Du treng ikkje gjere det

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein gong for lenge sidan kila ein stor stein seg fast i ei kløft i fjellet. Denne steinen finst det eit utal fotografi av, ofte med ein dumdristig person oppå.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Herleg, herleg, men farleg, farleg.Herleg, herleg, men farleg, farleg.

Det er litt rart at det ikkje går gale oftare. Kvart år går tusenvis av folk opp til Kjerag, eit imponerande fjellplatå i Lysefjorden i Rogaland. Vegen dit er litt anstrengande, men ikkje meir enn at nokolunde trente folk ikkje har problem med å kome seg fram.

Herleg herleg, men farleg farleg

Når ein kjem fram til platået etter ei to timar lang vandring over tre toppar, er det ikkje berre enkelt å nyte utsikta. Det er tusen meter rett ned i fjorden, og på kanten er det laus jord og stein og ikkje noko å halde seg fast i. Eg akar meg forsiktig fram på magen, og føler meg ikkje akkurat trygg.

Michael Krüger frå Schleswig-Holstein i Tyskland innrømmer at han skalv litt i knea då han sto på steinen. Men han er glad for å ha bildet, for å terge kollegaene.Michael Krüger frå Schleswig-Holstein i Tyskland innrømmer at han skalv litt i knea då han sto på steinen. Men han er glad for å ha bildet, for å terge kollegaene.

Boltefeber


Det mest spennande med Kjerag er Kjeragbolten. Dei fleste, les eg på turbeskrivinga på eit skilt der vandringa byrjar, nøyer seg med å sjå på den store steinen som har stått kilt fast mellom fjellsidene sidan istida. Men den dagen eg er på Kjerag, er det boltefeber. Alle vil stå på Kjeragbolten. Og dei som ikkje vil, blir utsett for mildt press.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Galskap


Eg vil ikkje. Eg har sett bilde der galningar står og veivar med armane oppå steinen, og fått vondt i magen berre av å sjå på bilda. Ein fyr laga mat oppå steinen, ein annan gjorde akrobatiske øvingar med fleire stolar.

Denne dagen ser vi først fire folk oppå steinen på ein gong. Så ser vi ein gut som held kjærasten sin opp i lufta oppå steinen. Eg blir redd for at det skal gå gale, at nokon skal snuble, at dirrande kne skal gje etter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skulle berre sjå litt


Men så skal eg berre gå og sjå korleis det er, er det ikkje skummelt i det heile å kome seg ut til bolten? Nja, det ser no ikkje så verst ut. Plutseleg er eg utpå steinen. Eg er der dei andre var, dei dumdristige. Og der står venene mine og tar bilde av meg. Eg seier, leande, at eg ikkje vil reise meg opp. Så forstår eg at eg er på heilt feil plass, og får panikk. Kva gjer eg her? Eg vil heim!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Artikkelforfattaren i ein ikkje heilt heltemodig posisjon, 1000 meter over bakken.Artikkelforfattaren i ein ikkje heilt heltemodig posisjon, 1000 meter over bakken.

Nær døden


Kjærasten min er skrekkslagen og vil setje igang ein redningsaksjon. Men eg greier å redde meg sjølv. Eg kryp vekk frå steinen, nokre sekund er det ikkje rare greiene som skal til for at eg skal styrte ned i avgrunnen. Men eg greier å kome meg velberga tilbake til platået. Etterpå kjenst det som om eg har vore nær døden.

Du treng ikkje å gjere det


Eg ser ein fyr som er veldig nervøs. Venene hans vil at han skal gå ut på steinen. Han har prøvd fleire gonger, utan å greie det. Han vil ikkje, han er heilt skjelven. Eg seier at han ikkje må gjere det viss han er redd. Det er ikkje venene hans som skal bestemme det, seier eg. - Eg var der ute på steinen, det var grusomt, seier eg. Eg prøver å lage eit mottrykk mot presset som ligg der som seier at alle må ut på steinen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utsikten nytast tryggast liggjande. Verena Hamann på kanten av stupet.Utsikten nytast tryggast liggjande. Verena Hamann på kanten av stupet.

Ikkje for dei svimle


Det er fleire språk å høyre på platået og på vegen dit. I tillegg til nordmenn møter vi mest danskar og tyskarar. Ein tysk mann vi treff på vegen, fortel at han måtte følgje kona si ned til restauranten på byrjinga av turen, ho fekk høgdeskrekk og ville heller sjå på utsikta frå kaffebordet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Verena Hamann og Michael Krüger er på besøk hos bror til Michael som jobbar i Noreg. Dei kjem frå delstaten Schleswig-Holstein i Tyskland, der det høgaste «fjellet» er 160 meter høgt.

Verena Hamann nøyer seg med å sjå på steinen.Verena Hamann nøyer seg med å sjå på steinen.

- For oss er dette nokså utfordrande, seier Michael om turen til Kjeragplatået.

- Men det løner seg, berre ein har gode nok sko og ikkje blir svimmel i stigningane.

Bayern-München


Michael har med seg eit supporterskjerf frå Bayern-München, som er favorittklubben hans. Det har han planer om å late seg bli fotografert med på den berømte steinen, viss han tør å gå ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det kan jo ikkje vere så farleg, når så mange går ut der. Til og med far min har vore der. Dessutan vil eg gjerne ha det bildet, for å irritere kollegaene mine, som heiar på HSV (Hamburger Sportsverein).

Det finst mange andre steinar ein kan leike akrobat oppå. Stefan Krüger nøyer seg med ein mindre farleg ein.Det finst mange andre steinar ein kan leike akrobat oppå. Stefan Krüger nøyer seg med ein mindre farleg ein.

Han tør. Michael står på steinen, Verena tar bilde.

- Eg blei litt skjelven i knea der ute, innrømmer han etterpå. Men han er glad for å ha bildet.

Spurde knea


- Eg spurde knea mine om dei hadde lyst til å gå ut der, det hadde dei ikkje, seier Verena.

- Det er ingen vits å tøye grensene for langt viss ein ikkje har noko god kjensle, fortset ho.

Det er eg einig i. Eg får lyst til å setje opp eit skilt der det står:

«Du treng ikkje gjere det».

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving