Drøymer om jul i Thailand – fer til Kanariøyane

Ein av fem drøymer om å feire jula i Thailand. Og fleire enn ein skulle tru, pakker ned både julegåver og julemat i kofferten når jula skal feirast utanlands.

Ein av tre reiser med julegåver i bagasjen når dei feirar jul i Syden. (Foto: Gunnar Lier / Scanpix)Ein av tre reiser med julegåver i bagasjen når dei feirar jul i Syden. (Foto: Gunnar Lier / Scanpix)

(NPK): Rogalendingane pakkar ned mest julemat av alle, og austlendingane minst. Medan trønderane saman med austlendingane pakker ned mest julegåver.

Dette går fram av ei internettgransking som reiseoperatøren Star Tour har gjort blant 1.150 nordmenn den første veka i desember. To av tre som svarte var kvinner.

Reiseglade nordmenn frå alle kantar av landet har Thailand som sitt draumereisemål i jula. Berre bergensarane skil seg ut i denne granskinga. Dei har nemleg Gran Canaria som den store feriedraumen. Samtidig er bergensarane dei mest realistiske av oss. For når vi først har bestemt oss for å reise utanlands i jula, ender nesten halvparten opp med å opne gåver på ei av Kanariøyane.

Det er først og fremst sol, lys og varme som lokkar oss til sørlegare himmelstrøk i jula. Men 15 prosent seier at ønsket om å kome bort frå julestresset er hovudårsak til at dei vil feire jula utanlands.

Ein av tre sjekker inn med julegåver i bagasjen, og like mange seier dei et norsk eller skandinavisk julemat på julaftan. Nesten halvparten føretrekkjer lokal mat på ein lokal restaurant, og ein av ti fortel at dei droppar julefeiringa heilt. Her har det vore lite endringar dei siste åra.

Tendensen er likevel at vi i stadig mindre grad tek med oss nissen på ferielasset. For to år sidan oppgav 16 prosent i ei tilsvarande undersøking at dei pakka med seg julemat på juleferie. I år er det berre ein av ti som røpar at det ligg norske godsaker i kofferten. Like mange tek med seg stearinlys og julepynt, og her har det også vore ein nedgang.

Drygt fire av ti spurte seier dei reiser saman med familien når dei er utanlands i jula. I underkant av 40 prosent dreg med partnaren sin. Ein av ti feirar utanlandsk jul med vener, medan fire prosent dreg åleine.


Draumereisemål i juleferien:

• Thailand 19 prosent
• Mauritius 13,3 prosent
• Gran Canaria 11,3 prosent
• Karibia 7,3 prosent
• Brasil 6,3 prosent. (NPK)


Meir reise i Neste Klikk:
Reise og oppleving

Startsida:
Reise


Personvernpolicy