Vil vere anleis

<p>Illustrasjonsfoto: Colourbox.com </p>
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com 

Skilnaden på vanlege turistar og ryggsekkturistar er mindre enn sistnemnde vil innrømme.

Nokon liker å vere del av ei gruppe, å ha ein reiseleiar med eit lite flagg (eller kanskje ein ballong) som han eller ho held opp i lufta så det er lett å sjå.

Andre kallar slike menneske for turistar, samanliknar dei med ein saueflokk og vil helst reise på eiga hand og utan altfor mange fastlagde planar.

Men om du tilhøyrer turisttypen som liker ein god plan eller om du vil ta reisa som ho kjem, så er kanskje ikkje skilnaden så stor likevel.

Det er i vertfall det forskarar ved Universitetet i Bergen har kome fram til, ifølgje forskning.no.
Professor Svein Larsen og førsteamanuensis Wibecke Brun har gjennomført prosjektet der 1880 menneske frå 48 land har delteke.

Markerer avstand

Spørmåla dei har stilt har dreidd seg om motivasjon for reisa, risikovurdering og bekymringsfaktorar.
Og svara dei har fått, har overraska forskarane.

– Denne studien kan seiast å øydeleggje sjølvbiletet til ryggsekkturistane. Samstundes løftar den sjølvbiletet til oss «vanlege turistar», humrar professor Svein Larsen.

Han trur det handlar om å markere avstand, og at måten ein vel å reise på seier noko meir om kven ein er som menneske.

Det som i størst grad skilde ryggsekkturistane frå andre turisttypar, var behovet for å markere avstand til vanlege turistar. Ryggsekkturistane ser på seg sjølv som meir individualistiske og sjølvstendige enn andre.

Ein anna skilnad er at ryggsekkturistane òg var mindre opptekne av komfort enn andre turistgrupper.

Undersøkjinga viser derimot at vanlege turistar og ryggsekkturistar eg nokså like når det gjeld å vurdere risikoen og tryggleiken for plassane dei reiser til.

Kvalitativ skilnad

Jens A. Riisnæs er programleder for «Ut i verden» på NRK P2 og har reist rundt i ryggsekken i fleire tiår. Han meiner det er ein kvalitativ skilnad mellom ryggsekkturisme og masseturisme.

– Ryggsekkturistane er meir styrte av det indre enn av det ytre, seier han til forskning.no.

Riisnæs skil mellom det å vere reisande og det å vere turist. Om du er det første opplever du det som kjem til deg, er du turist opplever du det som blir vist deg, meiner han.

Professor Svein Larsen ser ikkje bort frå at Riisnæs kan ha rett i at det finst enkelte slike kvalitative skilnader. Men kva desse er, er han meir usikker på, anna enn at det dreier seg om korleis ein oppfattar seg sjølv.

– Ønsket om å vere unik og gjerne betre enn dei andre er eit velkjent fenomen i psykologien, og vert gjerne kalla «betre enn gjennomsnittet»-effekten, seier Larsen.

Personvernpolicy