Meny

Safarisex i vulkankrater

Lei av mørke, kalde dagar i Noreg? Bli med Neste Klikk på safari i Afrika.

- Sjå! utbryt safariguiden.
- Dette er veldig sjeldan: Løvesex. Og det rett framføre nasen på oss.

Løvehannen og løvehoa har ei travel tid i vente. I løpet av to veker i desember skal dei halde det gåande mest utan stopp. Ofte har dei ikkje meir enn 10-15 minutt pause mellom aktene. Løver smakar heller ikkje mat i paringstida, fortel guiden.

Edens hage


Utsikta over Ngoro-goro-krateret i Tanzania er magisk. Det er som ei gigantisk gryte fylt med alle dyreartar ein berre kan drøyme om å sjå levande. Ikkje rart krateret, som vart danna då ein gigantisk vulkan blåste frå seg for om lag tre millionar år sidan, vert kalla Edens Hage. Ngoro-goro er av einskilde rekna som eit av verdas åttande under.

Safari-jeepen stoppar. Taket vert teke av. Ståande i bilen ser vi sebraer og gnuar. Dei ser opp og ristar lett på hovuda. Har dei ikkje sett oss?

- Dyra er så vane med folk at dei ikkje bryr seg lenger. Dei kan faktisk krype under panseret på bilen, fortel guiden.


Heimen til 30 000


2285 meter over havet. Nesten like høgt som Galdhøpiggen. Men likevel så uendeleg ulikt Noregs høgaste fjell.

To strutsar spring etter kvarandre. Ein hann og ei ho. Hannen skulle imponere hoa. Utan å lukkast. No får han fjæra sin påskrive, så sant han ikkje vinn spurten.

Totalt 30 000 dyr har heimen sin i krateret. Her er ingen av dyra fanga av menneske. Det gjer at Ngoro-goro er verdas største sjølvforsynte safaripark.

- Der har vi dei som berre lever av matrestar.

Guiden peikar på nokre hyenar borti dalen. Heile dagen er dei på utkikk etter ein kjøtbit eller eit bein som eit av rovdyra har gløymt i iveren etter å gjere ende på byttet.

Safari er å reise


- Kva dyr vil de sjå no? spør guiden
- Flodhestar.

Turen går til eit lite tjern. To nasebor stikk såvidt over vassflata. Døsige lydar bryt stillheita. Sola er for sterk til at «Flode» forlet vatnet.

Safari betyr «reise» på det lokale språket, Swahili. Og ei reise har som kjent alltid ein slutt. Det veit guiden.

- Så kva skal vi avslutte med?
- Elefantar.
- De kan sjå elefantar i det fjerne.

Guiden peikar ivrig med høgrehanda.

- Det er for vått til at vi kan køyre bort. Men de fekk sjå løvesex. Det er svært, svært sjeldan å oppleve noko slikt på nært hald.

Ein dag. Og eit under rikare.

Alle foto: Magnus Stokka

Reise
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus