Ny lågprisrute Bergen - Riga

Etter å ha trafikkert strekninga Oslo - Riga i to år, opnar flyselskapet Air Baltic i påska ei ny direkterute mellom Bergen og den latviske hovudstaden.

(Foto: free4uwallpapers.nl)(Foto: free4uwallpapers.nl)

(NPK): Selskapet skal flyge ruta tre gongar per veke med ei Boeing 737-maskin, og satsar på å lokke passasjerar med lågprisbillettar frå 50 kroner.

Det elleve år gamle flyselskapet opererer i dag ei lang rad internasjonale ruter til og frå Riga i Latvia og Vilnius i Litauen.

Staten i Latvia er hovudeigar av Air Baltic med SAS som nest største eigar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy