüssel er ein vakker, men delt by. Fransk og flamsk blir snakka om kvarandre – heile landet er språkleg delt. Foto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fransk arroganse og flamsk frykt. Eit fornuftsekteskap held Belgia saman, sjølv om ektefellane ikkje snakkar same språk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Om du vil ha fransk, kan du reisa til Brussel», var svaret eg fekk då eg spurde kvar dei fransktalande gøymde seg i Brügge. Ein knapp time frå hovudstaden Brüssel, den formelt tospråklege byen med meir og meir fransk dominans, er det knapt spor igjen av det franske språket.

Om du tykkjer det er vrient med to skriftspråk i Noreg og nettroll som kjem med ukvemsord, sjå til Belgia. Her heime kan me i alle fall snakka saman.

Tre språk

Belgia har ei komplisert historie, og det er mange grunnar til at situasjonen er som den er. Sjølve historietimen er for ei anna tid, ein anna stad.

Belgia kan grovt delast i tre – Flandern i nord, Wallonia i sør og den europeiske hovudstaden Brüssel, som ligg i Flandern men som er dominert av fransk kultur og språk. I nord snakkar dei flamsk, altså nederlandsk. I sør snakkar dei berre fransk, og Brüssel er formelt tospråkleg. I søraust langs grensa til Tyskland er ei tyskspråkleg gruppe akkurat stor nok til å gjera tysken til eit tredje offisielt språk i Belgia.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: I belgisk asyl

«Bonjour»

I Brüssel dominerer fransken, difor var det dei franske glosene eg oftast trakk fram om eg skulle vera ekstra høfleg. «Bonjour», sa eg og reisefølget til taxisjåføren på flyplassen. «Han her har nok peiling», tenkte eg, og spurte han, på min litt haltande engelsk, om korleis språksituasjonen var i Belgia.

– Me har fransk, nederlandsk og litt tysk, fekk han pressa fram. Men stort meir var han ikkje god for som språkguide, til det var engelskkunnskapane til den fransktalande belgaren for dårlege. Me fann ut at alle i bilen var glad i øl, og at den store passasjen me køyrde gjennom hadde noko med eit 50-årsjubileum å gjera.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Svein Egil Omdal, han i midten som peikar, budde lenge i Brüssel. Han kan fortelja litt om kvifor landet er så splitta, og korleis det fungerer i praksis. Foto: Andera Rygg NøttveitSvein Egil Omdal, han i midten som peikar, budde lenge i Brüssel. Han kan fortelja litt om kvifor landet er så splitta, og korleis det fungerer i praksis. Foto: Andera Rygg Nøttveit

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var litt lettare å få informasjon frå husverten vår, Kenan. Ein tyrkar som jobba som frilansjournalist, og skulle laga ein dokumentar om at taxisjåførane var kjelda til all verdas kunnskap. Han var litt skuffa då han høyrde om mi oppleving med taxisjåføren, men svarde likevel på spørsmåla.

– Ikkje snakk fransk til flamsktalande, var rådet. Han spøkte det heile opp litt, og sa at det ikkje var nokon rein aggresjon mellom dei to. Men han meinte det likevel alvorleg, og meinte det var best me gjekk for engelsk, sjølv om det er eit språk som ikkje flyt like godt i fransktalande delar av Belgia som det til dømes gjer her heime.

Les også: Meir trendy enn Louis Vuitton

Det minste problemet

Flanderane i nord er stødige i engelsk, medan i Wallonia får dei valet mellom engelsk, nederlandsk og tysk som framandspråk frå dei er 12 år. Brüssel blir nøye delt inn i flamske og franske deler. Ikkje like formelt, men eit sterkt skille uansett.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det same inntrykket bekreftar resepsjonisten på eit hotell i sentrum.

– Språket er det minste problemet, seier resepsjonisten og ler litt nervøst. Det er lite aggresjon, men heller ein sterk likegydigheit som gjeld mellom dei to gruppene. Langt verre er dei politiske problema. Mange irriterer seg over at dei flamske pengane i nord skal betala for det fattige, late Wallonia. Sjølv om det er lite velferdsordningar som går over grensene, er det nok til å provosera.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølve utgifta har – veldig uhøgtideleg – blitt samanlikna med at ein flamlendar spanderer ei øl på ein wallonar om dagen. Det er altså ikkje snakk om mykje, men flamlendarane lurer likevel på kvifor dei må gi øl til denne late wallonaren kvar dag.

Den samanlikninga kom Svein Egil Omdal, kommentator i Stavanger Aftenblad, med. Han har vore journalist i Brüssel i fleire år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Fotball og kongen

Ser du ordentleg nøye etter, kan du sjå at namnet på biblioteket står både på fransk og flamsk. Foto: Anders VebergSer du ordentleg nøye etter, kan du sjå at namnet på biblioteket står både på fransk og flamsk. Foto: Anders Veberg

Mange seier, litt flåsete, at det einaste som held Belgia samla som land er kongehuset og fotballaget. Kongehuset må sjølvsagt halda sine talar på både flamsk og fransk. Den politiske situasjonen er ikkje enklare.

Etter valet i 2010 gjekk landet i nær to år utan ei fungerande regjering. No har dei ein statsministar som er betre i italiensk enn han er i både flamsk og fransk – og kanskje det er det mest fredfulle alternativet.

Belgia kan, ifølge Svein Egil Omdal, skildrast som eit fornuftsekteskap, der ein søv på kvart sitt soverom, har kvar sin timeplan og ulike interesser, og på toppen av det heile ikkje snakkar same språk.

Det dei har til felles er faktisk berre nokre få ting – entusiasme for fotballaget, respekt for kongehuset og ei kjærleik for øl.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: «Pale Ale is the new pils»

Underlegne heile gjengen

Og ein ting til – eit mindreverdskompleks dei kanskje aldri vil bli kvitt, og som går i alle retningar. I Wallonia føler dei seg underlegne fordi dei er fattigare, men overlegne fordi dei snakkar fransk og dominerer i kulturen. I Flandern er det omvendt. Wallonia kan føla seg underlegne samanlikna med Frankrike, som føler seg overlegne både på språk, mat og kultur. I Flandern føler dei seg kanskje underlegne for nederlendarane, som er betre i både engelsk og nederlandsk – i alle fall ifølgje wallonarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den same spindelveven viser seg i den politiske oppfatninga. Omdal presenterte nokre tal – 92 prosent av innbyggarane i Belgia meiner meiner strukturen i landet ikkje fungerer, men ingen klarar å bli samde om korleis det skal gjerast. For sjølv om det finnast separatistrørsler både i sør og nord, vil ingen gje slipp på Brussel, som står for 20 prosent av verdiskapinga i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Kvifor vil skottane ut av Skottland?

Brått skille

Moglegheita til å kommunisera verkar som eit naturleg steg på vegen, men samstundes eit urealistisk fjernt mål. Flandern er gode på engelsk, og mange strekk seg til og med til å læra seg fransk. I Brüssel blir franskdominansen meir og meir tydeleg, medan området rundt, Brabant, strekk seg langt for å nekta fransken å få fotfeste i den nordlege delen av landet. Det finst døme på landsbyar der dei kommunetilsette kan både fransk og flamsk, men fekk forbod mot å nytta fransk i arbeidet sitt. Nokre plassar vert franske skilt malt over så snart dei kjem opp. I Brüssel er all skilting tospråkleg, men i Gent, ein knapp halvtime unna finst det knapt franske skilt.

Etter eit kort besøk i Brüssel virkar det som om bartenderen Julian, som flytta frå Frankrike til Brüssel for sju år sidan fordi han elska ølet, var inne på noko. Dei som vil forstå kvarandre, dei forstår. Og tipset er å bruka smilet for alt det er verd. Spørsmålet er om innbyggjarane i Belgia i det heile vil forstå kvarandre.