Spar pengar, sjå landet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan vere både økonomisk og estetisk gevinst i å velje alternativ reiserute på Vestlandet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg har sett meg føre at eg skal prøve å reise frå Sandnes til Førde på to ulike vis: Ytre og indre stamveg.

Ferjefritt er det ikkje å reise på Vestlandet, uansett kva veg du vel å ta. (Foto: Jan Nordtveit)Ferjefritt er det ikkje å reise på Vestlandet, uansett kva veg du vel å ta. (Foto: Jan Nordtveit)

Utrusta med ein Opel Zafira, og utan passasjerar, vil eg forflytte meg nordover og sjå korleis lommeboka taklar turen.


Samanlikne pris


No vel, eg innrømmer det med ein gong: Eg har ikkje tenkt å faktisk køyre Sandnes - Førde - Sandnes, berre for å markere nokre poeng. Det eg derimot gjer, er å bruke nettbaserte karttenester til å hjelpe meg å rekne ut kor lang kvar tur blir i mil. Plussar eg på ferjebillettar og bompengar, skal eg kunne samanlikne prisen på den indre og den ytre turen.

Dyr veg


Ytre stamveg går frå by til by: Sandnes, Stavanger, Haugesund, Bergen, Førde. Totalt køyrer eg 35,83 mil på denne turen. Undervegs må eg løyse billett på tre ferjer og betale på tre bomstasjonar (sjå faktaboks). Eg har korkje klyppekort eller autopass, så det blir full pris alle stader.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland er ganske fin å kvile augene på. (Foto: Norsk Plan as)Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland er ganske fin å kvile augene på. (Foto: Norsk Plan as)

Opelen min brukar gjennomsnittleg 0,61 liter diesel på mila, og literprisen er no på 10,50 kroner. Eit par kjappe tastetrykk på kalkulatoren syner at eg vil bruke 229,53 kroner på diesel.

Saman med ferjebillettar og bompengar er eg oppe i 836,53 kroner. Ikkje så verst, tenkjer eg. Det er så eg har til kaffi og lefse, og, då.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Litt til overs


Skal eg ta same turen i den indre delen av Vestlandet, blir vegen noko meir krokut: Frå Sandnes går ferda via Ryfylke og Hardanger opp til Førde. På vegen må eg ta fire ferjer, men så er det ingen bomvegar her då. Enno.

Kilometerteljaren må gå nokre ekstra rundar her, og han endar på 49,90 mil. Med same bil og dieselpris som førre tur, blir det 319,62 kroner. Ferjebillettane kjem på 223 kroner. Til saman blir det 542,62 blanke norske kroner. Det er nesten tre hundre kroner billegare enn den ytre turen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Så kan det kanskje bli kjøtkaker og surkål på meg når eg kjem fram.

Det er noko med det, det norske landskapet tar seg gyselig godt ut sett ovanfrå. (Foto: bertur.pl)Det er noko med det, det norske landskapet tar seg gyselig godt ut sett ovanfrå. (Foto: bertur.pl)

Prislause inntrykk


Greitt nok, vil kanskje nokon seie, men tid er no også pengar. Det må nødvendigvis ta lenger tid å køyre dei 14 ekstra mila som indre veg utgjer?

Jau, det vil eg tru. Men tenk på opplevinga då! Å køyre gjennom ein norsk storby er ikkje akkurat noko som gir meg gåsehud nedover armane. Motorveg og høghus er ikkje noko festleg syn, og alle vegar leier jo som regel ikkje innom dei fine plassane i byen.

Men kom igjen når morelltrea bugnar og vatnet ligg damstilt over fjorden i Hardanger ei kveldsstund. Tenk deg at du kan passere lakseslott, isbrear, stavkyrkjer og helleristningar på di ferd gjennom det indre vestnorske.

Kan ein setje ein pris på det?

Reiserute Sandnes - Førde

Ytre tur:
Køyring: 358,3 km
Ferjer:

  • Mortavika - Arsvågen

  • Sandvikvåg - Hallhjem

  • Oppedal - Lavik

Bompengar:

  • Rennesøy, Stord og Bergen

Totalt: 836,53 kroner

Indre tur:
Køyring: 499,00 km
Ferjer:

  • Lauvik - Oanes

  • Hjelmeland - Nesvik

  • Brimnes - Bruravik

  • Vangsnes - Dragsvik

Totalt: 542,62 kroner




ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving