Gebyr for å besøkje Svalbard

Alle som kjøper fly- eller cruisebillettar til Svalbard må frå 1. januar 2007 betale eit miljøgebyr på 150 kroner.

(Foto: cittagazze.com)(Foto: cittagazze.com)

(NPK): Det har Miljøverndepartementet bestemt. Dei fastbuande skal sleppe å betale, men må til sysselmannen for få refundert beløpet.

Det er mange år sidan Stortinget opna for at det skal kunne krevjast inn eit miljøgebyr for å vitje Svalbard.

Pengane skal gå til eit fond som skal bøte på skader som turistar påfører naturen. Slike ordningar eksisterer mange stader rundt om i verda. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy