Eg og kronprinsen på ferie

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg skal reise til eit land langt borte. Eg skal svi av unyttig flybensin og vere ein riking blant dei fattige.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ferien min i år går til Cuba. Eg skal flyge frå Stavanger til Varadero via Tyskland, det er 18 948 kilometer.

Kubanarane er flinke til å danse. Men dei kan ikkje reise på ferie til Noreg. (Foto: people.uis.edu )Kubanarane er flinke til å danse. Men dei kan ikkje reise på ferie til Noreg. (Foto: people.uis.edu )

På disse kilometrane skal eg svi av 3 833 kilo CO2 heilt aleine. Billetten kostar meir enn ein kubanar tener på eit heilt år.

Viss eg ønskjer å gjere det litt godt igjen, kan eg betale 736 kroner på

mittklima.no

. Då gir eg pengar til klimaprosjekt i uland og veg på ein måte opp litt av styggedommen eg har stelt istand.

Generasjonen vår skal greie å utrydde fattigdomen, det har kronprinsen sagt. Men kor skal vi byrje? (Foto: norden.org)Generasjonen vår skal greie å utrydde fattigdomen, det har kronprinsen sagt. Men kor skal vi byrje? (Foto: norden.org)

Vi skal greie det


Kronprinsen har sagt at vi, generasjonen hans, skal greie å få slutt på fattigdommen på jorda. Det er store ord, men eg trur han meiner det. Og eg trur det er mogleg. Men kor skal vi byrje?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det beste er å drikke


Som den tyske multikunstnaren Funny van Dannen syng i ei av dei morosame visene sine:

Det finst allereie så mykje
og det blir heile tida meir
og vi kan kjøpe alt saman
men det beste er no framleis
å drikke, drikke, drikke


- Så herleg, seier alle når eg seier at eg skal reise til Cuba. (Foto: cuba-havana-hotels.com)- Så herleg, seier alle når eg seier at eg skal reise til Cuba. (Foto: cuba-havana-hotels.com)

Eg orkar ikkje i dag


Kva tid skal vi byrje då, å gjere verda betre? Eg har ikkje tid på kvardagane, for då jobbar eg og så er eg så sliten etter jobben at då orkar eg ikkje.

I helgene skal ein jo prøve å ta igjen det forsømte, men fattigdoms- utrydding blir det lite tid til. Og slik går vekene. Men i ferien då? Er det no vi skal kjempe mot fattigdomen?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den glade turisten er ein ein viktig person for økonomien på Cuba. Men er det ikkje litt rart å vere denne turisten, som veltar seg i luksus kubanarane berre kan drøyme om? (Ill: Danmarkguide.dk)Den glade turisten er ein ein viktig person for økonomien på Cuba. Men er det ikkje litt rart å vere denne turisten, som veltar seg i luksus kubanarane berre kan drøyme om? (Ill: Danmarkguide.dk)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mykje umoralsk bensin


Det er vel det. Men det blir jo lett drikking og kjøping då og. Og mykje umoralsk bensin. Og så er det noko med den turistrolla. Eg er ikkje vand med å vere rik, eigentleg er eg jo berre ein heilt vanleg arbeidar, sjølv om eg tilfeldigvis bur i verdas rikaste land.

- Hallo, eg er ikkje millionær sjølv om eg kunne ha kjøpt meg ein bil eller eit hus.

- Hallo, eg er eit menneske av kjøt og blod, eg kjem frå eit land der det er lyst heile døgnet om sommaren og mørkt heile vinteren.

Hjelpe til


Viss ein har lyst til å bli kjend med folk, gjere noko anna enn å liggje på ei strand og bidra til den lokale økonomien gjennom å la seg bli oppvarta av dei lokale, finst det alternativ. Hos reisebyrået Kilroy som satsar på dei unge og idealistiske, kunne eg ha bestilt ei reise der eg deltok som

frivilleg

i hjelpeprosjekt. Eg kunne ha jobba med samfunnsutvikling, byggjeprosjekt, bevaring av dyr og natur eller sport, og det over heile verda.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den beste ferien, både for klimaet og for samvitet, er å bli heime. (Foto: hvati.is)Den beste ferien, både for klimaet og for samvitet, er å bli heime. (Foto: hvati.is)

Bli heime


Det beste for klimaet er sjølvsagt om ein greier å både flyge og kjøpe så lite som mogleg. Ein treng jo ikkje å reise så langt, det er koseleg og avslappande å spele krokket i hagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då kan ein kose seg i bingen sin og ta ferie frå alt, også frå den ubehagelege tanken på å vere rik og ha makt og at ein skulle ha nytta den makta.

Men når vi reiser, så er det jo ein sjanse for at det går litt meir inn på oss, viss vi får auge på noko bak luksushotellet og turistfasaden. Det er det jo berre å innsjå det, vi er dei rike. Og det er vi som kan gjere noko med det. Kronprinsen har rett. Og eg skjemst.

Ein viktig person


Kanskje eg skjønar litt korleis det er på Cuba når eg har vore der. Kanskje eg då kjem meg opp av sofaen litt lettare etterpå? Ein kan jo håpe. Inntil då får eg vere rik og gi mitt bidrag til den viktigaste inntektskjelda Cuba har. Nemleg oss rikingar som meskar oss med maten dei ikkje har råd til å ete sjølve.

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving