Naturattraksjon i fare

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fjellfolk i Oppdal er redd for at den største naturattraksjonen i kommunen, Speilsalen under fjellet Blåhø, vil bryte saman og forsvinne i løpet av hausten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: oppdalnatur.oppdal.com)(Foto: oppdalnatur.oppdal.com)

(NPK): Varmare klima har gjort at breen over grotta har minka dramatisk dei siste åra, og folk blir no åtvara mot å ferdast i deler av området.

- Det er eit stakkarsleg syn i forhold til korleis det var. Breen minkar år for år, tunnelen er blitt meir open og i taket heng det fleire flak og det gjer det mykje farlegare, seier Jon Strand til NRK Trøndelag. Han har følgt utviklinga over mange tiår.

Det var ein bonde frå Oppdal som oppdaga grotta i 1919. Det han fant var ein fjellkatedral av dimensjonar.

Speilsalen ligg under fjellet Blåhø, 1.300 meter over havet. Kvart år tek tusenvis av menneske seg fram til grotta. Men snart kan det vere slutt.

- Sånn som det er no er det svært farleg, vi har høyrt fleire smell. Ein annan ting er at trykket kan føre til at det heile kan klappe saman, seier Jon Strand. Og dersom det varme vêret held fram kan det skje allereie i haust. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving