Verdas finaste foss
- Det blir førti kroner, og så får de sjå verdas finaste foss, seier Else Fjæra i bomstasjonen ved Langfoss i Etne.
Saken fortsetter under bildetLangfossen er vakrast i verda, synast turistane. (Foto: Toyni Tobekk)
ETNE, HORDALAND (ABC Nyheter) Vatn som dett ned frå fjell, det er noko vi har mykje av i Noreg. Men at vi skulle ha den finaste fossen i heile verda, var det kanskje ikkje alle som visste.
- Vi visste det ikkje, vi heller, før ein turist gjorde oss merksame på kåringa, seier Harald Fjæra, som driv kiosken ved Langfoss saman med kona Else.
Finast i verda
På nettstaden world-waterfalls.com var Langfoss heilt øvst på lista over dei finaste fossane i verda i slutten av førre veke. No på måndag har fossen deisa litt lenger ned på lista.
Men framleis er han aller øvst viss ein sorterer resultata etter venleik. Og finare enn Victoria Falls i Zimbabwe og Yosemite Falls i California er han i alle fall, ifølgje lista.
To andre norske
Naturleg nok er Else og Harald stolte over utmerkinga. Turistar frå heile verda har stemt på fossar ut frå kor vakre dei er, og kor lett det er å kome til fossen.
100 fossar frå alle verdsdelar står på lista, og saman med Langfoss har både Mardalsfossen i Mardalen og Ramnefjellsfossen i Stryn hamna blant dei ti beste.
Den beste kjøttsuppa
Heilt ukjende med utmerkingar er ikkje dei to. I fjor stakk Else i avgarde med prisen for den beste kjøttsuppa, riktignok ikkje i verda, men i alle fall på heile Vestlandet.
Fleskepannekakene og Åkrafjordspølsa frå kiosken smakar også godt, spør du Neste Klikk sin nynorskredaksjon.
Langfossen finn du ved Åkrafjorden i Etne i Hordaland.
Les meir på nettet:
Sjå lista over dei 10 og dei 100 finaste fossane i verda på
www.world-waterfalls.com
Sjå ein video av Langfossen
Velkommen til debatt
ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.
Tor Strand, redaktør.